Stortinget - Møte onsdag den 6. mars 1996

Dato: 06.03.1996

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 39

Marit Lefdal (A): Eg stiller følgjande spørsmål til kyrkje-, utdannings- og forskingsministeren:

Studieleiarane ved dei tre høgskulane i Tromsø, Bergen og Akershus hevdar at kvaliteten på jordmorutdanninga er låg, og at den ikkje inneheld dei krav som EØS-avtala reiser til slik utdanning.

Vil statsråden ta initiativ til å heve kvaliteten på utdanninga?

Statsråd Reidar Sandal: Jordmorutdanninga i Noreg er ei vidareutdanning på høgskulenivå for sjukepleiarar. Den er toårig og inneheld eitt år undervisning og eitt år praksis. For å kunne bli teken opp til denne vidareutdanninga krevst det at søkjaren har offentleg godkjenning som sjukepleiar og praksis som sjukepleiar tilsvarande minst eitt år.

Gjennom EØS-avtalen har Noreg godteke og forplikta seg til at EU sine minstekrav for ulike utdanningar skal vere gjeldande for norske forhold. Krava til jordmorutdanninga er gitt i rådsdirektiv 80/154 og 80/155. Direktiva inneheld krav til nivå på utdanninga, lengd og innhald i praktisk og teoretisk undervisning.

Ifølgje desse direktiva kan jordmorutdanninga anten vere ei treårig utdanning på vidaregåande skules nivå eller ei utdanning som byggjer på ei avslutta sjukepleiarutdanning. Når jordmorutdanninga byggjer på ei avslutta sjukepleiarutdanning, krevst det at utdanninga anten skal vere på to år eller på halvanna år med etterfølgjande yrkeserfaring.

EU-direktiva gjev med andre ord ulike alternativ for å nå minstekrava. Dette viser utdanningsnivået i dei enkelte medlemsstatane då direktiva blei vedtekne. Ein kan t.d. bli godkjend jordmor i Noreg med ei treårig utdanning på vidaregåande skules nivå frå eit anna EØS-land.

Den norske toårige jordmorutdanninga, som byggjer på treårig sjukepleiarutdanning og eitt års praksis, må seiast å liggje på høgste nivå samanlikna med EU-krava.

Om vi ser nærare på enkelte detaljar i direktiva, inneheld rådsdirektiv 80/155 eit vedlegg med krav til den kliniske undervisninga, dvs. krav som skal oppfyllast i praksisåret. Dette gjeld t.d. krav om deltaking i eit minste tal fødslar og prenatale undersøkingar. Departementet vil be helsestyresmaktene om ei nærare vurdering når det gjeld oppfyllinga av desse krava i praksisåret. Det kan òg vere ønskjeleg med mindre justeringar i noverande utdanning for å skape endå betre samordning mellom teoretisk og praktisk undervisning og betre rettleiing i praksisåret.

Samfunnsutviklinga medfører stadig endra krav til kompetanse i alle yrke. Også jordmødre blir stadig stilte overfor nye krav i utøvinga av yrket, nye arbeidsoppgåver og nye utfordringar. Dette gjeld t.d. i samband med innføring av obligatorisk jordmorteneste i kommunane. Departementet følgjer denne utviklinga og vil vurdere nødvendige revisjonar av jordmorutdanninga i samarbeid med m.a. helsestyresmaktene, yrkesorganisasjonane og andre partar.

Marit Lefdal (A): Eg takkar statsråden for eit positivt svar.

Eg ber likevel statsråden i det vidare arbeidet ta omsyn til samfunnsutviklinga på dette området, ikkje minst dei fødande sin rett til å vere med på å ta avgjerder og jordmødre sitt omsorgsarbeid i samband med svangerskap, fødsel og oppfølgingsarbeid. Dette medfører auka krav til kunnskap og kompetanse for denne yrkesgruppa.

Kva vil statsråden gjere for å skape enda betre samordning mellom teoretisk og praktisk undervisning og betre rettleiinga i praksisåret?

Statsråd Reidar Sandal: Representanten Lefdal peika på at det vil vere nødvendig å ta omsyn til samfunnsutviklinga når ein vurderer jordmorutdanninga for framtida. Det er eit omsyn eg er einig i må takast, og eg vil òg streke under at det poenget blei peika på i slutten av det svaret eg gav til spørsmålet.

Når det gjeld det andre spørsmålet som representanten Lefdal reiste, spørsmålet om samordning og betre rettleiing i praksisåret, streka eg under at det òg kan vere ønskjeleg å sjå på justeringar for å skape betre samordning og få til betre rettleiing i praksisåret. Dette er eit arbeid som Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet kan bidra med, men det er òg eit arbeid som vi er avhengig av at helsestyresmaktene tek del i. Ein slik kontakt mellom ulike instansar vil bli etablert.

Marit Lefdal (A): Eg takkar òg statsråden for dette svaret.

Det er positivt at departementet vil vurdere nødvendige revisjonar av jordmorutdanninga i samarbeid med helsestyresmaktene, yrkesorganisasjonane og andre partar.

Kan statsråden seie når ein kan vente at dette arbeidet med å oppdatere forskrifter og auke kvaliteten på jordmorutdanninga vil liggje føre?

Statsråd Reidar Sandal: Departementet arbeider med dette spørsmålet, slik som eg har gjort greie for. Men eg kan ikkje på dette tidspunktet seie når ein vil kunne endre eventuelle forskrifter. Det er, som eg peikte på, avhengig ikkje berre av arbeidet i Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet, men òg i andre aktuelle departement. Men eg vil understreke at vi prioriterer arbeidet med dette saksfeltet.