1. Bakgrunn

Samferdselsdepartementet legg i proposisjonen fram forslag om utbygging og finansiering av E134 på strekninga Røldal–Seljestad i Ullensvang kommune i Vestland fylke. Vidare foreslår departementet kostnadsramme for prosjektet E6 Megården–Sommerset i Nordland.

1.1 Utbygging og finansiering av E134 Røldal–Seljestad

E134 er eit hovudvegsamband mellom aust og vest i Sør-Noreg, og er viktig for transporten mellom Austlandet og den sørlege delen av Vestlandet. Vegen over Haukelifjell, frå Vågsli i Telemark fylke til Seljestad i Vestland fylke, har i dag låg standard. Tunnelane på strekninga er låge og smale, og vegen i dagen er mange stader svært smal, svingete og har bratte stigningar. Vegen blir tidvis stengd og kolonnekøyrd som følgje av dårleg vêr vinterstid.

Prosjektet E134 Røldal–Seljestad er fyrste byggjetrinn på strekninga E134 Vågsli–Seljestad, og det er eit viktig bidrag til ein meir vintersikker veg over Haukeli, som vil betre trafikktryggleik og framkomst. Prosjektet omfattar i hovudsak ny tunnel som vil redusere stigninga vesentleg og korte ned strekninga med om lag 6 km. Reisetida blir redusert med om lag 18 minuttar for tunge køyretøy og om lag 12 minuttar for personbilar.

Finansieringa av prosjektet E134 Røldal–Seljestad er basert på statlege midlar og bompengar. Den statlege delen utgjer 83,1 pst. Det er lagt til grunn eit bompengebidrag på 691 mill. 2024-kroner, som utgjer 16,9 pst. av finansieringsramma.

Det er lokalpolitisk semje om det føreslåtte opplegget for utbygging og finansiering av prosjektet E134 Røldal–Seljestad, og Vestland fylkeskommune har vedteke å stille garanti for bompengelånet.

Samferdselsdepartementet legg vekt på at det er stor grad av semje mellom ekstern kvalitetssikrar og Statens vegvesen om kostnader og uvisse. På denne bakgrunn foreslår Samferdselsdepartementet ei kostnadsramme på 4 921 mill. kroner i 2024 prisnivå, jf. forslag til romartalsvedtak. Som grunnlag for seinare prisomrekning blir 2020-prisnivå brukt som referanse.

1.2 Kostnadsramme for E6 Megården–Sommerset i Nordland

Prosjektet er ei delstrekning av strekninga E6 Megården–Mørsvikbotn i Sørfold kommune i Nordland. Dette prosjektet er i Meld. St. 20 (2020–2021) Nasjonal transportplan 2022–2033 opphavleg planlagt starta opp i fyrste seksårsperiode. I Prop. 1 S (2023–2024) for Samferdselsdepartementet er det sett av midlar til oppstart av delstrekninga Megården–Sommerset.

Prosjektet E6 Megården–Mørsvikbotn omfattar dei tre delstrekningane Megården–Sommerset, Sommerset–Tverrdalen (Leirfjordbrua) og Tverrdalen–Mørsvikbotn. Samfunnsmåla for strekninga er eit transportsystem som fremjar regional utvikling i landsdelen og regionen, gir gode vekstvilkår for næringslivet i nordområda og oppfyller krava i tunnelsikkerheitsforskrifta. Prosjektet blir gjennomført trinnvis, med oppstart av delprosjektet Megården–Sommerset fyrst. Ny veg på denne strekninga blir 21,4 km, det vil seie 5,9 km kortare enn dagens veg. Seks av dei eksisterande tunnelane som ikkje innfrir krava i tunnelsikkerheitsforskrifta blir erstatta av tre nye tunnelar med ei total lengde på 13,8 km. Det skal òg byggjast to større bruer, mellom anna ei bru på 550 meter over Tørrfjorden. Reisetida blir redusert med om lag 10 minuttar.

I Prop. 1 S (2023–2024) for Samferdselsdepartementet opplyser departementet at det skal gjennomførast ekstern kvalitetssikring (KS2) av delprosjektet, og at departementet vil kome tilbake til Stortinget med forslag til kostnadsramme. Det blei i 2021 gjennomført KS2 av heile strekninga E6 Megården–Mørsvikbotn. Hausten 2023 blei det gjennomført ein supplerande analyse av KS2 for delstrekninga E6 Megården–Sommerset.

Kvalitetssikrar føreslår ei styringsramme på 5 790 mill. 2022-kroner og ei kostnadsramme på 6 670 mill. 2022-kroner. Statens vegvesen sitt forslag til styrings- og kostnadsramme til KS2 var høvesvis om lag 500 mill. kroner og 270 mill. kroner lågare enn dette. Skilnaden mellom forslaga frå kvalitetssikrar og Statens vegvesen gjeld hovudsakleg tunnel- og byggherrekostnader og vurdering av uvisse knytt til klima, marknad, gjennomføringsevne og lokale forhold. Statens vegvesen meiner at kvalitetssikrar har vurdert førstnemnde kostnader for høgt, men samtidig at kostnader knytt til uvisse for klima og miljø er vurdert noko for lågt i Statens vegvesen sitt forslag. Statens vegvesen har difor justert opp sitt forslag til styrings- og kostnadsramme, og føreslår ei styringsramme på 5 400 mill. 2022-kroner og ei kostnadsramme på 6 600 mill. 2022-kroner.

Etter ei samla vurdering legg Samferdselsdepartementet til grunn Statens vegvesen sitt forslag, og Samferdselsdepartementet foreslår ei kostnadsramme på 7 283 mill. kroner i 2024 prisnivå, jf. forslag til romartalsvedtak. Som grunnlag for seinare prisomrekning blir prisnivået frå 2022 brukt som referanse.

Det er lagt opp til anleggsstart i 2025 og trafikkopning i 2031.