Stortinget - Møte onsdag den 23. mars 1994

Dato: 23.03.1994

Tilbake til spørjetimen

Spørsmål 16

Oddbjørg Ausdal Starrfelt (A): Eg vil få stilla følgjande spørsmål til kyrkje-, utdannings- og forskingsministeren:

Mange psykologistudentar i Noreg ventar på plass i embetsstudiet, nokre har venta inntil 3 år. Samstundes er det fleire hundre ledige psykologstillingar i Noreg.

Kva initiativ har statsråden teke for å auka kapasiteten på embetsstudiet frå komande studieår, og kva tiltak ser statsråden som aktuelle på kort og lengre sikt?

Statsråd Kjell Opseth: Departementet er vel kjent med problema med dei lange ventelistene for å kome inn på psykologistudiet og med dei mange ledige psykologstillingane. Ein har difor arbeidd med tiltak for å avhjelpe situasjonen.

Departementet kalla før jul inn psykologimiljøa i Oslo og Bergen til møte for å drøfte korleis psykologistudia kunne organiserast på ein annan og meir effektiv måte.

Det var semje om å setje ned eit nasjonalt utval med representantar frå dei fire universiteta og studentane. Utvalet har fått i oppdrag å greie ut dei problema som er knytte til køen av søkjarar til profesjonsstudiet i psykologi, og å vurdere omorganisering og effektivisering av psykologistudiet.

Hovudpunkta i det utvalet sitt mandat var å

  • utarbeide forslag til korleis køen for å kome inn på psykologistudiet kan avviklast så raskt som mogleg,
  • gjennomgå organiseringa av studiet med sikte på ei meir effektiv organisering, og
  • vurdere nasjonal dimensjonering av psykologutdanninga.

Departementet har den 1. mars i år motteke ein førebels rapport, der utvalet har vurdert ulike alternativ for utviding av opptakskapasiteten til psykologistudiet i Noreg og bruk av studieplassar i utlandet for å minske køen.

Den årlege opptakskapasiteten var i 1993 148 studentar. Departementet vil på bakgrunn av utvalet sitt førebels forslag, vurdere følgjande tiltak:

  • Om det er mogleg for universiteta i Oslo og Bergen å samarbeide om ei førebels utviding av opptakskapasiteten på 18 studentar.
  • Utvide opptak i Tromsø med 4 studentar. I kva grad desse tiltaka let seg realisere, avheng av om det er mogleg å rekruttere kvalifisert personale. Det må også sjåast på økonomien i eit slikt opplegg.
  • Avtalar med utanlandske institusjonar. Slike avtalar kan vere eigna til å avhjelpe situasjonen på kort sikt. Utvalet har undersøkt med institusjonar i Europa og USA, og det er sjansar for å sende ut studentar alt frå studieåret 1994/95. Det ligg ikkje føre konkrete avtalar, men både Universitetet i Gøteborg, Åbo Akademi i Finland og Universitetet i Trier i Tyskland er interesserte i ei slik ordning, dersom ein kan bli samd om avtalar som er praktisk og økonomisk akseptable. På noko lengre sikt vil ein kunne få i stand avtalar med fleire institusjonar enn dei ein no ser på som dei mest aktuelle. Departementet vil be utvalet halde fram arbeidet med å få til avtalar med institusjonar i utlandet.

Utdanningsministeren har også teke initiativet til å få greidd ut ei meir rasjonell organisering av psykologistudiet. Dette vil kunne gje rom for å auke opptaket endå meir, og vil medverke til at dei som tek til på studiet, kan få kortare studietid og dermed ein lengre periode som yrkesaktiv.

Edvard Grimstad: hadde her overtatt presidentplassen.

Oddbjørg Ausdal Starrfelt (A): Eg takkar statsråden for svaret. Eg er glad for at det tykkjest vera arbeid i gang for å få fleire studieplassar allereie frå hausten. Men så veldig mange er det ikkje, og det monnar då ikkje så mykje. Det er faktisk 300-400 ledige stillingar for psykologar i Noreg, og det er etter mi vurdering eit stort potensial for nye stillingar, for eksempel i barnevernet. I tillegg er det mange hundre motiverte og kvalifiserte studentar som ynskjer å studera psykologi.

Ut frå dette håper eg at utvalet i neste omgang kjem fram til fleire tiltak, og vil i den samanheng stilla eit tilleggsspørsmål: I budsjettproposisjonen vart det nemnt at det vart arbeidd med å gjera studiet kortare, i fyrste omgang i Trondheim. Komiteen støtta dette. Så vidt eg veit, er det norske psykologistudiet det lengste i verda. I tillegg er det eit omfattande system for vidareutdanning, for eksempel i klinisk psykologi, så nivået skulle vera rimeleg godt sikra. Kva er skjedd i forhold til kortare studietid i Trondheim, og er denne problemstillinga tatt med i det pågåande utgreiingsarbeidet som eit meir generelt mål?

Statsråd Kjell Opseth: Eg vil på nytt få nemne at det utvalet som er sett ned, er blitt bedt om å sjå på spørsmålet om kortare studietid. Dessutan er Universitetet i Trondheim blitt bedt om å vurdere dette heilt spesielt.

Det er det einaste eg no finn grunn til å gje som svar på dette tilleggsspørsmålet, men eg skal love å bringe det også over til min kollega Hernes og spørje om han vil utdjupe det for representanten Starrfelt.