Etter at det var ringt til votering, uttalte
Votering i sak nr. 1
Komiteen hadde innstilt
til Odelstinget å gjøre slike vedtak til lover:
A.
Lov
om meldeplikt ved nedlegging av næringsverksemd (omstillingslova)
§ 1 Formålet
med lova
Lova skal leggje til rette for ein prosess
der ein vurderer tiltak for vidare drift og andre tiltak som reduserer dei
negative konsekvensane for dei tilsette og for lokalsamfunnet når
det er på tale å leggje ned ei bedrift.
§ 2 Verkeområde
Lova gjeld når det er planar om å leggje ned ei bedrift der
det har arbeidd 30 tilsette eller fleire i dei siste 12 månadene,
eller når det er planar om å seie opp meir enn ni tidelar av
dei tilsette som arbeider i ei slik bedrift.
Lova gjeld ikkje dersom
bedrifta skal flytte innanfor den same fylkeskommunen eller dersom bedrifta
vert handsama etter lov 8. juni 1984 nr. 58 om gjeldsforhandling og konkurs.
Departementet kan i forskrift gje utfyllande reglar om når
lova skal gjelde.
§ 3 Plikt til
å sende inn melding til fylkeskommunen
Eigaren av ei bedrift som er omfatta av § 2, skal sende melding til
fylkeskommunen der bedrifta ligg, om planane om nedlegging.
Meldinga
skal innehalde:
a) talet på tilsette
som arbeider ved bedrifta
b) informasjon om verksemda
ved bedrifta
c) ei vurdering av konsekvensane for dei
tilsette og lokalsamfunnet om bedrifta vert lagd ned
d) bakgrunnen for planane om nedlegging
e) informasjon
om kva vurderingar eigaren eller andre har gjort om alternativ verksemd
for bedrifta
f) ei vurdering av kva som må til for
at verksemda i bedrifta kan halde fram
g) informasjon
om det har vore forhandlingar med dei tilsette om nedlegginga
Meldinga skal også innehalde annan informasjon som er nødvendig
for at drøftingane etter § 5 kan ta til. Fylkeskommunen kan
be eigaren om meir informasjon i tillegg til eller til utdjuping av informasjonen
som er gitt etter andre ledd.
§ 4 Endeleg avgjerd om nedlegging
Bedrifta kan ikkje
treffe endeleg avgjerd om nedlegging før 30 dagar etter at fylkeskommunen
har fått meldinga etter § 3. Dersom det er aktuelle alternativ
til å legge ned bedrifta, kan fylkeskommunen i særlege tilfelle
forlengje denne perioden med inntil 30 dagar.
§
5 Behandling av meldinga
Når
fylkeskommunen har mottatt melding etter § 3, skal den så snart
som mogleg kalle inn representantar for eigaren, leiinga og dei tilsette
i bedrifta, kommunen, Innovasjon Noreg og Arbeids- og velferdsetaten til
drøftingsmøte. Fylkeskommunen kan også kalle inn andre
til møtet.
Fylkeskommunen skal saman med deltakarane kartleggje
og vurdere tiltak for vidare drift eller andre alternativ til å legge
ned bedrifta. I drøftingane skal ein alltid vurdere kompensasjons-
og omstillingsmoglegheiter for dei tilsette og moglege tiltak for lokalsamfunnet.
Dersom det er heilt klart at drøftingane ikkje vil føre
fram, skal fylkeskommunen så snart som mogleg melde frå til
alle deltakarane om at drøftinga er avslutta, sjølv om perioden
etter § 4 første ledd ikkje er omme.
Alle som deltek
i behandlinga av meldingar etter denne lova, skal ha teieplikt etter reglane
i forvaltningslova §§ 13 til 13 e.
§ 6 Råderettsband
Etter at det er sendt melding
etter § 3 til fylkeskommunen og fram til drøftingane er avslutta
etter § 5 eller perioden på 30 dagar etter § 4 er omme,
kan eigaren ikkje gjere rettslege eller faktiske disposisjonar som vesentleg
svekkjer verdien av bedrifta.
Fylkeskommunen kan gjere unnatak frå
denne føresegna i kvart enkelt tilfelle.
§ 7 Tvangsmulkt
Dersom den ansvarlege ikkje
oppfyller pliktene etter §§ 3, 4 og 6 eller forskrift eller enkeltvedtak
som er fastsett i medhald av desse føresegnene, kan fylkeskommunen
påleggje den ansvarlege ei tvangsmulkt.
Tvangsmulkta kan vere
laupande eller eit eingongsbeløp. Skal mulkta vere laupande, kan
fylkeskommunen bestemme at mulkta skal betalast frå ei veke etter
vedtaket om å påleggje tvangsmulkt, eller frå ein særskilt
frist som er satt for å rette forholdet, om forholdet ikkje er retta
innan fristen. Skal mulkta vere eit eingongsbeløp, kan fylkeskommunen
fastsetje at mulkta skal betalast når ein særskilt frist som
er sett for å rette forholdet er omme, og forholdet ikkje er retta
innan fristen.
Tvangsmulkta går til statskassen og er tvangsgrunnlag
for utlegg.
Fylkeskommunen kan i særlege tilfelle redusere
eller gje opp tvangsmulkta.
Kongen kan i forskrift fastsetje nærmare
føresegner om påleggjing av tvangsmulkt, herunder om vilkår
for tvangsmulkt og om storleiken på tvangsmulkta og renter ved forseinka
betaling.
§ 8 Lovbrotsgebyr
Fylkeskommunen kan ved brot på § 4 påleggje
eit lovbrotsgebyr til staten. Kongen gir i forskrift føresegner om
storleiken på gebyret.
Lovbrotsgebyrer vert pålagt den
som etter § 3 har plikt til å sende melding til fylkeskommunen.
Kongen kan gi reglar om auka gebyr ved gjentekne brot på pliktene.
Fylkeskommunen kan i særlege tilfelle gje opp kravet om lovbrotsgebyr.
Pålagt lovbrotsgebyr er tvangsgrunnlag for utlegg.
Kongen kan gi nærmare reglar om gjennomføringa av føresegnen
i denne paragrafen, herunder om inndrivinga og om betalingsfrist. Det kan
fastsetjast at det skal betalast renter av ilagt lovbrotsgebyr.
§ 9 Iverksetjing
Lova gjeld frå den tid Kongen fastset.
§ 10 Endringar i andre lover
Frå den
tida lova blir sett i verk, blir det gjort følgjande endringar i
andre lover:
§ 15-2 andre ledd skal lyde:
(2) Arbeidsgiver
som vurderer å gå til masseoppsigelser, skal så tidlig
som mulig innlede drøftinger med arbeidstakernes tillitsvalgte med
sikte på å komme fram til en avtale for å unngå
masseoppsigelser eller for å redusere antall oppsagte. Vurderer arbeidsgiver å legge ned virksomheten eller en selvstendig
del av denne, og nedleggelsen innebærer en masseoppsigelse, skal også
muligheten for videre drift drøftes, herunder om mulighetene for
de ansattes overtakelse av virksomheten. Dersom oppsigelser ikke kan
unngås, skal de uheldige sidene ved dem søkes redusert. Drøftingene
skal omfatte mulige sosiale tiltak med sikte på blant annet støtte
til omplassering eller omskolering av de oppsagte. Arbeidstakernes tillitsvalgte
kan la seg bistå av sakkyndige. Arbeidsgiver har plikt til å
innlede drøftinger selv om de planlagte oppsigelsene skyldes andre
enn arbeidsgiver og som har beslutningsmyndighet overfor denne, f.eks. en
konsernledelse.
Presidenten: Fremskrittspartiet, Høyre, Kristelig
Folkeparti og Venstre har varslet at de vil stemme imot.
Votering:
Komiteens innstilling ble bifalt med 37 mot 32 stemmer.(Voteringsutskrift kl. 23.00.35)Videre var innstilt:
B.
Lov
om endringar i minerallovgivinga
I
I lov 30. juni 1972 nr. 70 om bergverk skal ny § 51 a
lyde:
§ 51 a Kvalifikasjonskrav
Departementet kan i forskrift fastsette
krav til faglige kvalifikasjoner hos personell som forestår drift
av mineralforekomster etter denne lov, samt regler om godkjenning av tilsvarende
kompetanse for borgere fra EØS-området.
II
I lov 3. juli 1914 nr. 5 om erverv av kalkstensforekomster
skal § 4 nytt fjerde ledd lyde:
Departementet
kan i forskrift fastsette krav til faglige kvalifikasjoner hos personell
som forestår drift av kalkstensforekomster etter denne lov, samt regler
om godkjenning av tilsvarende kompetanse for borgere fra EØS-området.
III
I lov 17. juni 1949 nr. 3 om
erverv av kvartsforekomster skal § 4 nytt fjerde ledd lyde:
Departementet kan i forskrift fastsette krav til faglige
kvalifikasjoner hos personell som forestår drift av kvartsforekomster
etter denne lov, samt regler om godkjenning av tilsvarende kompetanse for
borgere fra EØS-området.
IV
I lov 28. november 2003 nr. 98 om konsesjon ved erverv av fast
eiendom (konsesjonsloven) mv. skal § 14 nytt andre ledd lyde:
Departementet kan i forskrift fastsette krav til faglige
kvalifikasjoner hos personell som forestår drift av mineralforekomster
etter denne lov, samt regler om godkjenning av tilsvarende kompetanse for
borgere fra EØS-området.
V
Endringa gjeld frå den tid Kongen fastset.
Votering:
Komiteens innstilling ble enstemmig bifalt.Presidenten: Det voteres over lovenes overskrifter og lovene i sin
helhet.
Votering:
Lovenes overskrifter og lovene i sin helhet ble enstemmig
bifalt.Presidenten: Lovvedtakene
vil bli sendt Lagtinget.
Voteringa i ei sak finst i slutten av referatet for kvar enkelt sak.