Ranveig Frøiland (A):
Eg skal få
stilla følgjande spørsmål til samferdselsministeren:
Kortare reisetid, betre punktlegheit
og service vil kunna gje auka vekst for jernbanen.
Kva framdriftsplan blir følgd for å
gjennomføre allereie vedtekne moderniseringsplanar for Bergensbanen?
Statsråd Kjell Opseth:
Retningslinene
for jernbaneprosjekta som er planlagde gjennomført på Bergensbanen i løpet
av inneverande planperiode, er omtalte i St.meld.nr.35 (1992-1993) Norsk
jernbaneplan 1994-97.
Kongsnut-parsellen på strekninga
Tunga-Finse vart ferdigstilt i 1995. Uksabotn-parsellen vil bli ferdigstilt
i 1996, medan arbeidet ved Storurdi og Larsbu ikkje er starta opp. I 1996
er det løyvt 14 mill. kr til oppstart av bygging av nytt kryssingsspor i
tunnelen ved Gråskallen, og arbeidet er så vidt starta opp. I tillegg til
desse prosjekta inngår tunnelen gjennom Rastalia i jernbaneplanen for
1994-97. Oppstart av tunnelen gjennom Rastalia og vidare framdrift av
Gråskallen-prosjektet vil bli vurdert i samband med budsjettet for 1997 og
seinare år.
Spørsmålet om korridorval for
Ringeriksbanen er for tida til handsaming i Samferdselsdepartementet.
Departementet tek sikte på å leggje saka fram for Stortinget i løpet av
vårsesjonen 1996.
Ranveig Frøiland (A):
Eg skal få takka
statsråden for svaret.
Det er vel slik at Bergensbanen går
bra på enkelte område, og at inntektene har auka i forhold til budsjettet i
1995 med 1,5 mill. kr. Men det er viktig at desse tinga som statsråden
peikte på, vert følgde opp. Når det gjeld Rastalia og
Gråskallen-prosjektet, må det gjerast meir enn å vurdera dei i samband med
neste års budsjett. Det må løyvast pengar viss ein skal få hurtigare tog
til Oslo.
Det er to andre forhold eg vil peika
på når det gjeld Bergensbanen, som òg Forum for Nye Bergensbanen er oppteken
av. Det gjeld Ringeriksbanen, og det gjeld krengetog. Statsråden seier at
Ringeriksbanen skal leggjast fram for Stortinget våren 1996, og det er eg
glad for. Det vil vera nødvendig å få kutta ned reisetida dersom
Bergensbanen skal vera attraktiv. Men eg spør òg statsråden om dette med
krengetog.
Statsråd Kjell Opseth:
Representanten
Frøiland og eg er samde om at det er viktig å få ned reisetida på
Bergensbanen, ikkje berre for persontransport, men også for godstransport.
Bergensbanen er den største godstransportstrekninga vi har på jernbanen, og
er såleis viktig.
Det er ikkje tvil om at både å
ferdigstille Gråskallen og Rastalia er viktig for regulariteten, og kanskje
meir viktig for regulariteten på Bergensbanen enn for køyretida.
Når det gjeld spørsmålet om krengetog,
er det eit arbeid som pågår i NSB, og som vil bli omhandla i neste
jernbaneplan, den som går frå 1998 til ut i år 2000 - viss ein tar med alle
ti åra, til 2006 - så det vil vi kome tilbake til i den samanhengen.