Stortinget - Møte onsdag den 31. mai 1995

Dato: 31.05.1995

Tilbake til spørjetimen

Spørsmål 12

Johanne Gaup (Sp): Jeg vil stille følgende spørsmål til samferdselsministeren:

I avisa VG 20. mai 1995 sier luftfartsdirektør Ove Liavåg at det kan bli nødvendig å stenge småflyplasser på grunn av underskudd på Gardermoen. Stortinget har nylig vedtatt at staten skal overta småflyplassene.

Kan samferdselsministeren avklare om det foreligger planer om å stenge noen av disse i forbindelse med underskudd på Gardermoen?

Statsråd Kjell Opseth: Same dag som Verdens Gang skreiv om at eventuelt underskot på Gardermoen kunne få konsekvensar for enkelte av dei regionale flyplassane, sende Luftfartsverket ut ei pressemelding der det vart understreka at det ikkje er nokon samanheng mellom utbygging og drift av hovudflyplassen på Gardermoen og drifta av dei regionale flyplassane, kortbaneplassar.

Luftfartsverket er i dag ei sjølvfinansierande verksemd. Verksemda finansierer alle sine investeringar over drifta, medan Oslo Hovudflyplass AS, som er eit aksjeselskap fullt ut eigt av Luftfartsverket, tek opp lån som saman med tilføring av eigenkapital og ansvarlege lån frå Luftfartsverket skal finansiere utbygginga av Gardermoen. Drifta av Fornebu har gitt Luftfartsverket store inntekter i mange år, og overskotet har bl.a. vore brukt til å gje stamruteplassane den gode standarden dei fleste har i dag, og i tråd med føresetnadene i St.prp.nr.90 (1991-1992) vil no delar av overskotet bli tilført Oslo Hovudflyplass AS som ansvarleg lån og eigenkapital.

Når Gardermoen tek over som hovudflyplass i slutten av 1998 og Fornebu blir nedlagt, kan vi ikkje rekne med overføringar frå hovudflyplassen i Oslo-området til andre statlege flyplassar dei første åra. Årsaka til dette er at akkumulerte lån og renter til den kapasitetsutbygginga som no var naudsynt i Oslo-området, må nedbetalast. Dette er ei utvikling heilt i samsvar med føresetnadene for utbygginga av hovudflyplassen.

Stortinget har nyleg slutta seg til at staten tek opp forhandlingar med eigarane av 26 regionale flyplassar med sikte på at staten skal ta over eigarskapet til plassane. Fram til og med 1997 vil Luftfartsverket etter opplegget i St.meld.nr.15 (1994-1995) få overført statlege tilskot til investering og drift av desse plassane, som før. I komande norsk luftfartsplan for åra 1998-2001 vil drift og investering i høve til dei regionale plassane med ny teknisk/operativ standard og i høve til dei andre plassane bli vurdert som eit samla statleg flyplassnett. Planar om å stengje nokon av dei regionale plassane ligg ikkje føre.

Johanne Gaup (Sp): Jeg takker for svaret, og jeg må si det var betryggende å få det svaret. Jeg har også registret at man har vært ute i avisene etterpå og egentlig avkreftet det som luftfartsdirektøren sa.

Men jeg synes det var veldig uheldig at det, etter at man har gjort vedtak i Stortinget om statlig overtakelse og man skal inn i forhandlinger med de regionale flyplasseierne, blir sagt at småflyplassene kanskje skal stenges. Jeg har også registrert at tidligere representanter for Luftfartsverket har vært imot statlig overtakelse. Jeg vil da spørre samferdselsministeren om det ikke er slik at også Luftfartsverket må opptre i alle sammenhenger i tråd med de politiske målsettinger og de vedtak som Stortinget har fattet, og på best mulig måte bevirke at de kan gjennomføres.

Statsråd Kjell Opseth: Eg kan vere samd i at ein del av innhaldet i oppslaget i den nemnde avisa var lite heldig, men det er no eingong slik at ein ikkje alltid har kontroll med kva avisene skriv.

Så skal ein vere klar over at utbygginga på Gardermoen med tilhøyrande anlegg i det heile skal betalast av brukarane. Difor skal ein vere varsam med å påføre utgifter eller gjennomføre tiltak som reduserer inntektene for dette prosjektet. Men til representanten Gaup sitt spørsmål er svaret ja.

Johanne Gaup (Sp): Jeg vil takke for svaret på oppfølgingsspørsmålet.

Jeg vil bare til slutt si at selv om også jeg er klar over at det kan bli problemer når man tar i bruk Gardermoen - og det har vel også bevirket mitt partis standpunkt i denne saken - vil jeg forutsette at den politikken man har for innenlands flytransport og behovene for transport i så måte, ligger fast, selv om det skulle vise seg å bli problemer med underskudd etter at man tar Gardermoen i bruk. Jeg forutsetter at det er et helhetlig syn i den saken som vil gjøre seg gjeldende, og ikke det som kom til uttrykk i avisinnlegget, at man stenger de flyplassene som har lavest inntjeningsevne, men kanskje størst transporttilbud.

Statsråd Kjell Opseth: Eg vil gjerne få lov å slå fast at pr. dags dato er det ingen ting som tyder på at det er noko problem med utbygginga på Gardermoen. Men eg vil igjen understreke at ein skal vere varsam med å påføre prosjektet auka utgifter eller føreta seg noko som gjer at inntektene blir reduserte, for då kan ein kome i den situasjonen at prosjektet samla sett går med underskot. All den tid Luftfartsverket er sjølvfinansierande, vil det i tilfelle få konsekvensar.