Stortinget.no

logo
Hopp til innhald
Til framsida

Stortinget - Møte onsdag den 10. januar 1996

Dato:
Tilbake til spørjetimen

Spørsmål 7

Syver Berge (Sp): Eg stiller fylgjande spørsmål til samferdselsminister Kjell Opseth:

Ved makeskifte på Gardermoen, der areal tilhøyrande Opplysningvesenets fond vert nytta, er det sett ei bindingstid på 90 år før grunneigaren får full uinnskrenka råderett over eigedomen.

Meiner statsråden at ei slik bindingstid er nødvendig?

Statsråd Kjell Opseth: På 430 daa av dei 1.500 daa Opplysningsvesenets fond har overdrege til bruk for makeskifte på Gardermoen, er bindingstida sett til 90 år. Bindingstida har vore eit vilkår frå Opplysningsvesenets fond for å frigje arealet til bruk i makeskifte. Grunnen til bindingstida er at Opplysningsvesenets fond vurderer dette området til i framtida å ha potensial for utnytting av sand- og grusressursar. Eit makeskifte der ein skiftar landbruksareal mot sand og grus, vil ikkje vere rett.

Etter mi vurdering var det rett å akseptere denne klausulen for dei 430 daa, då målsetjinga om å tilby areal til landbruksføremål i makeskiftesamanheng etter mitt syn er oppfylt. Makeskifta på Gardermoen omhandlar berre bytte av jord- og skogbruksverdiar slik at dei som driv slik næring i dag, også kan gjere det i framtida. Det kan dei ved det tilbodet som no ligg føre.

Syver Berge (Sp): Eg takkar for svaret. Eg må berre seie at eg reagerte sterkt da eg vart kjend med at staten ved Opplysningsvesenets fond sette som krav ved makeskifte i samband med utbygginga av Gardermoen hovudflyplass ei bindingstid på 90 år. Det vil i praksis seie at det vil gå 90 år - tre generasjonar - før dei som har føreteke makeskifte av jord- og skogareal frå Opplysningsvesenets fond, får full, uinnskrenka råderett over eigedomen sin. For meg verkar dette som husmannskontraktar som ikkje høyrer vår tid til, og som vanskeleg lar seg tilpasse til dagens lovverk.

Når ein veit at gardbrukarar som ynskjer makeskifte for det arealet som vart teke frå dei, berre har fått erstatning for jord- og skogbruksverdien, meiner verkeleg statsråden at kravet om bindingstid er rimeleg?

Statsråd Kjell Opseth: Eg registrerer at representanten Syver Berge er vreid for det som har skjedd på Gardermoen. Eg vil berre gjenta det eg sa i mitt hovudsvar: Eg synest det som har skjedd når ein skal skifte jord- og skogbruksareal, er rimeleg, nemleg at ein skiftar mellom jord- og skogbruksareal og ikkje mellom andre verdiar.

Syver Berge (Sp): Eg takkar for svaret, som eg ikkje på nokon måte finn tilfredsstillande. Vi skal vere klare over at her er det snakk om eigedomar som er overtekne av staten for jord- og skogbruksverdien, og som det i ettertid har vorte teke ut grusførekomstar for, som grunneigarane heller ikkje har fått erstatning for. Mitt siste spørsmål er: Meiner statsråden at vi med det lovverket som vi har i dag, kan gjennomføre eit makeskifte med ei slik bindingstid? Eg tenkjer da spesielt på jordskiftelova og odelslova.

Statsråd Kjell Opseth: Eg skal vakte meg vel for å gå inn og diskutere lovverket i eit kort svar i ein spørjetime. Eg vil berre gjere representanten Syver Berge merksam på at dei som eig desse eigedomane på Gardermoen, har fullt høve til å gå inn i eit makeskifte eller få erstatta sine verdiar gjennom skjønsretten.

: