Stortinget - Møte onsdag den 6. desember 1995

Dato: 06.12.1995

Tilbake til spørjetimen

Spørsmål 10

Laila Kaland (A): Eg vil få stille følgjande spørsmål til kyrkje-, utdanings- og forskingsministeren:

Det blir hevda frå fleire hald at Reform 94 gjer det umogleg å utvise svært vanskelege og umotiverte elevar frå skulen. Dette kan medføre store problem både for medelevar og lærarar.

Meiner statsråden at skulen ikkje lenger kan utvise elevar etter innføring av Reform 94?

Statsråd Gudmund Hernes: Elevar i vidaregåande opplæring kan i visse høve bli utestengde frå opplæring. Utestenging vil seie at eleven ikkje får delta i opplæringa i ein-fem dagar. Etter ny vurderingsføresegn som gjeld etter innføringa av Reform 94, får elevane karakterar i orden og åtferd. Brot på skolereglementet og forhold som kan føre til utestenging, kan få verknad for desse karakterane.

I andre høve kan elevane bli bortviste frå opplæringa. Bortvising vil seie at eleven blir utvist frå skolen for resten av skoleåret. Eg reknar med at representanten Kaland i sitt spørsmål meiner bortvising av elev for resten av skoleåret.

Vilkåra for bortvising vart ikkje endra ved innføringa av Reform 94, men saksgangen ved bortvising er endra.

Lærarrådet gjorde tidlegare vedtaka om bortvising. Lærarrådet er frå 1. januar 1994 ikkje eit lovpålagt organ. Det er no rektor som gjer vedtak om bortvising. Det er elles ikkje gjort endringar i føresegnene. Skolane har same høve til å vise bort elevar som tidlegare, i medhald av lov av 21. juni 1974 nr. 55 om vidaregåande opplæring, § 16, når ein elev

vedvarende har vist en oppførsel som i alvorlig grad går ut over orden og arbeidsro i skolen eller når en elev i alvorlig grad forsømmer sitt arbeid eller sine plikter

Vedvarande boikott av undervisninga, manglande arbeid eller innsats og andre alvorlege forhold som varar ved, kan gi grunnlag for bortvising. Men det er eit vilkår for bortvising og ei plikt for skolen å sjå til at dei aktuelle elevane har fått hjelp av pedagogisk-psykologisk teneste eller anna sakkunnig hjelp. Skolen og fylkeskommunen har altså ei plikt til å gripe inn med sikte på å løyse problemet. Bortvising skal i utgangspunktet ikkje nyttast om det er mogleg med andre løysingar. Bortvising kan berre brukast som reaksjon på forhold som knyter seg til ungdomen som elev, og ikkje når det gjeld forhold utanfor skolen.

Elevar med lovfesta rett til vidaregåande opplæring som blir bortviste, mistar ikkje automatisk retten til vidaregåande opplæring. Dei skal visast til oppfølgingstenesta. Det normale vil vere at oppfølgingstenesta er varsla før eventuelt vedtak om bortvising. Fylkestinget eller den fylkestinget gir mynde, er klageinstans.

I særlege høve kan fylkeskommunen gjere vedtak om tap av rett til opplæring. Slikt vedtak vert gjort av fylkestinget eller den fylkestinget gir mynde. Forholdet må vere graverande og som hovudregel ha gjenteke seg over tid. Andre verkemiddel og hjelp til eleven må vere prøvde. Departementet eller den departementet gir mynde, er klageinstans.

Laila Kaland (A): Eg vil takke statsråden for svaret, som eg synest var godt.

Det å utvise ein elev frå skulen er ei lei sak og må sjølvsagt vurderast nøye. Eg er likevel glad for svaret og det som statsråden her har peika på, at utvisingsretten ikkje vart endra ved innføringa av Reform 94, men at saksgangen er blitt endra, og at det no er rektor som har den retten.

Eg er også samd i at tiltak overfor kvar enkelt elev som får vanskar i den vidaregåande skulen, skal følgjast opp. Men i dei tilfella kor ingen ting hjelper, må utvisingsretten brukast - dette for å hjelpe dei andre medelevane ved skulen, men også lærarane, som enkelte gonger kjem i ein veldig vanskeleg arbeidssituasjon.

Mitt tilleggsspørsmål til statsråden - etter den gode utgreiinga som her vart gitt - er om dette kan sendast ut som eit rundskriv til den enkelte skule der det blir peika på dei rettane som elevane ved skulen har, slik at også skulen får klar informasjon om kva dette går ut på.

Statsråd Gudmund Hernes: Vi kan gjerne vurdere å sende informasjon om dette ut. Det kan være at et rundskriv da er det mest hensiktsmessige, men det kan også tenkes andre former. I alle fall: Det er noe jeg skal ta med meg tilbake.

La meg ellers også nevne at den generelle del av læreplanen har en passus som omhandler disse forhold. Her står det:

Alle har eit felles ansvar for eit læringsmiljø med omtanke for andres behov og respekt for læring. Både kvardagen i skolen og sjansane for den einskilde seinare i livet kan bli øydelagde dersom konflikt og uorden får setje sitt preg på miljøet. Alle elevar har rett til opplæring i ryddige og rolege former, og har sjølve medansvar for dette.