Stortinget - Møte onsdag den 28. februar 1996

Dato: 28.02.1996

Tilbake til spørjetimen

Spørsmål 9

Terje Sandkjær (Sp): Jeg skal få stille følgende spørsmål til samferdselsministeren:

10. januar 1996 uttalte statsråden i Stortinget følgende angående utbyggingen av Gardermobanen: « Kostnadene er venta å liggje godt innanfor marginane ». 21. februar 1996 offentliggjøres så en sprekk i anleggskostnadene på 650 mill. kroner. Adm. direktør Ottar Remman begrunner sprekken med « grunnforholda på Romerike » (Dagsrevyen 21. februar 1996).

Kjenner statsråden seg fortsatt trygg på at forutsetningene om kostnadene vil holde?

Statsråd Kjell Opseth: Hovudårsaka til endringane i budsjettet som styret for NSB Gardermobanen AS har vedteke, er dei svært vanskelege grunntilhøva langs store delar av traseen. Det har vore naudsynt å skifte ut mykje meir dårleg leirmasse med stabil masse enn det var grunn til å tru på førehand. Ein annan viktig grunn til endringane i budsjettet er at utbygginga av Gardermobanen i stor grad blir gjennomført nær eksisterande bane med tog i drift. Tryggleiken for anleggsdrifta og trafikken på banen gjer at arbeidet må skje svært varsamt. Dette har ført til større komplikasjonar enn venta.

Budsjettendringa har også samanhang med prioritering av kunderetta tiltak for å sikre marknadsdel, inntekt og lønsemd for Gardermobanen. Utviklinga av terminalane på Oslo S, Lillestrøm og Gardermoen er her dei viktigaste elementa.

Av St.prp.nr.90 (1991-1992) går det fram at investeringsramma for utbygging av Gardermobanen er 4.600 mill. 1992-kr, som tilsvarar 4.935 mill. 1996-kr. Kostnadsoverslaget er oppgjeve med ein presisjon på +/- 20 %.

Etter at styret har justert opp ramma for utbygginga av Gardermobanen med 650 mill. kr, eller vel 13 %, som også inkluderer ein prosjektreserve, vil budsjettet framleis liggje innanfor marginen på 20 %.

I dei analysar og vurderingar som styret for NSB Gardermobanen AS no har gjort, har styret - så godt styret kan i dag - teke høgd for at ein ikkje seinare skal få ein ytterlegare auke i budsjettramma. Men styret har i vedtaket sitt peika på at prosjektreserven i den nye budsjettramma er stram, då vesentlege delar av kontraktane framleis ikkje er gjennomførte. At utbygginga blir finansiert ved lån som skal tenast inn att på trafikken, gjer at styret og administrasjonen har presset og motivasjonen som skal til for å halde seg innanfor det nye kostnadsoverslaget.

Terje Sandkjær (Sp): Budsjettsprekken begrunnes fra NSB Gardermobanen AS i hovedsak med grunnforholdene, og nå opplever vi altså at statsråden slutter seg til dette og er enig i det. Dette er ganske forbløffende. Ordføreren i Ullensaker sier oppgitt at dette har man visst i 20 år. En rekke entreprenører kunne fortalt at det er ikke fjell og sand i grunnen. Et av de vanskeligste punktene ved anlegget skal være ved Haug bro i Ullensaker, der man nå legger jernbanebroen inntil en veibro. Her bygde man vel å merke en firefelts vei og denne broen for 10-15 år siden, så det skulle være rikelig tilgang på aktuell informasjon.

Er det da slik at statsråden, med bakgrunn i all denne viten som ligger der, stiller seg helt og fullt solidarisk med NSB Gardermobanens hovedbegrunnelse for budsjettsprekken? Er han fortsatt urolig når Gardermobanen til de grader undervurderer og underbudsjetterer oppleggene, som kanskje også vil føre til at man får hundrevis av millioner kroner kastet ut av vinduet?

Statsråd Kjell Opseth: Det var ein relativt sterk påstand frå representanten Sandkjær å påstå at her blir hundrevis av millionar « kastet ut av vinduet ». Eg kan forsikre om at her blir det ikkje brukt ei krone meir enn det som er strengt teke naudsynt. Så kan ein gjerne diskutere om NSB Gardermobanen burde visst eksakt kva slags grunnforhold det var langs heile denne traseen på bakgrunn av kommunale aktivitetar og aktivitetar frå Vegstellet si side i delar av traseen. No er det slik at her er det brukt dei beste fagfolka ein har på å undersøkje grunnen før ein fastsette kostnadsoverslaget. Det viste seg då altså ikkje å vere godt nok. Det kan ein sjølvsagt ha mange meiningar om, men det faktiske forhold er at ein er komen til at det går meir ressursar med til å skifte ut masse.

Terje Sandkjær (Sp): Jeg påstod ikke at man kastet pengene ut av vinduet, det var uttrykk for en uro som man vil føle når man leser det som er blitt skrevet.

Den 10. januar sa statsråden i Stortinget:

NSB Gardermobanen AS rapporterer kvar månad framdrifta og kostnadsutviklinga på prosjektet i eigen månadsrapport til Samferdselsdepartementet. Denne blir gjennomgått i eige møte. For dei mange og einskilde delar av prosjektet er det slik at nokre ligg føre tidsplanen og andre etter. Det same gjeld for kostnadene. Men i sum er det ikkje kome fram noko som skulle tilseie at utbygginga av Gardermobanen ikkje vil bli gjennomført innanfor planføresetnadene som Stortinget har lagt til grunn.

21. februar offentliggjøres så denne budsjettsprekken på 650 mill. kr. Etter det statsråden sa vel en måned tidligere i Stortinget, forutsetter jeg at han ikke kjente til denne sprekken på det tidspunktet. Hvis man forutsetter dette, blir spørsmålet om statsråden er fornøyd med styringsopplegget og rutinene som man har. Mener han at det gir tilstrekkelig innsikt og oversikt til at anslagsforholdene blir reelle?

Statsråd Kjell Opseth: Representanten Sandkjær kan vere nokså trygg på at ein har lagt opp til så gode rutina som ein kan for å følgje kostnadsutviklinga på Gardermobanen og utbygginga av denne. Det er lett å sjå i ettertid at ein skulle ha kravd oppdatering av kostnadene etter kvart som ein vart klar over desse, og det kunne ha gitt oss høve til å gripe inn i forhold til dette på eit tidlegare tidspunkt. Men vi har lagt om rutinene på dette området, der eventuelle nye overskridingar skal meldast med ein gong, utan omsyn til storleik.