Stortinget - Møte onsdag den 17. november 1993

Dato: 17.11.1993

Tilbake til spørjetimen

Spørsmål 19

Hallgrim Berg (H):

Det Kgl. Magazinhus, bygt på Kongsberg 1720, flytta til Gardermoen i 1913, må fjernast innan 1996.

Korleis vil statsråden gå fram for å bevara dette minnesmerket for ettertida, og kan det tilbakeførast til heimstaden for å bli sett inn i ei naturleg sosial- og kulturhistorisk ramme?

Statsråd Kjell Opseth: I Samferdselsdepartementets vedtaksbrev om reguleringsplan for hovudflyplassen på Gardermoen er det gjort greie for det arbeidet som Oslo Hovudflyplass AS skal gjere for å bevare kulturminne. Mellom anna er det sett opp ei liste over bygningar som etter kulturminnestyresmaktene si prioritering er bevaringsverdige, og som utbyggjarane skal ta vare på. Dei to magasinbygningane som representanten Berg spør om, er ikkje med på denne lista.

Det er såleis ikkje flyplasselskapet si oppgåve å betale om nokon ønskjer å flytte desse bygningane. I brev til Kongsberg kommune den 21. juli i år har Oslo Hovudflyplass AS tilbode kommunen bygningane slik dei står i dag, for nedtaking og flytting, og dei er villige til å leggje til rette for ei slik flytting.

Hallgrim Berg (H): Det er for så vidt rett som statsråden seier, at desse bygningane, Meyergården og Magazinbygningen i intendanturen på Gardermoen, ikkje står på lista over dei bygningane som kulturminnestyresmaktene har prioritert som bevaringsverdige. Men det burde dei ha gjort, om fagfolk og departement hadde vore vakne. Me talar her om palé- og monumentalbygg. Her dreiar det seg om ei bortgløyming, ei rein forsøming frå fagleg og kulturpolitisk hald i Akershus fylke og/eller kanskje kommunikasjonssvikt mellom embetsnivå i departementet og fylkeskonservatoren i Akershus i ferietida - altså ein glipp.

Sjølvsagt går eg ut frå at statsråden meiner at desse bygningane bør bevarast og burde stå på ei liste over kva flyplassutbyggjaren har ansvar for å få bevart på skikkeleg, forsvarleg vis. Og då spør eg statsråden om ikkje han meiner at flytting og bevaring av desse bygningane naturleg bør sjåast som såkalla « avbøtende tiltak » frå utbyggjaren si side?

Statsråd Kjell Opseth: Eg må nok gje representanten Berg medhald i at hadde ein på det rette tidspunktet blitt merksam på at desse bygningane hadde den kulturverdi dei klårt har, hadde sikkert saka vore på eit anna spor enn den er i dag, sjølv om eg ikkje er sikker på om det hadde vore på veg mot Kongsberg. Det var nemleg hovudflyplasselskapet som vinteren 1993 oppdaga kva slags bygningar dette var, og som Oslo Hovedflyplass AS har uttalt, er dei villige til å medverke til at denne flyttinga skjer. Og med den forhistoria saka har, får kommunen ta spørsmålet om støtte til å gjennomføre ei slik flytting, opp med dei rette instansar.

Hallgrim Berg (H): Eg vil gjerne få takka statsråden for dette andre svaret, som var meir løfterikt enn det første, og det er kanskje no von om å få denne saka på rett spor.

Kongsberg kommune har gjennomarbeidde planar klare for kor bygningane skal stå, og kva dei skal brukast til. Me talar her om særs verdfulle minnesmerke, som riksantikvaren om nødvendig vil kunna gå inn og freda, og då vil denne saka i alle fall bli statens økonomiske ansvar.

Me veit at kostnadene ved flytting blir som ei pakke drops i forhold til dei totale prosjektkostnadene ved utbygging av hovudflyplassen på Gardermoen. Og då vil eg stilla statsråden eit tilleggsspørsmål: Vil han, med sin store innverknad i saker han brenn for, gjera det han kan for å få til ei god løysing i denne saka, der staten tek ansvar for nedtaking og flytting, og der Kongsberg står for tomt og grunn, innreiing, dekor og driftskostnader?

Statsråd Kjell Opseth: Eg vel å oversjå det underliggjande i starten på spørsmålet, men vil gjerne gjenta det eg sa i mitt første tilleggssvar, at dei som er interesserte i flytting av desse bygningane, i dette tilfellet Kongsberg kommune, får ta spørsmålet om støtte til ei flytting opp med dei rette instansar. I dette tilfellet er det Samferdselsdepartementet, og så får vi ta spørsmålet opp med kulturstyresmaktene, dersom det er nødvendig.