Søk

Innhald

1. Sammendrag

1.1 Innleiing

Kultur- og likestillingsdepartementet viser til at utgangspunktet for kunstnarpolitikken til regjeringa er eit velfungerande og godt samfunn som inneheld og legg til rette for kunst og kunstnarar – fordi kunst bidreg til meiningsfulle liv og dimed meiningsfull samfunnsutvikling, men òg fordi kunsten er ein viktig del av den demokratiske infrastrukturen, som rom for frie ytringar og diskusjon.

I det samfunnet regjeringa ønskjer seg framover, finst det kunst av høg kvalitet, det finst mykje forskjellig kunst, og det finst profesjonelle, levande kunstnarmiljø og god tilgang til å møte kunst for alle over heile landet. Dette krev òg ein aktiv kunstnarpolitikk.

I meldinga legg regjeringa fram sine ambisjonar for kunstnarkåra i åra som kjem. Det overordna målet for regjeringa er at kunstnarpolitikken framover skal bidra til at kunstnarane

  • har gode moglegheiter til å verke som kunstnarar nasjonalt og internasjonalt,

  • får rimeleg betaling for kunstnarleg arbeid og er tydeleg inkluderte på kunstnarrelevante politikkområde, og

  • kan verke over heile landet.

Meldinga har to delar. Den første delen skildrar kort utviklinga av kunstnarfeltet.

Den andre delen av meldinga teiknar vegen vidare for kunstnarkåra i åra som kjem, formulerer mål for utvikling av feltet, og legg fram tiltak og vidare prioritering.

1.2 Del I – Bakgrunn og skildring av feltet

1.2.1 Kunstfelt og kunstnarkår

Mykje av dagens kunstnarpolitikk vart utvikla i ei tid då det som i dag kan kallast ei tradisjonell inndeling av kunstfelt, la premissane. Verkemiddel har i stor grad vakse fram med tanke på kunstfelta musikk, visuell kunst, litteratur, scenekunst og audiovisuell kunst, og nye tiltak har funne sin plass ut frå denne inndelinga. Den same inndelinga finn vi att i dei aller fleste kulturpolitiske innretningane.

I meldinga vert det peika på at det også framover nok vil vere logisk å leggje den tradisjonelle inndelinga til grunn for kunstnarpolitikken, sjølv om det finst ei rekkje uttrykk og arbeidsformer som er tverrkunstnarlege og ikkje så lett lèt seg plassere. Ikkje minst følgjer etablerte infrastrukturar, organisering av aktørar, fagmiljø og kompetanse ei slik inndeling og utgjer både historikken og identiteten til dei ulike felta. Men fleire problemstillingar må drøftast på tvers. Ei rekkje nye uttrykk og praksisar er under utvikling og veks fram i kjølvatnet av den digitale transformasjonen, og desse må òg inkluderast i politikken på ein god måte. Dette fordrar ein kunstnarpolitikk som er fleksibel i verkemiddel og forvaltning, om ein vil unngå sementerte strukturar og faste posisjonar.

I forkant av meldinga gjennomførte Telemarksforskning ei kunstnarundersøking, basert på registerdata og spørjeundersøking, for å få oppdaterte opplysningar både om kor mange kunstnarar vi har i Noreg, om sosiodemografiske kjenneteikn og om korleis den økonomiske situasjonen for kunstnarane ser ut. Av omsyn til personvernet bidrog ikkje fem organisasjonar med medlemslister til undersøkjinga. At store kunstnargrupper ikkje inngår i undersøkinga, har mellom anna som konsekvens er at departementet ikkje har sikker kunnskap om kor mange kunstnarar som verkar i Noreg i dag. I Kunstnerundersøkelsen 2013 vart dette talet rekna ut til 23 745, men korleis det eventuelt har endra seg dei siste ti åra, veit ein ikkje sikkert. Det har heller ikkje vore mogleg å leggje til grunn samla tal for alle kunstnarar i Noreg når det gjeld sosiodemografiske kjenneteikn eller økonomi. For dei kunstnargruppene som deltok i undersøkinga, har kombinasjonen av registerdata og surveyundersøking likevel gjort at det kan teiknast eit godt bilete av både dei sosiodemografiske kjenneteikna og inntektssituasjonen for dei enkelte gruppene. Det er dette materialet som ligg til grunn for gjennomgangen i meldinga.

Kapittel 2 i meldinga gir eit historisk tilbakeblikk og skildrar dei ulike kunstfelta med vekt på sosiodemografiske kjenneteikn og økonomi, infrastrukturen rundt dei ulike kunstnarane, og korleis digitaliseringa verkar inn på dei ulike kunstfelta. Kapittelet tek òg opp samiske kunstpraksisar og vilkåra for samiske kunstnarar og kunstnarar med bakgrunn frå nasjonale minoritetar.

1.2.2 Tverrgåande utviklingstrekk og problemstillingar

Dei ulike kunstfelta har litt ulike utfordringar og problemstillingar som må gripast fatt i for seg. Likevel er det nokre større, tverrgåande problemstillingar som kunstnarpolitikken òg må ta omsyn til. Den digitale transformasjonen fører med seg store endringar på dei fleste samfunnsområda. Innanfor kunsten gjev denne transformasjon litt ulike utslag og utfordringar for ulike felt, og nokre av dei er omtalte i kapittel 2 i meldinga. Ei felles utfordring er likevel at bruken av tradisjonelle kunstarenaer vert utfordra av nye vanar for kulturkonsum knytte til digitale flater og auka tilgang og tilbod. Konkurransen om merksemda frå publikum vert større, og nye strukturar for både produksjon og formidling veks fram ved sida av dei tradisjonelle.

Vidare er klimautfordringar og berekraft eit område som vil prege kunstfelta og kunstnarpolitikken framover. Det same er varetaking av kulturelt mangfald og sikring av ytringsfridom og sunne ytringsrom. Desse områda er nærare omtalte i kapittel 3 i meldinga.

1.3 Del II – Mål for utvikling av feltet

1.3.1 Mål 1: Gode moglegheiter til å verke som kunstnar nasjonalt og internasjonalt

Regjeringa har som mål å leggje til rette for at kunstnarar skal ha gode moglegheiter til å verke som kunstnar, både nasjonalt og internasjonalt. Kunstnarpolitikken må difor innrettast slik at han legg til rette for produksjon og utvikling av eit breitt spekter av kunstuttrykk og kunstsjangrar. Kunstnarpolitikken kan ikkje sikre at alle som vil det, kan leve som fulltidskunstnarar, men politikkutforminga skal bidra til at fleire kunstnarar får rimeleg betalt for arbeidet sitt. Offentleg støtte, som statlege stipend og støtteordningar, kompenserer for ein avgrensa marknad og medverkar til eit breitt og mangfaldig kulturtilbod. Det gjev kunstnarar inntekter og økonomisk tryggleik og tid til å skape, utvikle og produsere kunst og kulturelle uttrykk og opplevingar, uavhengig av etterspurnaden i marknaden.

Gjennom lover sikrar staten kunstnarane sine rettar, og vederlaget dei skal ha for bruken av verka og arbeida deira. Som innkjøpar sørgjer staten for inntekter til kunstnarar, og gjennom tilskot og støtteordningar medverkar staten til at ulike kunstuttrykk vert laga og gjorde tilgjengelege for publikum. Statlege løyvingar til kunstinstitusjonar gjev oppdrag og faste eller mellombelse stillingar til utøvande og skapande kunstnarar.

Ein viktig premiss for kunstpolitikken til regjeringa er at kunsten skal vere fri frå politisk innblanding og kunne utvikle seg på eigne premissar og etter kunstfagleg drivne standardar for kvalitet og fagleg utvikling. Samtidig må politikken innrettast slik at det er rom for eit mangfald av ulike kunstsyn og kunstpraksisar. Regjeringa ønskjer eit mangfaldig og kvalitativt sterkt kunstfelt. Regjeringa ønskjer òg å sikre ei ryddig forvaltning av støtteordningar, stipend og tilskot, som følgjer regelverk og gode forvaltningsmessige prinsipp og sikrar likebehandling, habilitet og openheit.

For den samiske befolkninga og for nasjonale minoritetar ligg prinsippet om at dei sjølve skal kunne forvalte eigen kunst og kulturarv, til grunn for kunstnarpolitikken. Sametinget har det overordna ansvaret for dette for dei samiske kunstnarane sin del, men dei samiske kunstnarane skal òg omfattast av den nasjonale kunstnarpolitikken. Regjeringa sin ambisjon om eit nytt kulturløft inneber òg eit løft for samisk kunst og kultur og for kulturen til nasjonale minoritetar. Ambisjonen er at kunst- og kulturaktørar i den samiske befolkninga og blant nasjonale minoritetar skal kunne verke på likeverdige premissar som andre aktørar i kunst- og kulturfeltet.

Internasjonal aktivitet og internasjonalt samarbeid står sentralt i arbeidet til mange kunstnarar. Å verke internasjonalt kan bidra til at kunstnarar får inspirasjon og fagleg og kunstnarleg utbyte – i tillegg til at det gjev dei høve til oppdrag og inntekter. Regjeringa vil leggje til rette for at kunstnarar framleis skal verke internasjonalt. Regjeringa vil òg styrkje innsatsen for å fremje kunstnarleg fridom og ytringsfridom i internasjonale forum og bilaterale samarbeid.

I kapittel 4 i meldinga omtalar departementet armlengds avstand-prinsippet, metoden med fagfellevurderingar, ordningar og støtte frå Kulturrådet og Fond for lyd og bilete, og ordninga med statleg finansierte kunstnarstipend.

Regjeringa vil:

  • sikre at Norsk kulturfond og Fond for lyd og bilete har ei føreseieleg finansiering

  • halde fram med opptrappinga av ordningane under Statens kunstnarstipend

  • sikre at forvaltninga av Statens kunstnarstipend, så vel som kvotefordelinga, er fleksibel nok til å møte utviklinga i kunstnarbefolkninga, i kunstfelta og i kunstuttrykka

  • at utvalet for Statens kunstnarstipend skal vedta kvotefordelinga etter ein høyringsrunde blant kunstnarorganisasjonane

  • at departementet sett i gang eit arbeid med å utarbeide ein konkret plan for korleis sekretariatsfunksjonen i stipendkomiteane gradvis og føremålstenleg kan overførast til Kulturdirektoratet

  • leggje til rette for at medlemene i komiteane får honorar på lik linje med fagutvala i Kulturrådet og Fond for lyd og bilete, der oppdrag frå staten vert honorerte av staten

  • revidere forskrift om statens stipend og garantiinntekter for kunstnere, mellom anna med sikte på å sikre ei ryddig forvaltning og ein demokratisk og mangfaldig representasjon av kunstnarar og organisasjonar i stipendkomiteane

  • utvide aldersgrensa for nye stipend for seniorkunstnarar og etablerte kunstnarar til 70 år

  • greie ut opptening av pensjon på langvarige stipend.

1.3.2 Sentrale statlege etatar og verksemder på kunstfeltet

I tillegg til ordningar forvalta av dei kollegiale organa som er omtalte i førre kapittel, har fleire statlege etatar ansvar for ulike verkemiddel som er viktige for kunstnarane. Kulturdirektoratet, Kunst i offentlege rom (KORO) og Norsk filminstitutt har til dømes alle søkbare ordningar som er viktige for kunstnarleg aktivitet og utvikling på kunstfelta. Også Kulturtanken – Den kulturelle skulesekken Noreg er ein viktig aktør for kunstfelta. Oppgåvene og ordningane til alle desse er omtalte i kapittel 5 i meldinga.

Det vert i meldinga også peikt på at offentleg finansierte kunst- og kulturinstitusjonar er spreidde over heile landet. Desse institusjonane er autonome kunstnarlege aktørar, men inngår i kunstnarpolitikken på fleire måtar. Dei er viktige som arbeids- og oppdragsgjevarar, men òg som faglege møteplassar, kompetanseaktørar og samarbeidspartnarar for kunstnarlege initiativ utanfor institusjonane sjølve.

Regjeringa vil:

  • prioritere likestilling og mangfald på det audiovisuelle feltet og sikre finansiering av filmfondet

  • sikre god økonomi for kunstinstitusjonar over heile landet

  • setje i gang og følgje opp arbeidet med ei offentleg utgreiing om musikk (NOU)

  • etablere ei ordning som kan bidra til at etablerte grupper/einingar på scenekunstfeltet kan drive langsiktig og føreseieleg

  • forme ut ei insentivordning for ny norsk dramatikk.

1.3.3 Urfolk og nasjonale minoritetar

Kunstnarpolitikken skal ta omsyn til at det samiske samfunnet og dei nasjonale minoritetane sjølve skal kunne forvalte sin eigen kunst og kulturarv, og samtidig sjå til at denne òg er omfatta av den nasjonale kulturpolitikken.

Regjeringa sin ambisjon om eit nytt kulturløft skal òg innebere eit løft for samisk kunst og kultur. Ambisjonen for den samiske delen av kulturløftet er at samiske kunst- og kulturaktørar skal kunne verke på likeverdige premissar som andre aktørar i kunst- og kulturfeltet.

Kunstnarar frå dei nasjonale minoritetane er ikkje organiserte i eigne kunstnarorganisasjonar. Dess viktigare er infrastrukturen og institusjonane for kulturen deira, til dømes Kvääniteatteri AS.

Sannings- og forsoningskommisjonen la fram rapporten sin i juni 2023. Kulturpolitikken og kunst- og kulturfeltet vil spele ei viktig rolle i oppfølginga av rapporten.

Regjeringa vil:

  • samarbeide med Sametinget om eit utgreiingsarbeid om korleis støtteordningar for den samiske kunsten best kan møte ambisjonen om sjølvbestemming og likeverd

  • sikre drifta av det samiske kunstnarkollektivet Daíddadállu

  • bidra til arbeidet Sametinget gjer for å betre driftsvilkåra for dei samiske musea

  • halde fram med å sikre framdrift i prosjektet om nye lokale for RiddoDuottarMuseat

  • bidra til arbeidet Sametinget gjer for å sikre gode rammevilkår og utviklingsmoglegheiter for det samiske nasjonalteateret Beaivváš i Kautokeino

  • støtte arbeidet Arkivverket og Samisk arkiv gjer for å tilgjengeleggjere joikearkivet for den samiske befolkninga

  • stimulere til samlingsutvikling og innkjøp av samisk kunst

  • halde fram med å fremje relevante urfolkssaker i det nordiske samarbeidet

  • sikre drifta til Kvääniteatteri AS

  • vurdere rapporten frå sannings- og forsoningskommisjonen i eit kulturpolitisk perspektiv og følgje opp med tiltak.

1.3.4 Internasjonalt samarbeid

Internasjonal utveksling av kunstnarlege impulsar er ein sentral del av kunstfelta og den kunstnarlege utviklinga og profesjonaliseringa. Den internasjonale aktiviteten til kunstnarane bidreg óg til utvikling av kulturtilbodet i Noreg. Med globalisering og digitalisering vert skiljet mellom nasjonal og internasjonal kunst og kultur stadig mindre tydeleg.

Kultur- og likestillingsdepartementet og Utanriksdepartementet arbeider saman for å sikre at den statlege innsatsen fører til at ein når dei kultur- og utanrikspolitiske måla, og støttar opp om utviklinga i kunstfelta og kulturbransjane.

I kapittel 7 i meldinga vert det blant anna peikt på internasjonale samarbeidsprogram og nettverk som bidreg til at norske kunstnarar og kulturutøvarar kan reise og opphalde seg i andre land og vice versa. Samanslutninga Norwegian Arts Abroad fremjar kunst og kultur frå Noreg internasjonalt i samarbeid med Utanriksdepartementet, og utanriksstasjonane spelar også ei viktig rolle i å promotere norsk kunst og kultur, i tillegg til at Kulturdirektoratet og Norsk filminstitutt følgjer opp ei rekkje internasjonale oppgåver på sine felt.

Deltaking i EUs kulturprogram Kreativt Europa gjev kunstnarar frå Noreg høve til å samarbeide internasjonale på ei rekke arenaer og gjennom eit mangfald av nettverk. EØS-midlane bidreg også til at norske kunstnarar kan få i stand kultursamarbeid på tvers av landegrensene. Dessutan gjev samarbeidet gjennom Nordisk ministerråd og Nordisk kulturfond store moglegheiter for aktivitet og utveksling for norske kunstnarar.

Regjeringa vil:

  • setje i verk ein spissa internasjonal innsats som ein del av kulturløftet. Utanriksdepartementet og Kultur- og likestillingsdepartementet legg prioriteringane og gjennomfører satsingane i fellesskap

  • arbeide aktivt med å fremje kunstnarleg fridom og ytringsfridom som ein del av det internasjonale arbeidet

  • vidareføre støtteordningar som bidreg til at kunstnarar frå Noreg kan verke internasjonalt.

1.3.5 Juridiske verkemiddel

Som politikkområde er kunst- og kulturfeltet i lita grad lovregulert. Likevel er det nokre lover som er viktige også i kunstnarpolitisk samanheng. Heilt sentralt her står åndsverklova. Regjeringsforslaget til revidert kulturlov og ny boklov vil òg ha direkte eller indirekte innverknad på forhold som vedkjem kunstnarane på ulikt vis.

I kapittel 8 i meldinga er det ein kort omtale av desse lovene.

1.3.6 Mål 2: Rimeleg betaling for kunstnarleg arbeid og tydeleg inkludert på kunstnarrelevante politikkområde

Regjeringa har som mål at kunstnarar skal få rimeleg betaling for kunstnarleg arbeid, og at dei er tydeleg inkluderte i kunstnarrelevante politikkområde. Hovuddelen av kunstnarane er organiserte som frilansarar og sjølvstendig næringsdrivande. Det gjev kunstnarar som gruppe nokre særskilde utfordringar som ikkje einsidig kan løysast med kunst- og kulturpolitiske verkemiddel. Difor går ein òg gjennom andre kunstnarrelevante politikkområde, som arbeids- og velferdspolitikken, pensjons-, skatte- og næringspolitikken, og ein føreslår tiltak som vil bidra til å forenkle og forbetre vilkåra for kunstnarar.

Samtidig med at kunstnarpopulasjonen har auka, ser det ut til å bli færre faste tilsetjingar ved kunst- og kulturinstitusjonane. Kunstnarar som har ei fast tilsetjing, har betre økonomi og sosiale rettar enn frilansarar og sjølvstendig næringsdrivande kunstnarar, og dette speler difor inn på arbeidskåra til kunstnarane. Somme oppdragstakarar opptrer som arbeidstakarar, men har likevel ikkje ei tilsetjing. Dette gjeld også for kunstnarar. Etter forslag frå regjeringa har Stortinget vedteke å tydeleggjere arbeidstakaromgrepet i arbeidsmiljølova, slik at dei som reelt sett er å rekne som arbeidstakarar, også vert klassifiserte som dette. Endringane vil vere svært viktige for dei det gjeld. Samtidig vil mange kunstnarar framleis vere frilansarar og sjølvstendig næringsdrivande.

Kunsten har ein naudsynleg plass og funksjon i samfunnet. Gratisarbeid og underbetaling kan likevel vere ei utfordring for mange sjølvstendig næringsdrivande kunstnarar. Maktforholda er gjerne skeive, og det er ofte opp til kvar enkelt kunstnar å forhandle fram vilkår for honorar. Utgangspunktet til regjeringa er at kunstnarar er arbeidsfolk som har krav på rimeleg betaling, også når dei er oppdragstakarar. Samtidig kan det å fastsetje verdien på kunst og kunstnarleg arbeid vere ei krevjande øving. Difor vil regjeringa at det skal utviklast overordna verdiprinsipp som skal fungere som ein standard for rimeleg betaling for kunstnarleg arbeid. Kunstnarane sin posisjon kan bli styrkt gjennom eit organisert arbeidsliv. Regjeringa vil føre ein politikk som stimulerer til auka organisasjonsgrad og eit forsterka trepartssamarbeid på kunstfeltet. Regjeringa vil òg styrkje kunnskapsgrunnlaget om økonomien og arbeidsmarknaden i kultursektoren og på dei ulike kunstfelta.

I takt med den aukande teknologiske og digitale utviklinga er det dessutan behov for meir regulering og samarbeid på internasjonalt og europeisk plan for å fremje norske kulturuttrykk og norskspråkleg innhald og for å vareta kunstnarane sine økonomiske rettar digitalt.

I kapittel 9 i meldinga vert kunstnarøkonomien og arbeidsvilkåra for kunstnarane utdjupa.

Regjeringa vil:

  • kome attende til korleis ei eigna oppfølging av endringane av arbeidstakaromgrepet i arbeidsmiljølova kan sikrast

  • gje Kulturdirektoratet i oppdrag å utarbeide ein strategi for rimeleg betaling til kunstnarar og forslag til overordna verdiprinsipp. Arbeidet skal gjennomførast i samråd med kunstnarorganisasjonar og statleg finansierte kunst- og kulturinstitusjonar

  • i tildelingsbrev frå Kultur- og likestillingsdepartementet be statleg finansierte kunst- og kulturinstitusjonar rapportere om bruk og honorering av sjølvstendig næringsdrivande kunstnarar

  • føre ein politikk som stimulerer til auka organisasjonsgrad på kunstfeltet, og vurdere tiltak som kan bidra til eit forsterka trepartssamarbeid

  • styrkje kunnskapsgrunnlaget og samordne og tilgjengeleggjere eksisterande kunnskap om økonomien og arbeidsmarknaden i kultursektoren og på dei ulike kunstfelta.

1.3.7 Andre politikkområde som er relevante for kunstnarar

Som omtalt i førre kapittel, skil arbeidsmarknaden for kunstnarar seg vesentleg frå resten av den norske arbeidsmarknaden ved at hovuddelen av kunstnarane er frilansarar eller sjølvstendig næringsdrivande. Utfordringar knytte til føretaka, arbeidsvilkåra og økonomien til kunstnarane ligg difor ikkje berre innanfor Kultur- og likestillingsdepartementet sitt ansvarsområde. Dei må løysast ved hjelp av kunstnarrelevante tiltak på andre politikkområde, som den generelle næringspolitiske innsatsen, rapportering og skattereglar og tiltak på det arbeids- og velferdspolitiske området. Kapittel 10 i meldinga gjev eit oversyn over sentrale verkemiddel som ligg utanfor dei kunst- og kulturpolitiske verkemidla, men som er sentrale rammevilkår for verksemdene og arbeidsvilkåra til kunstnarar, som rapporteringskrav og skattereglar for sjølvstendig næringsdrivande, sosiale rettar, pensjon og kompensasjon for arbeidsløyse og mangel på oppdrag.

Regjeringa vil:

  • redusere kostnadene til næringslivet ved å forenkle styresmaktskrav og -rapportering. Ved nye reguleringar skal det som hovudregel vurderast om små selskap kan få spesielle tilpassingar eller unntak

  • vurdere utforminga av dei frivillige forsikringsordningane for tilleggssjukepengar for frilansarar og sjølvstendig næringsdrivande i folketrygda

  • vurdere behov for tiltak knytte til Arbeids- og velferdsetatens rettleiing om og forvaltning av dei rettane frilansarar og sjølvstendig næringsdrivande har i folketrygda

  • vurdere behov for informasjonstiltak retta mot frilansarar og sjølvstendig næringsdrivande generelt, og innanfor kunstfeltet spesielt

  • gjennomføre ein skriftleg innspelsrunde for å få meir kunnskap om utfordringar knytt til frilansarar og sjølvstendig næringsdrivande sine rettar

  • vurdere grensa for når det skal gjerast ei skjønsfastsetjing av sjukepengegrunnlaget for arbeidstakarar og frilansarar.

1.3.8 Opphavsrettslege vederlag og kulturpolitiske ordningar

Når ein opphavar gjev samtykke til bruk av åndsverk etter åndsverklova, skal det som regel betalast eit økonomisk rimeleg vederlag. Kunstnarar kan velje å la ein forvaltningsorganisasjon ta hand om dei økonomiske rettane til eit verk etter åndsverklova.

Åndsverklova inneheld òg reglar som inneber at verk kan brukast utan samtykke frå opphavaren. Staten kompenserer for noko av denne bruken mellom anna via fond og vederlagsordningar.

I kapittel 11 i meldinga er det ein kort presentasjon av rettshavarorganisasjonane TONO og BONO og deira vederlagsordningar, i tillegg til andre vederlagsordningar med tilknyting til opphavsretten. Andre kulturpolitiske ordningar finansierte over statsbudsjettet som er omtalte i meldinga er bibliotekvederlag, visningsvederlag for utnytting av visuelle verk ved offentlege eller offentleg støtta institusjonar, musikk brukt i gudsteneste m.m., og utstillingsvederlag ved statleg støtta kunstutstillingar.

Regjeringa vil:

  • sjå nærare på kompensasjonsordninga for kopiering til privat bruk

  • reforhandle avtalen om utstillingsvederlag slik at han er tilpassa dagens kunstnarlege praksisar og utviklinga på kunstfeltet

  • at institusjonar med statleg tilskot skal rapportere om utbetalt vederlag og honorar til kunstnarar og sjølve føre statistikk.

1.3.9 Digitalisering og internasjonal regulering

Den teknologiske og digitale utviklinga påverkar og endrar korleis kunst og kulturelt innhald vert skapt, distribuert og brukt. Utviklinga endrar rammevilkåra og utfordrar etablerte strukturar og lovverk for både aktørane, rettshavarane og brukarane.

Meldinga gjer nærare greie for nye tiltak og regelverk i EU som har til føremål å styrke posisjonen til artistane, kunstnarane og skaparane. Desse tiltaka er ein del av strategien for ein digital fellesmarknad (Digital Single Market, DSM). Eit av tiltaka har vore ei reform av reglane om opphavsrett. Som følgje av det har EU vedteke fem nye rettsakter i ein «opphavsrettspakke». Av desse rettsaktene er det særleg digitalmarknadsdirektivet ((EU) 2019/790) som er viktig for kunstnarar.

Digitalmarknadsdirektivet er enno ikkje formelt gjort til ein del av EØS-avtalen. Den førebelse vurderinga er at direktivet er EØS-relevant og akseptabelt og difor vil verte gjennomført i norsk rett.

Departementet planlegg ei samla gjennomføring av digitalmarknadsdirektivet og det såkalla nett- og vidaresendingsdirektivet ((EU) 2019/789), som regulerer opphavsrettslege spørsmål i samband med visse nettoverføringar og vidaresending av radio- og TV-program. Kulturdepartementet sende 18. desember 2020 ut ein invitasjon til å kome med skriftlege innspel til gjennomføringa av direktiva. Departementet fekk inn ca. 50 innspel innan fristen 26. mars 2021. Departementet tek på bakgrunn av dette sikte på å sende ut høyringsnotat i løpet av 2023, og deretter fremje ein proposisjon for Stortinget.

I meldinga er det gjort greie for definisjonar av kunstig intelligens (KI), som er eit felles namn på ei rekkje ulike teknologiar. Generativ KI er ein underkategori av KI, og namnet vert brukt om teknologiar som kan skape nye data – som lyd, tekst og bilete – basert på eksisterande data. Eit aktuelt døme på generativ KI er språkmodellen ChatGPT, som er utforma som ei chat-teneste.

KI kan brukast som eit verktøy i den skapande prosessen og slik sett bidra til å automatisere og effektivisere kreativ verksemd. Meldinga peiker på at det med tanke på opphavsretten er fleire aktuelle problemstillingar knytte til bruk av KI, både når det gjeld bruk av eksisterande tekst, bilete, musikk og andre data for å trene algoritmar og modellar, og når det gjeld vidare bruk av tekst, bilete og anna innhald som er skapt med KI.

Eit anna aspekt ved KI er at han baserer seg på historiske data. Det inneber at KI-skapt innhald ikkje naudsynlegvis vil vere i tråd med samfunnsutviklinga og det som til kvar tid vert rekna som akseptable ytringar. Sjølv om bruk av KI vert regulert av styresmakter og internasjonale konvensjonar, vil det vere opp til kvar enkelt brukar å vurdere kor nyttig og lovmessig innhald skapt av KI er.

Det er viktig å bidra til løfte fram gode døme som viser korleis ansvarleg bruk av kunstig intelligens kan bidra til betre løysingar for brukarane og det offentlege. Regjeringa har difor ført vidare finansieringa av Datatilsynet sitt arbeid med ansvarleg bruk av kunstig intelligens, og frå og med 2023 er prøveprosjektet den regulatoriske sandkassen for kunstig intelligens eit permanent tiltak. Regjeringa følgjer òg nøye med på utviklinga i EU. Førebels vurderer regjeringa det slik at forslaget som det europeiske parlamentet og rådet har fremja til ei forordning om eit harmonisert regelverk for KI, vil vere EØS-relevant. I meldinga vert det gjort nærare greie for KI-forordninga.

Meldinga peikar på at det er behov for ein nasjonal digitaliseringspolitikk som går på tvers av ulike sektorar. Regjeringa vil difor leggje fram ein nasjonal digitaliseringsstrategi som mellom anna skal stake ut kursen for vidare digitalisering av offentleg sektor, leggje betre til rette for næringsretta digitalisering og ta opp viktige samfunnsspørsmål. Strategien kan ta opp behov for betre regulering av nye teknologiar – til dømes kunstig intelligens – og forholdet til tech-gigantane. Strategien skal etter planen vere klar i løpet av 2024.

På opphavsrettsområdet har det lenge vore utstrekt internasjonalt samarbeid gjennom multinasjonale konvensjonar, særleg er Bernkonvensjonen og Romakonvensjonen sentrale.

Som ledd i EØS-avtalen er Noreg forplikta til å følgje reglane som følgjer av direktivet om audiovisuelle medietenester (AMT-direktivet) som pålegg TV-kringkastarar å sende europeiske verk i minst 50 pst. av sendetida (med unntak av sport, visse underhaldningsprogram, reklame eller tekstfjernsyn). Endringsdirektivet til AMT-direktivet vil medføre at også tilbydarar av audiovisuelle bestillingstenester må ha minst 30 pst. europeiske verk i katalogane sine. Eit forslag til gjennomføring av endringsdirektivets reglar vart sendt på høyring hausten 2022.

Det er viktig at Noreg bruker handlingsrommet som følgjer av EØS-avtalen for å vareta nasjonale interesser og kunst og kultur i Noreg. Endringsdirektivet til AMT-direktivet gjer det mogleg å stille krav om europeisk/lokalt innhald og om profileringa av slikt innhald.

Regjeringa vil:

  • leggje fram ein heilskapleg digitaliseringsstrategi

  • bidra aktivt i det arbeidet EU gjer på opphavsrettsområdet og andre strategisk viktige område, for å sikre norske kulturpolitiske interesser

  • fremje norsk språk og innhald frå Noreg på digitale plattformer og i strøymetenester

  • gjennomføre digitalmarknadsdirektivet og nett- og vidaresendingsdirektivet i norsk rett

  • gjennomføre endringsdirektivet til AMT-direktivet i norsk rett, og vurdere alternative løysingar for medfinansiering av audiovisuelle produksjonar.

1.3.10 Mål 3: Kan verke over heile landet

Kapittel 13 går inn på vilkåra for korleis kunstnarar kan utøve yrket som kunstnar same kvar ein bur i landet, og tiltak som bidreg til levande kunstmiljø over heile landet.

Meldinga viser til at tradisjonelt har dei tyngste verkemidla i kunstnarpolitikken lege på statleg nivå. Men også fylkeskommunar og kommunar har over tid bygd opp ein kunstnarpolitikk med liknande verkemiddel. Likevel er både tilbodet til publikum, gjennom visningsstader og formidling, og produksjonsmiljø for profesjonell kunst tydeleg konsentrerte rundt dei store byane.

Regjeringa ønskjer eit mangfaldig kunstliv. Ei større geografisk spreiing av kunstnarbefolkninga kan bidra til det.

Når regjeringa ønskjer å leggje endå betre til rette for kunst- og kulturarbeidsplassar over heile landet, byggjer dette opp under ulike kunstnarlege utviklingstrekk som mellom anna at kunstnarar i større grad enn tidlegare ønskjer å arbeide utanfor dei tradisjonelle kunstmusea og galleria. Men ønsket er òg forankra i verdien det har for eit lokalmiljø at det finst eit kontinuerleg nærvær av skapande og utøvande kunstnarlege miljø.

For å nå ambisjonen om fleire kulturarbeidsplassar i heile landet er dei eksisterande institusjonane for kunst og kultur, som regionteater, orkester, Forsvarets musikk, museum og andre etablerte strukturar, sentrale. Slike institusjonar utgjer, saman med initiativ frå enkeltkunstnarar og enkeltmiljø, den grunnleggjande infrastrukturen for eit levande kunstliv i heile landet og skal byggjast opp under. Regjeringa vil understreke den rolla desse institusjonane speler i eit regionalt perspektiv.

Statlege verkemiddel som KORO, Den kulturelle skulesekken, kunstnarstipend, prosjektstøtte og fleirårig støtte frå ulike tilskotsordningar legg godt til rette for at mange kan verke som kunstnarar uavhengig av kvar dei vel å busetje seg eller arbeide. Dette er verkemiddel som framleis skal vere sentrale i kunstpolitikken til regjeringa, og som skal byggjast opp under.

Alle fylkeskommunane, fleire kommunar og KS har levert innspel til meldinga og har mellom anna svart på spørsmål om kva som skal til for å oppnå fleire arbeidsplassar for kunstnarar i ulike delar av landet

Regjeringa er samd med fylkeskommunar og kommunar som meiner at det viktigaste grepet for å sikre og byggje kunstmiljø i heile landet er å auke frekvensen av oppdrag utanfor dei større byane og å sørgje for gode og tilrettelagde lokale. Det er mogleg dels gjennom etablerte strukturar og institusjonar, dels gjennom at ein legg betre til rette regionalt for kunstnarar som er frilansarar og sjølvstendig næringsdrivande. Regjeringa meiner at dette må skje gjennom dialog mellom forvaltningsnivåa og eit delt ansvar for utviklinga.

Regjeringa har sendt på høyring ei revidert utgåve av lov om offentlege styresmakters ansvar for kulturverksemd (kulturlova).

Systematisk samhandling mellom forvaltningsnivåa er ein føresetnad for god ressursutnytting og styrking av kunst- og kulturmiljøa i heile landet. Samtidig er det opp til dei enkelte forvaltningsnivåa å gjere eigne prioriteringar også på dette politikkområdet. Regjeringa ønskjer å leggje ytterlegare til rette for regelmessige dialogmøte, kunnskapsdeling og erfaringsutveksling.

Kultur- og likestillingsdepartementet vil òg peike på at KS sitt auka fokus på, og arbeid med, kulturpolitikk dei siste åra, speler ei viktig rolle i vidareutviklinga av kulturpolitikk på alle forvaltningsnivå.

Kunstnarpolitikk er eit felles ansvar for alle forvaltningsnivå. Staten har fleire verkemiddel som når heile landet. Korleis fylkeskommunar og kommunar legg til rette for etableringar, fagfellesskap og oppdrag, vil likevel vere avgjerande for om det framover vert fleire kunstnarar som vel å busetje seg utanfor dei største byane.

Regjeringa vil innføre regionale kulturfond som skal stimulere til auka kunst- og kulturaktivitet lokalt. Regionale kulturfond skal vere eit supplement til Norsk kulturfond, og målet er mellom anna å styrkje samspelet mellom profesjonelt og frivillig kulturliv. Departementet vil framover sjå nærare på den konkrete innretninga av regionale kulturfond, og har som mål å ferdigstille rammer for regionale kulturfond i 2024.

Den kulturelle skulesekken (DKS) er ei nasjonal ordning som sørgjer for at alle skuleelevar i Noreg får oppleve profesjonell kunst og kultur kvart år. DKS er i utgangspunktet ikkje eit kunstnarpolitisk tiltak, men opprettinga av ordninga har ført med seg ein ny, stor arbeidsmarknad for profesjonelle kunstnarar. For regjeringa er det eit overordna mål at kunst og kultur skal vere tilgjengeleg for alle uavhengig av bustad og økonomi. DKS er eit viktig verkemiddel i så måte og treffer alle skuleelevar i Noreg.

Den regionale filmsatsinga er ein del av den samla nasjonale filmpolitikken, og dei regionale filmverksemdene er viktige verkemiddel for å oppnå dei filmpolitiske måla. Dei regionale filmverksemdene er oppretta og eigde av kommunar og fylkeskommunar. Eigarane tilfører midlar til drift, medan staten på si side tilfører tilskotsmidlar gjennom Norsk filminstitutt. Føremålet med dei statlege tilskotsmidlane er å bidra til auka konkurranse, større mangfald og betre kvalitet i norsk film gjennom maktspreiing og regionalisering av filmpolitikken, og tilskotsmidlane går uavkorta til film- og dataspeltiltak.

I meldinga vert det gjort nærare greie for den regionale filmsatsinga, derunder regionale filmsenter, dei regionale filmkommisjonane og dei regionale filmfonda.

Regjeringa tek sikte på å presentere ein ny regional filmpolitikk hausten 2023.

Fleire stader i landet er det etablert regionale kompetansesenter på danse- og musikkfeltet. Det finst òg sjangersenter innanfor jazz og folkemusikk. Kompetansesentera har ulik innretning og profil og har dels vakse fram i tråd med behova i kvar enkelt region.

Regjeringa vil peike på at den eksisterande infrastrukturen for kunstproduksjon og formidling vil vere avgjerande for styrking av kunstmiljøa utanfor dei store byane. Regionale kompetansesenter for dans er ein naturleg del av dette.

Regjeringa meiner dei ulike sjangersentera og kompetansesentera innanfor musikk bidreg til å styrkje dei profesjonelle musikkmiljøa utanfor dei store byane. Regjeringa har våren 2023 sett i gang arbeidet med ei offentleg utgreiing (NOU) for å få ein heilskapleg gjennomgang av musikkfeltet.

Eit etablert og viktig kunstpolitisk verkemiddel på fylkeskommunalt nivå er støtte til regionale kunstsenter. I dag er femten senter spreidde over heile landet samla i organisasjonen Kunstsentrene i Norge (KiN), som òg administrerer ordninga «Regionale prosjektmidler for visuell kunst», løyvd over statsbudsjettet.

Regjeringa vil:

  • følgje opp forslag til revidert kulturlov, der det blant anna er foreslått å lovfesta at kommunar og fylkeskommunar skal ha oversyn over status og utviklingsbehov på kulturfeltet. Med utgangspunkt i oversynet skal kommunar og fylkeskommunar fastsetje overordna mål og strategiar for kulturfeltet i planverket

  • etablere regionale kulturfond som styrkjer infrastrukturen for kunst- og kulturaktivitet regionalt

  • byggje opp under eksisterande ordningar som stimulerer kunstnarleg verksemd i heile landet

  • sikre institusjonsstrukturen i heile landet og byggje opp under den sentrale rolla som kunstinstitusjonane har som kunstnarlege kompetansearbeidsplassar og samarbeidspartnarar

  • vidareutvikle Den kulturelle skulesekken i samband med forslag i kartlegginga av DKS og evalueringa av Kulturtanken.

1.3.11 Kunnskapsbasert politikkutvikling

Kulturpolitikken skal til kvar tid byggje på solid og oppdatert kunnskap om kultursektoren. Departementet ønskjer at det skal gjennomførast jamlege kunstnarundersøkingar også framover. Slik departementet ser det, gjev solid kunnskap eit betre grunnlag for treffsikre verkemiddel og prioriteringar i tida som kjem.

I tillegg til å vidareutvikle kunnskapen om kunstnarpopulasjonen vil departementet følgje opp fleire av dei tverrgåande utviklingstrekka gjennom kunnskapsarbeidet. Det gjeld mellom anna kunstnarane sine bidrag til å nå berekraftsmåla.

1.3.12 Økonomiske og administrative konsekvensar

Alle tiltak og satsingar som er omtalte i meldinga, kan handterast innanfor dei gjeldande budsjettrammene til dei aktuelle departementa. Det same gjeld oppfølging av kartleggingar og undersøkingar som er omtalte i meldinga.

Mykje av kunstnarpolitikken vert òg utforma lokalt og regionalt. Meldinga omfattar ingen forslag til tiltak som pålegg kommunar og fylkeskommunar nye oppgåver eller auka utgifter.