Stortinget - Møte onsdag den 8. desember 1993

Dato: 08.12.1993

Tilbake til spørjetimen

Spørsmål 22

May-Helen Molvær Grimstad (KrF): Eg tillèt meg å stille følgjande spørsmål til samferdselsministeren:

Vegdirektoratet har sløyfa rabatt for honnørreisande og militære ved fastsetjing av takstar på bomveg for Skålavegen og Krifast i Møre og Romsdal. Dette inneber prisauke for desse i høve til tidlegare fergetakstar.

Vil departementet revurdere standpunktet i denne saka?

Statsråd Kjell Opseth: Vegdirektoratet si takstgodkjenning for Krifast, Skålavegen og andre nye prosjekt, er basert på takstretningslinene, seinast gitt i brev frå Samferdselsdepartementet av 21. april 1992. Retningslinene byggjer på St.meld.nr.46 (1990-1991) « Om endring i rammebetingelser for bompengeprosjekter », jf. Innst.S.nr.16 (1991-1992).

Retningslinene opnar for at det ved ferjeavløysingsprosjekt kan leggjast til grunn ei forenkla utgåve av ferjerabattordninga, knytt til talet på passeringar. Retningslinene legg likevel ikkje opp til ekstra rabatt for eldre og militære, og Vegdirektoratet kan såleis ikkje godkjenne slike ordningar for nye prosjekt. Enkelte eldre bompengeprosjekt har framleis unntaksordningar som ikkje er i tråd med dei nye retningslinene som gjeld for nye prosjekt.

Eg gjer òg merksam på at honnørreisande som nyttar bil, ikkje generelt får rabatt på bilen når dei reiser med ferje.

I Innst.S.nr.232 (1992-1993), NVVP 1994-97, har samferdselskomiteen bede departementet om ei ny vurdering av honnørrabattspørsmålet for personbillett.

Eg kjem tilbake til Stortinget med ei orientering så snart departementet har denne vurderinga klar.

May-Helen Molvær Grimstad (KrF): Eg takkar statsråden for svaret.

Honnør- og militærrabatt er ein vel innarbeidd og landsomfattande rabatt for alle offentlege rutegåande transportmiddel som buss, båt, ferje, fly, jernbane, T-bane og trikk. Det kom derfor overraskande på mange at Vegdirektoratet fjerna ein innarbeidd landsomfattande rabattordning sjølv om statsråden her har forklart bakgrunnen.

Følgjande premiss vart lagt fram frå samferdselskomiteen ved godkjenning av Krifast i Innst.S.nr.233 (1984-1985):

Bompengetakstene skal være lik ferjetaksten i åpningsåret med tillegg på 1 pst. pr år. Det skal innføres rabattordninger på samme måte som etter ferjetakstregulativet.

Er ikkje dette eit brot med føresetnaden for Stortinget sin aksept av at honnørreisande og vernepliktig personell skal betale vaksen billett og ikkje barnebillett?

Statsråden viste til at det vil bli ein ny gjennomgang av honnørrabattspørsmålet. Synest ikkje statsråden det er rimeleg at militære og funksjonshemma eldre igjen kan få rabatt?

Statsråd Kjell Opseth: Eg registrerer at representanten Molvær Grimstad har lese bompengeproposisjonen. No skal ein vere klar over at Stortinget har gitt retningsliner for takstar etter den tid. Når ein opnar nye prosjekt, prøver både departementet og Vegdirektoratet å halde seg til det nye regulativet.

Når komiteen no har bede om ein ny gjennomgang av dette spørsmålet, blir det høve til det. Og kva statsråden meiner er rimeleg i ein slik samanheng, det er ein skål for seg. Statsråden held seg til det som Stortinget til ei kvar tid pålegg han i denne samanhengen. Eg meiner at det har òg departementet og direktoratet gjort.

May-Helen Molvær Grimstad (KrF): Eg takkar igjen for svaret frå statsråden.

Meiner statsråden at for å sikre økonomien i eit bompengeprosjekt er det pensjonistar, dei funksjonshemma og dei som avtener verneplikta som skal vere med å betale meir enn kva dei normalt elles gjer? Desse er dei einaste som har fått auka sin betalingssats i forhold til ferjetakstane, noko eg synest er djupt urettferdig. Ved at desse gruppene ikkje får rabattordningar som dei har hatt tidlegare, kan det òg verke hemmande på trafikken.

Statsråd Kjell Opseth: Eg noterer meg at representanten Molvær Grimstad meiner at Stortinget har gitt retningsliner som er djupt urettvise. Det får vi ta med oss i den vidare debatten om desse gruppene skal ha rabatt eller ikkje.