Stortinget - Møte onsdag den 8. desember 1993

Dato: 08.12.1993

Tilbake til spørjetimen

Spørsmål 23

Jon Lilletun (KrF): Eg tillèt meg å stille fylgjande spørsmål til samferdselsministeren:

Televerket brukte i juli 1992 ca. 350 millioner kr på å kjøpe Marco Polo II. Det ble da stilt spørsmålstegn ved så vel prosjektets økonomiske som mediepolitiske sider.

Er det riktig at Televerket vurderer eller faktisk er i ferd med å kjøpe satellitten Marco Polo I, og hvordan vurderer statsråden prosjektets økonomiske og mediepolitiske utvikling?

Statsråd Kjell Opseth: Televerket si målretta og langsiktige satsing innan satellittfeltet, med utgangspunkt i norske brukarbehov, har plassert Televerket mellom dei fremste aktørane i verda på dette området.

Gjennom INMARSAT har Televerket i konkurranse på den internasjonale marknaden etter kvart gjort det svært bra. Denne satsinga har ført til at Televerket i dag ligg i front internasjonalt på dette feltet. Ved å utnytte si røynsle og sine fortrinn ønskjer Televerket å sikre og vidareutvikle verksemda på satellittområdet. Kjøpet av Marco Polo II var såleis ein del av ein langsiktig strategi frå Televerket si side.

Kjøp av satellittkapasitet ligg innanfor Televerket sine fullmakter. I den grad Televerket måtte ha behov for - og finn det aktuelt å kjøpe - ytterlegare satellittkapasitet, er det Televerket som gjer dei forretningsmessige vurderingane.

Televerket har òg strategiske interesser knytta til konkurransen i den internasjonale satellittmarknaden. Televerket vil såleis ha interesse av kven som kjøper Marco Polo I, og korleis den blir brukt.

Når det gjeld den mediepolitiske sida, vil eg presisere at Televerket si rolle er å formidle signal. Programselskapa, som får sine signal formidla av Televerket, må sjølvsagt innrette seg etter dei mediepolitiske rammevilkåra som gjeld.

Jon Lilletun (KrF): Eg takkar for svaret, og registrerer at samferdselsministeren ikkje tar avstand frå at ein vurderer å kjøpe Marco Polo I, og at ein kan gjere det dersom ein finn det økonomisk og mediepolitisk formålstenleg. Det er nokså overraskande ut frå kva ein mellom anna kunne lese i Kapital i førre veke, at ein eigentleg har fått eit økonomisk vanskeleg prosjekt, og at ein ut frå metodikken har kome til kort og må endre systemet igjen.

Så til den mediepolitiske sida. Det er rett at det er ei kultursak. Men i dei siste dagane har vi sett at Televerket averterer med: « Er du lei av å bare se på NRK og TV2? ». Og så kjører ein fram ei rekkje andre kanalar som er landsdekkjande, og som dermed framstår som ein konkurrent til det selskapet som Stortinget har gitt einerett til kommersiell TV.

Er dette i samsvar med den mediepolitikken Stortinget har vedtatt? Og har ikkje statsråden heller noka vurdering av dei økonomiske sidene, som eg spurde om i fyrsteomgang?

Statsråd Kjell Opseth: Representanten Lilletun har vore med og gitt Televerket den handlefridomen det i dag har til mellom anna å føreta investeringar i satellittkapasitet. Det kan då etter siste spørsmålet til representanten Lilletun vere grunn til å spørje: Skal statsråden overprøve dei vurderingane som Stortinget har sagt at det er opp til bedrifta å gjere? Inntil eg får klåre direktiv frå eit fleirtal i Stortinget om at det skal eg begynne å gjere, aktar eg ikkje å gjere det.

Det mediepolitiske, som representanten Lilletun var inne på, er ei sak for Kulturdepartementet. Eg føreset at dei som sender sine signal via Televerket sine satellittar, held seg til dei politiske rammevilkåra og dei reglane som Stortinget har trekt opp.

Jon Lilletun (KrF): I VG 4. desember averterer statsbedrifta Televerket med mellom anna TVNorge, som er eit riksdekkjande medium. Eg finn ikkje det i samsvar med dei vedtaka Stortinget har gjort, iallfall er det ei omgåing av det Stortinget har meint. Det trudde eg faktisk at Regjeringa hadde eit standpunkt til. Det forventar eg at statsråden har.

Det er heilt rett som statsråden seier, at Televerket er gitt fullmakter til å føreta dei disposisjonane det har gjort. Men vi har i samband med budsjettet og i dag snakka om personalpolitikken i Televerket ut frå den enorme nedgangen i talet på tilsette vi ser på grunn av rasjonalisering i Televerket. Når Televerket då som statsbedrift går inn i spekulasjonsprosjekt av så svære økonomiske dimensjonar og med så lite høve til inntening igjen, finn eg det forunderleg at ikkje statsråden meiner noko om disposisjonane, sjølv om han ikkje overprøver dei.

Statsråd Kjell Opseth: Eg registrerer at representanten Lilletun er heilt sikker på at Televerket ikkje har hatt oversikt verken over marknad eller økonomi når det har gått inn i dette prosjektet. Eg veit ikkje kva opplysningar representanten Lilletun byggjer på, men eg registrerer at han har betre innsyn i dette enn Televerket sjølv.

Så til spørsmålet om reklame. Det er no eingong slik at dersom dette svenske selskapet skulle få kjøpe Marco Polo I og leggje den i same bane som Marco Polo II, vil altså svenskane kunne avertere over Noreg for alt det dei ville. Ein kunne ikkje seie at det var eit brot med norsk mediepolitikk. Det vi har å gjere med her, er kva som er mogleg å regulere gjennom politikk når signala kryssar landegrenser, fylkesgrenser og kommunegrenser. Det er ikkje alltid like enkelt å regulere det ein ønskjer, og det trur eg representanten Lilletun vil oppdage når det gjeld den slags signal.