Solveig Sollie (KrF):
Jeg vil få
stille følgende spørsmål til samferdselsministeren:
Meldingen om kortbaneflyplassenes
framtid ventes fortsatt lagt fram for Stortinget. Ifølge enkelte media er
det skapt uklarheter om finansieringen av kortbaneflyplassene fra statens
side.
Er det korrekt at AFIS-tilskudd skal
tas vekk fra kortbaneflyplassene?
Statsråd Kjell Opseth:
Som eg sa i
Spørjetimen onsdag 4. mai i år, vil mitt og Regjeringa sitt syn på dei
regionale flyplassane bli lagt fram i ei stortingsmelding om staten sitt
engasjement i regional luftfart. Dette gjeld òg spørsmålet om finansiering
av kortbaneplassar og AFIS-tilskot. Som det går fram av svaret 4. mai og
brev frå Samferdselsdepartementet 18. mai til Stortingets presidentskap, vil
meldinga bli lagd fram i sommar.
Solveig Sollie (KrF):
Jeg takker
statsråden for svaret.
Jeg er selvfølgelig skuffet over at
statsråden ikke på noen måte gav svar på mitt spørsmål. Uvissheten om
AFIS-tilskuddet vil fortsatt være der. Jeg må dessverre tolke statsråden
dit hen at det er grunnlag for ryktene som går på at AFIS-tilskuddet kan
falle bort. Det vil for Grenland-kommunene bety 1,3-1,4 millioner kr og for
Skien kommune 700000 kr i merutgifter. Når vi vet at gjelden på denne
flyplassen er 48 millioner kr, og det tilskuddet som har vært lovet
tidligere, ikke har kommet, er det klart at dette vil skape store problemer.
Jeg vil peke på den situasjon at mange
bedrifter, både statlige og private, flytter fra Grenland til Vestfold. På
sikt er dette svært urovekkende. I den sammenheng betyr flyplassen svært
mye.
Statsråd Kjell Opseth:
Det er diverre
lite eg som samferdselsminister kan gjere med at representanten Sollie blir
skuffa. Det er faktisk slik at det er mange som har ein flyplass dei brenn
for, som ventar på liknande svar. Eg trur representanten Sollie er
fullstendig klar over at eg ikkje kan gje konkret svar på eitt spørsmål utan
å rekne med at ein òg får det på alle dei andre. Dermed er heile grunnlaget
for Regjeringa sitt arbeid med meldinga borte. Difor må nok representanten
Sollie vere budd på å vente nokre månader før ho får eit konkret svar.
Solveig Sollie (KrF):
Jeg har
forståelse for at statsråden ikke kan legge fram alle elementer i en
stortingsmelding som ventes til Stortinget senere. Men nå er det skapt
uklarhet om det som går på AFIS-støtte. Hvis det hadde vært klart at den
skulle fortsette, hadde jeg satt pris på at det hadde blitt sagt klart fra.
Det hadde skapt ro rundt omkring. Og dermed hadde ikke dette spørsmålet
lenger vært oppe til debatt og versert i avisene.
Presidenten: Me går vidare til
spørsmål 16, frå representanten Terje Sandkjær til samferdselsministeren.
- Nei, unnskyld! Statsråd Kjell Opseth
skal svara. Presidenten vart litt ivrig.
Statsråd Kjell Opseth:
I og for seg
var det ikkje så farleg, for det er ikkje noko særleg meir eg kan seie.
Representanten Sollie er opptatt av
AFIS-tenesta. Andre er opptatt av liknande forhold - baneforlenging,
instrumentering osv. Det går ikkje an å ta eit element ut av ei total
melding og seie kva ein vil gjere med det for ein flyplass. Ein del av
dette gjeld opptil fleire. Vi skal definere eit statleg flyplassnett. Dei
som kjem innanfor der, tek staten hand om. Dei som ikkje kjem innom der,
vil bli eit kommunalt eller fylkeskommunalt ansvar. Denne konklusjonen må
som sagt representanten Sollie til liks med andre vente på til meldinga blir
lagd fram.