1. Sammendrag

1.1 Innleiing

I Prop. 15 S (2023–2024) vert det fremja forslag om endringar av løyvingane under enkelte kapittel under programområde 09 Arbeid og sosiale formål, programområde 29 Sosiale formål, folketrygda, programområde 33 Arbeidsliv, folketrygda, og enkelte av inntektene for 2023.

Dei reviderte overslaga for folketrygda sine utgifter og inntekter i 2023 bygger i hovudsak på tal frå rekneskap per 30. september 2023.

Det vert fremja forslag om å redusere løyvingane under utgiftskapitla under programområde 09 Arbeid og sosiale formål med 1 431 mill. kroner, å auke løyvingane under programområde 29 Sosiale formål, folketrygda med 4 793 mill. kroner og å auke løyvingane under programområde 33 Arbeidsliv, folketrygda med 1 505 mill. kroner. Samla vert det foreslått at løyvingane under utgiftskapitla blir auka med 4 866 mill. kroner.

Det vert fremja forslag om å redusere løyvingane for inntekter under inntektskapitla med 50 mill. kroner.

I tillegg omhandlar innstillinga forslag til endringar i statsbudsjettet 2023 under:

  • Kommunal- og distriktsdepartementet, kap. 505, 3505, 3506, 3507 og 5607.

  • Nærings- og fiskeridepartementet, kap. 2540.

  • Olje- og energidepartementet, kap. 1812 og 4812.