Stortinget - Møte onsdag den 23. mars 1994

Dato: 23.03.1994

Tilbake til spørjetimen

Spørsmål 15

Jan Tore Sanner (H): Jeg vil stille følgende spørsmål til kirke-, utdannings- og forskningsministeren, da besvart av samferdselsministeren:

Bystyret i Oslo har vedtatt å støtte et forsøk med et holdningsfag på Ila skole. Dette faget vil erstatte undervisningen i kristendom.

Vil statsråden sørge for at dette forsøket stoppes?

Statsråd Kjell Opseth: Dette er eit noko lengre svar enn det som eg likar å ha som mal, men det er ikkje stort eg kan gjere med det, så eg ber om forståing for at eg framfører det i den form det er.

Først må eg peike på at departementet ikkje har fått denne saka til handsaming. Eg vil difor ikkje føregripe den konkrete sakshandsaminga.

Denne saka handlar om mykje meir enn innhaldet i og organiseringa av nokre skoletimar. Grunnskolen har i heile si drygt 250-årige historie hatt ei konfesjonell tilknyting. Dette kjem til uttrykk i heile grunnskolelova, mellom anna i formålsparagrafen:

Grunnskolen skal i forståing og samarbeid med heimen hjelpe til med å gje elevane ei kristen og moralsk oppseding, utvikle deira evner, åndeleg og kroppsleg, og gje dei god allmennkunnskap så dei kan bli gagnlege og sjølvstendige menneske i heim og samfunn.

I kristendomskunnskap skal elevane etter § 7 nr. 4 i grunnskolelova

ha kjennskap til hovudinnhaldet i bibelsoga, til dei viktigaste hende i kyrkjesoga og til den kristne barnelærdommen etter den evangelisk-lutherske læra

Sjølv om faget er konfesjonsbunde, er det grunn til å understreke at kristendomsundervisninga ikkje er kyrkja si dåpsopplæring, og at faget heller ikkje er trusopplæring.

Som ei generell haldning har Regjeringa ved fleire høve gitt klart uttrykk for at det ikkje er aktuelt å gjere noko med konfesjonsbindinga i grunnskolen. Eit felles fag i større omfang - som altså skal femne om både kristendom og alternativ livssynsundervisning - vil truleg måtte oppheve konfesjonsbindinga. Ein kan difor ikkje gje noka generell støtte til eit felles fag som normalmodell.

God kjennskap til kristen tru og tradisjon er ein viktig del av det kunnskaps- og kulturgrunnlaget som elevane skal ha felles, og som skal gjennomsyre heile skolen. I den generelle delen av læreplanen for grunnskolen og vidaregåande opplæring heiter det mellom anna:

« Oppfostringa skal tuftast på grunnleggjande kristne og humanistiske verdiar, og bere vidare og byggje ut kulturarven ...
Dei kristne og humanistiske verdiane både fordrar og fremjar toleranse og gir rom for andre kulturar og skikkar. Dei grunngir den demokratiske rettsstat som ramma rundt jambyrdig politisk deltaking og debatt. Dei framhevar nestekjærleik, forbrødring og von ...
Den kristne tru og tradisjon utgjer ein djup straum i vår soge - ein arv som sameiner oss som folk på tvers av trusretningar. Han pregar folket sine livsnormer, førestellingsverd, språk og kunst. Han bind oss saman i vekerytme og årlege høgtider ...
Vår kristne og humanistiske tradisjon legg likeverd, menneskerettar og rasjonalitet til grunn. »

Desse sitata vektlegg både kor viktig det er å ha djup kjennskap til eigen religion, tradisjon og kultur, og at ein må kjenne tru og tradisjon hjå andre. Det er mellom anna difor elevane i kristendomsfaget og livssynsfaget får opplæring i både kristendom og andre religionar og livssyn.

Noreg er i ferd med å endre seg på mange felt. Vi blir opne for omverda, og fleire born med ein annan religiøs og kulturell bakgrunn enn vår eigen er komne inn i skolen. Det vi no må sjå på, er korleis desse kan få ei så god opplæring som mogleg, slik at dei både kan vere trygge i sin eigen bakgrunn og få ei god og systematisk innføring i den norske kulturen.

I første omgang vil departementet setje i gang to tiltak. I samband med det nasjonale opplegget for vurdering av grunnskolen blir det sett i gang ei områdevurdering, der ein vil kartleggje ulike sider ved faga, som til dømes:

  • statistikk over kva for elevar som vel kristendomskunnskap, alternativ religions- eller alternativ livssynsundervisning, og kva for kulturell, religiøs, livssynsbakgrunn dei har
  • kartlegging av kva slags tilbod foreldra og elevane ynskjer seg
  • kartlegging av ressursar til undervisning m.m.

Det andre tiltaket er knytt til den pågåande læreplanrevisjonen. kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet vil setje ned ei gruppe som kan sjå på korleis undervisninga i kristendomskunnskap og alternativ religions- og livssynsundervisning blir driven, korleis lærebøkene er utforma, korleis metodar og innhald kan bli betre osv. Ein vil òg sjå på samfunnsfaget, som i dag inneheld lærestoff om fleire religionar, men ikkje om kristendom.

Oppsummert:

  • Det er ikkje aktuelt å gjere noko med konfesjonsbindinga i grunnskolen.
  • Vi vil kartleggje viktige sider ved opplæringa i kristendomskunnskap og alternativ livssynsundervisning.
  • Vi vil sjå på korleis innhaldet i faga kan gjerast betre, og korleis dei kan vidareutviklast til brubyggjande fag.

Jan Tore Sanner (H): La meg først takke for svaret.

Jeg forstår at statsråden ikke kan ta standpunkt til en sak som han ikke har fått til behandling. Men det er foruroligende når statsråden ikke kan gi et klart svar på et mer prinsipielt grunnlag. Statsråden sier: « Ein kan difor ikkje gje noka generell støtte til eit felles fag som normalmodell. »

Da må det bety at statsråden ikke avviser et felles fag som et forsøk.

Et verdinøytralt holdningsfag er etter min oppfatning meningsløst. Holdninger bygger på verdier, og verdier kan ikke være nøytrale. Å kjenne til sin egen kultur og egen historie, vite hvilke etiske og moralske verdier vårt samfunn bygger på, skaper både trygghet og toleranse. Derfor bør kristendomsfaget snarere styrkes enn svekkes.

Jeg oppfatter forsøket fra flertallet i Oslo bystyre som et forsøk på å bringe verdiliberalismen også inn i skolen. Mitt spørsmål er da om statsråden på bakgrunn av det sitatet jeg henviste til, vil si at dette er å åpne for et forsøk, eller om han på mer prinsipielt grunnlag vil ta avstand fra et felles fag.

Statsråd Kjell Opseth: Eg vonar representanten Sanner har forståing for at eg ikkje vil gå noko djupare inn i dette problemet, som er komplekst - for å seie det rett ut. Men eg skal love representanten Sanner at eg skal bringe over til kyrkje-, utdannings- og forskingsministeren det spørsmålet som no vart stilt, og så får kyrkje-, utdannings- og forskingsministeren avgjere på kva måte han vil svare representanten Sanner.