Stortinget.no

logo
Hopp til innhald
Til framsida

Odelstinget - Møte fredag den 13. februar 2009 kl. 14.50

Sak nr. 2 [14:56:00]

Innstilling fra arbeids- og sosialkomiteen om lov om endring i lov 6. mai 1988 nr. 22 om lønnsplikt under permittering

Talarar

Votering i sak nr. 2

Votering i sak nr. 2

Presidenten: Under debatten er det sett fram eitt forslag, frå Kenneth Svendsen på vegner av Framstegspartiet. Forslaget lyder:

«I

I lov 6. mai 1988 nr. 22 om lønnsplikt under permittering skal § 3 nr.1 (Arbeidsgiverperiode) første ledd bokstavene a og b skal lyde:

    • a) 5 arbeidsdager ved hel permittering og ved minst 20 pst. reduksjon i arbeidstiden.

    • b) 15 arbeidsdager ved mindre enn 20 pst. reduksjon av arbeidstiden.

II

Loven trer i kraft 1. mars 2009.»

Det blir votert alternativt mellom dette forslaget og tilrådinga frå komiteen.

Komiteen hadde rådd Odelstinget til å gjere slikt vedtak til

lov

om endring i lov 6. mai 1988 nr. 22 om lønnsplikt under permittering

I

I lov 6. mai 1988 nr. 22 om lønnsplikt under permittering skal § 3 nr. 1 (Arbeidsgiverperiode) første ledd bokstav a lyde:

  • a) 5 arbeidsdager ved hel permittering og ved minst 40 % reduksjon av arbeidstiden

II

Loven trer i kraft 1. april 2009.

Votering:Ved alternativ votering mellom tilrådinga frå komiteen og forslaget frå Framstegspartiet blei tilrådinga vedteken med 55 mot 15 røyster.(Voteringsutskrift kl. 15.08.25)

Presidenten: Det blir votert over overskrifta til lova og lova i det heile.

Votering:Overskrifta til lova og lova i det heile blei samrøystes vedtekne.

Presidenten: Lovvedtaket vil bli sendt Lagtinget.