Stortinget.no

logo
Hopp til innhald
Til framsida

Stortinget - Møte onsdag den 9. februar 1994

Dato:
Tilbake til spørjetimen

Spørsmål 28

Lars Sponheim (V): Jeg skal få stille et spørsmål til nærings- og energiministeren, som jeg forstår vil bli besvart av samferdselsministeren, som jo er en utmerket representant for Regjeringen. Det lyder slik:

Nærings- og energidepartementet vil i nær framtid avgjere om ein vil tillate prøveboring etter olje i Skagerrak. Miljøet i Skagerrak er allereie no hardt belasta av forureining. Oljeverksemd i dette området vil ytterlegare auke den samla belastninga. Leiteboring med påfølgjande utvinning kan òg svekke inntektsgrunnlaget til reiselivsnæringa i landsdelen.

Vil statsråden anbefale leiteboring og eventuelt oljeutvinning i dette området?

Statsråd Kjell Opseth: Før eit område blir opna for leiteverksemd, skal det gjennomførast konsekvensutgreiingar. Målet med utgreiingane er å klargjere verknadene av leiteaktiviteten. I utgreiinga skal ein vurdere dei miljømessige verknadene av verksemda og moglege farar for forureining. Ein skal òg vurdere dei økonomiske og sosiale verknadene for andre næringsinteresser og dei tilstøytande distrikta.

Den praktiske og faglege delen av arbeidet med konsekvensutgreiinga for dei aktuelle områda på midtnorsk sokkel og Vøringplatået samt Skagerrak vart sett i gang i 1987. Aktuelle problemstillingar vart identifiserte etter forslag frå og i samarbeid med aktuelle departement og ulike fagmiljø. Forslag til nødvendige utgreiingar vart sende på høyring i 1989 til forskingsinstitusjonar og departement. På bakgrunn av desse høyringsfråsegnene vart det endelege utgreiingsprogrammet utforma.

I St.meld.nr.40 (1988-1989) Åpning av Barentshavet Syd for letevirksomhet vart Stortinget orientert om konsekvensanalysar innan fleire delområde på kontinentalsokkelen. Dette gjaldt delområde i Norskehavet og i Skagerrak. Stortinget slutta seg til at arbeidet skulle setjast i gang.

I åra 1989-1993 er det gjennomført omfattande utgreiingsprogram. Ei rekkje velkjende forskings- og utgreiingsinstitusjonar har gjennomført dei faglege vurderingane. Dei samla kostnadene for dette arbeidet er om lag 25,5 millioner kr. Om lag 10 millioner kr er knytt til Skagerrak.

Konsekvensutgreiingane vart i september 1993 sende på ein omfattande høyringsrunde til alle aktuelle instansar med høyringsfrist 20. desember. Konsekvensutgreiinga for Skagerrak og brosjyrane vart sende til 179 mottakarar. Konsekvensutgreiinga for Norskehavet og Vøringplatået vart send til 209 mottakarar. Dokumentasjonen er tilgjengeleg for alle. Styresmaktene i Sverige og Danmark har fått orientering om planane for å gjere Skagerrak tilgjengeleg for leiteverksemd. Regjeringa legg opp til å vurdere opningsspørsmålet i ei stortingsmelding om petroleumsverksemda som skal leggjast fram om kort tid.

Konsekvensutgreiingane skal ikkje åleine gje svar på dei moglege val ein står overfor ved opning av nye område. Dei skal vere eit hjelpemiddel, slik at organ som har avgjerdsmakt, kan vege dei ulike interessene og omsyna mot kvarandre på best mogleg måte. Noko av siktemålet med utgreiingane er å kunne vise til avbøtande tiltak som kan setjast i verk for å sikre best mogleg sameksistens mellom oljeverksemda og dei ulike næringane, natur og miljø.

I analysane har ein lagt vekt på å vurdere konsekvensar av leiteverksemda. Konsekvensar av utbygging vil ein kome attende til og vurdere ved ei eventuell feltutbygging.

Regjeringa har som nemnt ikkje tatt stilling til spørsmålet om ein skal tilrå Skagerrak opna for leiteverksemd. Dette spørsmålet er no oppe til vurdering, og Regjeringa vil leggje fram si tilråding i den oljemeldinga som blir fremja om kort tid.

Lars Sponheim (V): Jeg takker for svaret, og svaret var vel slik som en kunne vente.

Jeg har forståelse for at statsråden i og for seg ikke kunne gå lenger i en sak som Regjeringen arbeider med. Jeg synes likevel det er viktig å få oppmerksomhet rundt denne saken i en fase hvor Regjeringen er i gang og arbeider med den. Jeg vil tro at for en regjering som ønsker stor troverdighet i miljøspørsmål, og på mange område også har det, blir dette en vanskelig sak, fordi leteboring i Skagerrak har dimensjoner i seg til å bli så å si en ny Alta-sak i miljøkampen i Norge. Jeg regner med at det skal bli harde tautrekkinger også i Regjeringen før det eventuelt blir boring. Jeg vil, siden jeg skal stille spørsmål, få komme med det i form av en oppfordring om - fordi jeg vet at statsråd Opseth har stor gjennomslagskraft i Regjeringen, det har vi sett i mange sammenhenger - at han bruker den gjennomslagskraften til å stå på miljøets side i dette spørsmålet.

Presidenten: Vi går så tilbake til spørsmål nr. 19, fra representanten May Britt Vihovde til kirke-, utdannings- og forskningsministeren. Spørsmålet tas opp av representanten Lars Sponheim.

: