Stortinget - Møte onsdag den 22. februar 1995

Dato: 22.02.1995

Tilbake til spørjetimen

Spørsmål 14

Erling Folkvord (RV): Eg vil like fullt stille følgjande spørsmål til miljøvernministeren:

Ifølge NSBs planer skal det gå 715 tog i døgnet gjennom Gamlebyen. Godstransporten blir doblet. Det er planer om at NSB for framtida skal bli et slags utvida t-banenett i Østlandsområdet. Tett ved jernbanelinja går Schweigaardsgate som statsråden åpnet som miljøgate. Gamle Oslo er proklamert som miljøby.

Hva vil miljøvernministeren gjøre for å stoppe raseringa av miljøet i Gamle Oslo?

Presidenten: All den stund det er Regjeringen selv som bestemmer hvem det er som skal svare på spørsmålene, vil altså spørsmålet bli besvart av samferdselsministeren, fordi - antar presidenten - Regjeringen er kommet til at samferdselsministeren er rette vedkommende.

Statsråd Kjell Opseth: Representanten Folkvord må nok innstille seg på at dette er eit spørsmål som samferdselsministeren skal svare på.

Som eg sa i mitt svar på eit spørsmål frå representanten Lahnstein siste veke, er det stilt strenge støykrav til flyplasstoga på Gardermobanen, og bidraget til det totale støynivået i Gamlebyen frå desse toga vil bli lågt. NSB/NSB Gardermobanen AS har forplikta seg til at støynivået innandørs blir tilfredsstillande.

Det er nyleg gjort ei utgreiing om moglege alternative traséar på strekninga Oslo S - Etterstad. Denne er no til handsaming i Oslo kommune. NSB har opplyst at det på mellomlang sikt er lite realistisk å byggje ein ny innførsel av Hovudbanen, Gjøvikbanen og Gardermobanen til Oslo S, men er innstilt på å arbeide vidare med ytterlegare støy- og miljøtiltak.

Eg vil elles peike på prosjektet Miljøbyen Gamle Oslo, som er eit samarbeidsprosjekt mellom staten og Oslo kommune, og som på brei basis tek føre seg miljøet i Gamle Oslo. Prosjektet legg opp til samordning av ressursar og tiltak gjennom dei ordinære statlege og kommunale budsjetta. I tillegg får prosjektet eigne midlar frå stat og kommune til planlegging og gjennomføring av tiltak for å betre det fysiske og sosiale miljøet i bydelen. For 1994 og 1995 har prosjektet samla om lag 67 millioner kr til slike tiltak. Prosjektet skal gå fram til år 2000.

Erling Folkvord (RV): Eg fekk ut av svaret ei stadfesting av at det er mogleg å velje ein tunneltrasé for jernbanesporet ut frå Oslo S. Det er viktig.

Samferdselsministeren er jo ein ivrig mann for å få til det som han er opptatt av. Han har for eksempel som statsråd vist at det går an å vere forkjempar for sitt eige heimfylke. Sånt blir lagt merke til.

Vi som bur på austkanten i Oslo, treng ikkje hjelp til å få bygd meir verken av veg eller jernbane, det er ikkje det som er problemet. Det vi treng hjelp til, er å få gjort noko med miljøtrøbbelet, som er ei heilt nødvendig og naturleg følgje av moderne person- og godstrafikk. Eg finn det nokså formålslaust å gjenta overfor samferdselsministeren dei spørsmåla som eg og mange andre i Oslo aust vil ha miljøvernstatsråden sitt svar på. Derfor vil eg berre spørje statsråden: Korleis må vi gå fram for å få Oslos eigen miljøvernminister til å stille opp her og svare på viktige spørsmål som gjeld miljøraseringa i den delen av bydel Gamle Oslo som ligg nærmast opp til jernbanesporet?

Presidenten: Presidenten vil understreke at dette spørsmålet var helt på siden av det spørsmålet som var stilt, så presidenten vil gjøre det åpent for statsråd Opseth hvorvidt han vil besvare det.

Statsråd Kjell Opseth: Det er ikkje tvil om at spørsmålet er på sida av det opprinnelege spørsmålet. Likevel kan det vere greitt å fortelje representanten Folkvord at miljøvernministeren er særdeles opptatt av miljøproblema i Gamle Oslo, til liks med resten av Regjeringa. Dersom representanten Folkvord er opptatt av å vite kva miljøvernministeren gjer på dette området, får han stille spørsmål som relaterer seg til det fagområdet som miljøvernministeren har - så får han svar, det er eg overtydd om.

Erling Folkvord (RV): Eg konstaterer at miljøvernministeren i alle fall er såpass interessert at han har sete og høyrt på kva som blei svart på det første spørsmålet, som opprinneleg var stilt til han. Oppfølginga mi blei på sida fordi det er feil statsråd som i dette tilfellet er på feil spor.

Eg trur innhaldet i dette eigentleg går på at dei som bur langs jernbanesporet i Gamle Oslo, dei bur i gamle leigegardar frå 1890-talet, stort sett i leigegardar som har vorte pussa opp ein del. Dei som har lykkast i å få ei meir eller mindre rimeleg erstatning i samband med utbygginga av Gardermobanen, bur stort sett i einebustader, eller iallfall i bustader av høgare standard. Derfor opplever folk det slik at staten har ein politikk overfor dei som bur i bustader av høgare standard, og ein dårlegare politikk - der faktisk miljøvernministeren ikkje eingong får høve til å svare på spørsmål om kva han vil gjere - overfor dei som bur i bustader av dårlegare standard.

Statsråd Kjell Opseth: Eg føler behov for å understreke endå ein gong at det ikkje er nokon nye tiltak mellom Oslo S og Etterstad i samband med Gardermobanen, bortsett frå at Gardermobanen AS og NSB har teke på seg å setje i verk støytiltak i dette området, sjølv om det i utgangspunktet ikkje var naudsynt å gjere det. Det burde understreke at så vel dei to selskapa som Regjeringa tek dette på alvor. Og så lyt representanten finne seg i at utbygging av jernbanen ligg under Samferdselsdepartementet. Det er det lite representanten Folkvord kan gjere med også.