2. Merknader frå komiteen

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Kari Henriksen, Frode Jacobsen og Kirsti Leirtrø, frå Høgre, leiaren Peter Frølich og Svein Harberg, frå Senterpartiet, Nils T. Bjørke, frå Framstegspartiet, Carl I. Hagen, frå Sosialistisk Venstreparti, Audun Lysbakken, frå Raudt, Seher Aydar, frå Venstre, Grunde Almeland, og frå Miljøpartiet Dei Grøne, Lan Marie Nguyen Berg, viser til Riksrevisjonen si undersøking Dokument 3:8 (2023–2024) Myndighetenes tilrettelegging for deling og gjenbruk av data i forvaltningen. Komiteen viser til at undersøkinga mellom anna har teke utgangspunkt i dei følgjande vedtaka og føresetnadene frå Stortinget:

  • Lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker

  • Lov om behandling av personopplysninger

  • Innst. 94 S (2016–2017) Digital agenda for Norge – IKT for en enklere hverdag og økt produktivitet

  • Digitaliseringsstrategien for offentlig sektor 2019–2025

Komiteen viser til at målet med undersøkinga har vore å undersøke i kva grad styresmaktene legg til rette for deling og gjenbruk av data mellom offentlege verksemder. Perioden for undersøkinga var frå 2021 til mai 2023.

Komiteen viser til konklusjonane til Riksrevisjonen:

  • Offentleg sektor har mykje data som ikkje vert delt og gjenbrukt

  • Det er framleis betydelege barrierar for deling og gjenbruk av data

    • Manglande og seine avklaringar av juridiske problemstillingar hindrar deling og gjenbruk av data

    • Mange verksemder har ikkje god nok oversikt over eigne data

  • Styringa og samordninga av datadelinga fungerer ikkje godt nok til å løyse sektorovergripande utfordringar.

Komiteen sluttar seg til Riksrevisjonen sine konklusjonar. Komiteen viser til at Riksrevisjonen peikar på at det er omfattande deling av data i offentleg sektor og at det finst mange døme på deling av data i digitale prosessar i forvaltninga og i digitale tenester som har ulike brukarar. Komiteen viser til at undersøkinga viser at det er eit stort potensial for å dele meir data, og at dette er eit område offentleg sektor må arbeide meir med vidare.

Komiteen viser til at Riksrevisjonen konkluderer med at det ikkje er tilfredsstillande at Kommunal- og distriktsdepartementet gjennom styring og samarbeid med dei andre departementa ikkje har lagt betre til rette for å dela og gjenbruka data innan offentleg sektor. Komiteen stiller seg bak denne kritikken.

Komiteen viser til dei tilrådingane Riksrevisjonen gir til Kommunal- og distriktsdepartementet:

  • Tydeleggjering av dei andre departementa sitt ansvar for å prioritera og leggja til rette for deling og gjenbruk av data

  • Ta ei tydeleg rolle for å koordinera og stilla krav til deling og gjenbruk av data i offentleg sektor.

Komiteen sluttar seg til Riksrevisjonen sine tilrådingar. Komiteen merkar seg at statsråden svarer at denne vil arbeide for at utfordringane blir tekne tak i og følgde opp. Vidare registrerer komiteen at det frå 1. januar 2024 er oppretta eit eige Digitaliserings- og forvaltingsdepartement, som vil ha koordineringsansvar for området vidare.

Digitaliseringsministeren er i sitt svar tydeleg på at desse problemstillingane vil bli handsama i tida framover på ein måte som sikrar samordning, betre gjenbruk og oppfølging i dei andre departementa.

Komiteens medlem fra Rødt merker seg at Arbeidstilsynet må be om inntektsopplysninger fra Skatteetaten eller fra arbeidsgiver. Dette medlem peker på at Arbeidstilsynet selv ikke har tilgang til inntektsopplysninger eller kontoopplysninger, noe som er en reell ulempe når det er Arbeidstilsynet som skal kontrollere at lønn er i samsvar med minstelønn i allmenngjort område.