Marit Lefdal (A):
Eg stiller følgjande
spørsmål til kyrkje-, utdannings- og forskingsministeren:
Studieleiarane ved dei tre høgskulane
i Tromsø, Bergen og Akershus hevdar at kvaliteten på jordmorutdanninga er
låg, og at den ikkje inneheld dei krav som EØS-avtala reiser til slik
utdanning.
Vil statsråden ta initiativ til å heve
kvaliteten på utdanninga?
Statsråd Reidar Sandal:
Jordmorutdanninga i Noreg er ei vidareutdanning på høgskulenivå for
sjukepleiarar. Den er toårig og inneheld eitt år undervisning og eitt år
praksis. For å kunne bli teken opp til denne vidareutdanninga krevst det at
søkjaren har offentleg godkjenning som sjukepleiar og praksis som
sjukepleiar tilsvarande minst eitt år.
Gjennom EØS-avtalen har Noreg godteke
og forplikta seg til at EU sine minstekrav for ulike utdanningar skal vere
gjeldande for norske forhold. Krava til jordmorutdanninga er gitt i
rådsdirektiv 80/154 og 80/155. Direktiva inneheld krav til nivå på
utdanninga, lengd og innhald i praktisk og teoretisk undervisning.
Ifølgje desse direktiva kan
jordmorutdanninga anten vere ei treårig utdanning på vidaregåande skules
nivå eller ei utdanning som byggjer på ei avslutta sjukepleiarutdanning.
Når jordmorutdanninga byggjer på ei avslutta sjukepleiarutdanning, krevst
det at utdanninga anten skal vere på to år eller på halvanna år med
etterfølgjande yrkeserfaring.
EU-direktiva gjev med andre ord ulike
alternativ for å nå minstekrava. Dette viser utdanningsnivået i dei enkelte
medlemsstatane då direktiva blei vedtekne. Ein kan t.d. bli godkjend
jordmor i Noreg med ei treårig utdanning på vidaregåande skules nivå frå eit
anna EØS-land.
Den norske toårige jordmorutdanninga,
som byggjer på treårig sjukepleiarutdanning og eitt års praksis, må seiast å
liggje på høgste nivå samanlikna med EU-krava.
Om vi ser nærare på enkelte detaljar i
direktiva, inneheld rådsdirektiv 80/155 eit vedlegg med krav til den
kliniske undervisninga, dvs. krav som skal oppfyllast i praksisåret. Dette
gjeld t.d. krav om deltaking i eit minste tal fødslar og prenatale
undersøkingar. Departementet vil be helsestyresmaktene om ei nærare
vurdering når det gjeld oppfyllinga av desse krava i praksisåret. Det kan
òg vere ønskjeleg med mindre justeringar i noverande utdanning for å skape
endå betre samordning mellom teoretisk og praktisk undervisning og betre
rettleiing i praksisåret.
Samfunnsutviklinga medfører stadig
endra krav til kompetanse i alle yrke. Også jordmødre blir stadig stilte
overfor nye krav i utøvinga av yrket, nye arbeidsoppgåver og nye
utfordringar. Dette gjeld t.d. i samband med innføring av obligatorisk
jordmorteneste i kommunane. Departementet følgjer denne utviklinga og vil
vurdere nødvendige revisjonar av jordmorutdanninga i samarbeid med m.a.
helsestyresmaktene, yrkesorganisasjonane og andre partar.
Marit Lefdal (A):
Eg takkar statsråden
for eit positivt svar.
Eg ber likevel statsråden i det vidare
arbeidet ta omsyn til samfunnsutviklinga på dette området, ikkje minst dei
fødande sin rett til å vere med på å ta avgjerder og jordmødre sitt
omsorgsarbeid i samband med svangerskap, fødsel og oppfølgingsarbeid. Dette
medfører auka krav til kunnskap og kompetanse for denne yrkesgruppa.
Kva vil statsråden gjere for å skape
enda betre samordning mellom teoretisk og praktisk undervisning og betre
rettleiinga i praksisåret?
Statsråd Reidar Sandal:
Representanten
Lefdal peika på at det vil vere nødvendig å ta omsyn til samfunnsutviklinga
når ein vurderer jordmorutdanninga for framtida. Det er eit omsyn eg er
einig i må takast, og eg vil òg streke under at det poenget blei peika på i
slutten av det svaret eg gav til spørsmålet.
Når det gjeld det andre spørsmålet som
representanten Lefdal reiste, spørsmålet om samordning og betre rettleiing i
praksisåret, streka eg under at det òg kan vere ønskjeleg å sjå på
justeringar for å skape betre samordning og få til betre rettleiing i
praksisåret. Dette er eit arbeid som Kyrkje-, utdannings- og
forskingsdepartementet kan bidra med, men det er òg eit arbeid som vi er
avhengig av at helsestyresmaktene tek del i. Ein slik kontakt mellom ulike
instansar vil bli etablert.
Marit Lefdal (A):
Eg takkar òg
statsråden for dette svaret.
Det er positivt at departementet vil
vurdere nødvendige revisjonar av jordmorutdanninga i samarbeid med
helsestyresmaktene, yrkesorganisasjonane og andre partar.
Kan statsråden seie når ein kan vente
at dette arbeidet med å oppdatere forskrifter og auke kvaliteten på
jordmorutdanninga vil liggje føre?
Statsråd Reidar Sandal:
Departementet
arbeider med dette spørsmålet, slik som eg har gjort greie for. Men eg kan
ikkje på dette tidspunktet seie når ein vil kunne endre eventuelle
forskrifter. Det er, som eg peikte på, avhengig ikkje berre av arbeidet i
Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet, men òg i andre aktuelle
departement. Men eg vil understreke at vi prioriterer arbeidet med dette
saksfeltet.