Stortinget.no

logo
Hopp til innhald
Til framsida

Odelstinget - Møte torsdag den 3. desember 1998 kl. 14.10

Dato:

Dokument: 

Sak nr. 3

Innstilling fra kirke-, utdannings- og forskningskomiteen om lov om endringer i lov av 14. juni 1985 nr. 73 om tilskott til private grunnskular og private skular som gjev vidaregåande opplæring (privatskulelova)

Talarar

Votering i sak nr. 3

Votering i sak nr. 3

Komiteen hadde innstillet til Odelstinget å gjøre slikt vedtak til

lov

om endringar i lov av 14. juni 1985 nr. 73 om tilskot til private grunnskular og private skular som gjev vidaregåande opplæring (privatskulelova).

I.

I lov av 14. juni 1985 nr. 73 om tilskot til private grunnskular og private skular som gjev vidaregåande opplæring (privatskulelova) skal det gjerast desse endringane:

§ 25 nr. 4 skal lyde:

Departementet kan dra godkjenninga attende dersom vilkåra i denne lova ikkje vert fylte.

§ 26 tilskottsregel nr. 1 skal lyde:

Tilskotsregel nr. 1

Grunnskular for funksjonshemma.

  • Alle driftsutgifter vert dekte ved statstilskot. Departementet fastset tilskotet på grunnlag av framlagde planar og budsjettframlegg. Så langt råd vert normalsatsen pr elev pr skuleår lagd til grunn.

  • Skulane kan etter søknad få statstilskot til investeringsutgifter.

  • Utgifter til elevreiser vert dekte etter gjeldande reglar i lov om grunnskulen.

§ 26 tilskottsregel nr. 3 skal lyde:

Tilskotsregel nr. 3

Vidaregåande skular som tidlegare hadde parallellar i tilsvarande statlege skular: 85 pst av dei driftsutgifter som kjem inn under tilskotsgrunnlaget vert dekt ved statstilskot. Så langt råd vert dette rekna etter ein normalsats pr heilårselev.

§ 26 tilskottsregel nr. 4 innleiinga skal lyde:

Vidaregåande skular som kan godkjennast etter 3 bokstav a, b og d i lova her:

§ 26 tilskottsregel nr. 5 vert oppheva.

§ 26 tilskottsregel nr. 7 andre leddet andre punktum skal lyde:

Utgifter til pensjonsinnskot skal likevel innarbeidast i tilskotsgrunnlaget slik at tilskota dekkjer 100 pst av gjennomsnittlege utgifter til pensjonsinnskot i offentlege skular.

§ 26 tilskottsregel nr. 7 andre leddet noverande andre til fjerde punktum vert tredje til nytt femte punktum.

§ 26 tilskottsregel nr. 8 andre leddet andre, tredje og fjerde punktum skal lyde:

Utgifter til pensjonsinnskot skal likevel innarbeidast i tilskotsgrunnlaget slik at tilskota dekkjer 100 pst av gjennomsnittlege utgifter til pensjonsinnskot i offentlege skular. Tilskotsgrunnlaget vert fastsett av Stortinget. Tilskotet vert knytt til ein normalsats pr elev særskilt for barnesteget og ungdomssteget rekna ut for grunnskular i Noreg, jamfør tilskotsregel nr. 7.

§ 26 tilskottsregel nr. 10 skal lyde:

Tilskotsregel nr. 10

Departementet kan gje forskrift om at

  • statsborgarar i Noreg eller ein annan EØS-stat som er elevar ved utanlandske eller internasjonale grunnskular i Noreg eller i utlandet, skal kunne få tilskot etter denne lov til kompletterande undervisning, og at

  • statsborgarar i Noreg eller ein annan EØS-stat som er elevar ved utanlandske eller internasjonale vidaregåande skular i Noreg eller i utlandet, skal kunne få tilskot til delvis dekning av skulepengar.

§ 26 tilskottsregel nr. 11 vert oppheva.

§ 27 første ledd skal lyde:

Alle offentlege driftstilskot og eigendelar frå elevane skal koma elevane til gode.

II.

Lova tek til å gjelde frå den tida Kongen fastset.

Votering:Komiteens innstilling bifaltes enstemmig.

Presidenten: Det voteres over lovens overskrift og loven i sin helhet.

Votering:Lovens overskrift og loven i sin helhet bifaltes enstemmig.

Presidenten: Lovvedtaket vil bli sendt Lagtinget.