Stortinget - Møte onsdag den 28. februar 1996

Dato: 28.02.1996

Tilbake til spørjetimen

Spørsmål 41

Einar Steensnæs (KrF): Jeg tillater meg å stille følgende spørsmål til kirke-, utdannings- og forskningsministeren:

Lærlinger som fyller 18 år etter 31. august det året lærlingkontrakt skal inngås, vil i flere tilfeller være utelukket fra å bli tatt inn som lærlinger på grunn av bestemmelser om arbeidets art etter arbeidsmiljølovens kap. IX § 37. De vil da være henvist til opplæring i skolen. Dette vil ofte være en dårligere løsning både for eleven og for arbeidslivet.

Hvilke tiltak kan settes i verk for å løse dette problemet?

Statsråd Reidar Sandal: Verken i lov eller forskrift er det noko forbod mot å teikne lærekontrakt med ein person som er under 18 år, men det finst einskilde føresegner som av omsyn til arbeidstakarar eller av andre omsyn set ei aldersgrense på 18 år for særskilde arbeidsoppgåver. Desse føresegnene må bedriftene ta omsyn til når dei skal gje opplæring til ein lærling.

I fag som følgjer hovudmodellen for fagopplæring i arbeidslivet, skal elevane gå to år i vidaregåande skule før dei tek til som lærlingar i læreverksemd. Ved vanleg progresjon i grunnskule og i vidaregåande opplæring vil nesten alle unge som vil gå i lære, vere 18 eller nær 18 år.

For dei einskilde faga under lærlingordninga er det laga læreplanar. Læreplanen for opplæring i bedrift gjer greie for dei arbeidsområda lærlingen skal få opplæring i, med måla for og hovudmomenta i opplæringa. Læreplanane er fastsette i nært samarbeid med opplæringsrådet for faget. Ved opplæring i bedrift etter dei nye læreplanane skal det vere aukande vanskegrad i opplæringa. Dei aller fleste bedriftene kan leggje opp opplæringa slik at lærlingen ikkje arbeider med farlege maskinar i tida før fylte 18 år.

Krava til tryggleik ved bruk av farlege maskinar må også vurderast i det einskilde tilfellet. Spørsmålet om tryggleiken er god nok, må sjåast i samanheng med om lærlingen står under forsvarleg instruksjon.

Arbeidsmiljølova § 37 har reglar om nattarbeid for arbeidstakar under 18 år, m.a. for arbeidstakar i yrkesopplæring. Etter reglane her kan lærling ta del i nattarbeid på visse vilkår. Ein skal m.a. ta omsyn til tryggleik, helse og utvikling for lærlingen. Det skal også vere ein arbeidsfri periode på minst 13 timar mellom to arbeidsperiodar. Det er gjeve unntak frå reglane om arbeidstid om natta for lærlingar i fleire fag der nattarbeid er nødvendig for å lære seg yrket. Dette gjeld m.a. for kokk- og servitørfaga og for bakar- og konditorfaga.

Det er såleis godt mogleg for læreverksemder å ta inn lærlingar som fyller 18 år etter at læretida tek til. Eg vil likevel ta denne saka opp med partane i arbeidslivet og med kommunal- og arbeidsministeren. Skulle det vise seg at noverande aldersgrense kan skape større problem enn vi har vore klare over, vil vi vurdere særlege ordningar for lærlingar.

Einar Steensnæs (KrF): Jeg takker statsråden for svaret, som jeg syns både var opplysende og positivt i forhold til det som var mitt anliggende.

Til tross for de bestemmelser om lærlinger som statsråden refererte til, meldes det dessverre i flere tilfeller om at elever avvises som lærlinger, der bedriften viser til bestemmelser i arbeidsmiljøloven.

Etter at jeg reiste dette spørsmålet, er det klart for meg at det ikke bare § 37 som er problematisk for en del bedrifter, men faktisk hele kap. IX, som gjelder overtid, farlig arbeid, taushetsplikt osv. Dermed er det en rekke linjer som en del unge arbeidstakere og elever utestenges fra.

Jeg ønsker å stille et tilleggsspørsmål til statsråden. Han avsluttet positivt ved å si at han om nødvendig vil gå inn med særskilte tiltak i bestemte fag. Jeg vil gjerne utfordre statsråden til å konkretisere hvilke tiltak som i så fall kan være aktuelle.

Statsråd Reidar Sandal: Eg har innleiingsvis lyst til å peike på at det spørsmålet som representanten Steensnæs her reiser, òg er tatt opp med meg av ein annan stortingsrepresentant, nemleg representanten Oddbjørg Ausdal Starrfelt. Ho har reist same problemstilling.

Også andre føresegner enn arbeidsmiljølova har restriksjonar når det gjeld unge arbeidarar. Ordinært er det ikkje tillatt for unge å utføre skjenking på serveringsplassar, og unge har heller ikkje etter dei nye røykeforskriftene lov til å selje tobakk, for å nemne nokre eksempel.

Det spørsmålet som er reist av representanten Steensnæs, vil eg sjå nærare på, dersom det er nødvendig. Men eg vil ikkje her og no gå inn i ein meir detaljert diskusjon før eg har fått sett nærare på saka og lytta til synspunkt frå m.a. partane i arbeidslivet.

Einar Steensnæs (KrF): Jeg takker igjen statsråden for svaret, og har for så vidt forståelse for at han vil bruke tid til å sette seg inn i problematikken. Jeg har bare lyst til å gjøre statsråden oppmerksom på at det åpenbart her fra bedriftenes side er en tolkning av arbeidsmiljøloven som ikke uten videre svarer til de intensjonene Stortinget har lagt til grunn.

Jeg har for meg en annonse fra en større aluminiumsbedrift på Karmøy - så kan en jo gjette på hvilken det er - som søker etter lærlinger til metallurgiske prosessfag, hvor en krever at vedkommende er 18 år og har bilsertifikat i klasse B. Det fører til at de som har opplæringsrett etter Reform 94, vil være helt utelukket fra å søke en slik plass, mens de som ikke har en slik opplæringsrett, blir prioritert.

Det er åpenbart behov for opprydding, statsråd, og jeg vil be statsråden om å ta disse ulike tilfellene med som grunnlag for sin vurdering av nødvendige tiltak.

Statsråd Reidar Sandal: Eg har merka meg dei synspunkta som representanten Steensnæs har gjeve uttrykk for. Eg har òg med glede konstatert at han meinte at svaret eg gav, « både var opplysende og positivt ». Eg lovar å ha in mente dei resonnementa som han har gjeve uttrykk for, i den vidare handteringa av saka.

Presidenten: Det var siste svar på en lang rekke spørsmål. Sak nr. 1, Spørretime, er dermed ferdigbehandlet.