Siri Frost Sterri (H):
Jeg vil gjerne
stille følgende spørsmål til kirke-, utdannings- og forskningsministeren:
Ifølge Adresseavisen 16. januar 1996
er flere av de tradisjonelt åpne studiene ved Norges
teknisk-naturvitenskapelige universitet nå i vårsemesteret lukket etter
vedtak i det tidligere høgskolestyret ved Den allmennvitenskapelige
høgskole.
Hvordan vurderer statsråden disse
beslutningene på bakgrunn av Stortingets ønske om åpne
universitetsstudier?
Statsråd Reidar Sandal:
På bakgrunn av
Stortinget sitt vedtak i juni 1995 blei det gjennomført ei nasjonal opning
ved dei historisk-filosofiske, matematisk-naturvitskaplege og
samfunnsvitskaplege fakulteta ved universiteta for 1995-96. På bakgrunn av
meldingar om at opptaket ved ein del fag ved nokre universitet blei
avgrensa, vende departementet seg før jul til dei fire universiteta og bad
om ei utgreiing om korleis institusjonane la opp til å behandle opptaket.
Med dette ønskte ein også ei vurdering av eventuelle behov for avgrensing av
opptaket til einskilde fag/emne ved opptaket til vårsemesteret 1996.
I brev frå Universitetet i Trondheim
til departementet datert 20. desember 1995 gjekk det fram at Høgskolestyret
ved AVH den 2. november 1995 gjorde vedtak om å regulere opptaket til ein
del fag og emne i vårsemesteret 1996 ved historisk-filosofisk,
matematisk-naturvitskapleg og samfunnsvitskapleg fakultet. Eg gjer merksam
på at vedtaket ikkje omfattar regulering av nokon av dei tradisjonelt
største og mest søkte grunnfaga ved institusjonen med unntak av
sosialantropologi. Fag som nordisk, engelsk, historie, statsvitskap og
sosiologi, for å nemne nokre, er framleis opne.
Slik eg ser det, må Stortinget sitt
vedtak om å opne dei tre fakulteta på nasjonal basis også innebere at dei
einskilde institutta ved desse tre fakulteta skal vere opne så langt det er
mogleg. Dette inneber at Høgskolestyret ikkje har rett til å gjere det
vedtaket som er fatta.
Departementet skal no avgjere desse
sakene. Vi vil leggje Stortinget sin intensjon med vedtaket om nasjonal
opning til grunn for våre vedtak. Stortinget sitt vedtak kan etter Kyrkje-,
utdannings- og forskingsdepartementet sitt syn ikkje vere til hinder for at
universiteta innfører ventelister eller køordningar for fag der det er
obligatorisk undervisning, og der ein del av denne undervisninga inneheld
laboratorieforsøk, feltarbeid eller praksis med avgrensa plassar. Men i dei
høve der det berre er auditoriekapasitet, skrivetreningskurs,
studiekvalitetsfremjande tiltak e.l. som tilseier at det blir innført
ventelister eller køordningar, vil departementet ikkje kunne godkjenne
lukking.
Departementet går òg ut frå at det
ikkje er noko i vegen for at universiteta tilrår studievegar og gjev
studentane råd om å studere ved dei minst belasta institutta, for å hindre
overfylte studium og for å sikre verknaden av tiltak som fremjar
studiekvaliteten. Departementet går ut frå at slik rettleiing vil redusere
oversøkinga til fag som ikkje kan regulerast, sidan det vil vere i
studentane si interesse å sikre så god kvalitet som mogleg ved dei einskilde
studia.
Siri Frost Sterri (H):
Jeg takker
statsråden for svaret, og la meg legge til: Jeg var svært godt fornøyd med
det svaret han gav, som samsvarer med mitt og jeg vil tro Stortingets syn på
hvordan man skal praktisere ordningen med åpne studier.
Jeg oppfatter statsråden slik at han
slår fast at den fortolkningen Den allmennvitenskapelige høgskole selv har
av hvordan spørsmålet om åpne studier skal praktiseres, er gal, ut fra det
han sa om at det ikke er nok at bare fakultetet skal være åpent, men at det
også gjelder de enkelte fagstudier. Slik sett er jeg svært godt fornøyd, og
regner med at det vil gå en melding til universitetet også om dette.
Mitt tilleggsspørsmål blir: Utover det
som statsråden nå nevnte i svaret, hvilke strategier vil han som statsråd ha
for å imøtekomme mest mulig Stortingets intensjoner om åpne studier, selv om
vedtak om lukking heretter skal fattes av Stortinget?
Statsråd Reidar Sandal:
Konkret til
tilleggsspørsmålet frå representanten Frost Sterri vil eg få vise til at
gjeldande lovverk for universitet og høgskular seier at regulering av
opptaket til høgskulane frå kommande studieår skal gjerast av Kongen.
Derimot skal regulering av opptaket til universiteta inn for Stortinget.
Eg vil i den samanheng leggje opp til
at det blir laga ein eigen stortingsproposisjon om regulering av opptaket
til universiteta. Eg tar sikte på å leggje proposisjonen fram før ferien, i
mai-juni.
Siri Frost Sterri:
Jeg takker
statsråden for svaret. Nå må jeg imidlertid si at jeg ikke var ute etter å
få vite hvilke strategier han vil ha for å la Stortinget få mulighet til å
fatte vedtak om å lukke det Stortinget i utgangspunktet ønsker skal være
åpne studier. Det jeg var ute etter, var å få vite hvilke strategier han
som statsråd vil legge til rette for å imøtekomme fullt ut - eller i hvert
fall så langt det er mulig - Stortingets ønske om åpne studier.
Jeg er naturligvis klar over at dette
også er et budsjettspørsmål, og i så måte kunne det f.eks. være et svar å
henvise til revidert nasjonalbudsjett, noe jeg var forberedt på.
Jeg må si jeg er litt betenkt hvis en
av de strategier som er mest nærliggende for statsråden, er å utarbeide en
proposisjon som innbyr Stortinget til å fatte vedtak om å lukke studier også
for neste studieår. Jeg hadde ikke håpet det skulle være slik, og ber i så
fall om å få det bekreftet.
Statsråd Reidar Sandal:
I svaret mitt
gjorde eg greie for korleis departementet tenkjer seg arbeidet overfor
Stortinget når det gjeld regulering av opptaket. Det synest eg er vesentleg
å få fram. Eg reknar med at representanten Frost Sterri aksepterer at det
ikkje er mogleg for meg i dag å gå inn på ei detaljert opplisting av kva
slags strategi som skal brukast i det vidare arbeidet med denne saka. Den
har mange sider - den har viktige faglege og utdanningspolitiske sider, og
den har òg ei viktig budsjettmessig side, og desse må eg få lov å vurdere
før eg konkret går meir inn på dette.