Stortinget - Møte onsdag den 13. mars 1996

Dato: 13.03.1996

Tilbake til spørjetimen

Spørsmål 26

Erling Folkvord (RV): Eg skal få stille følgjande spørsmål til kyrkje-, utdannings- og forskingsministeren:

Ei kvinne som kommer til Norge fordi hennes mann studerer her, har etter at kvoteordninga for utenlandsstudenter ble innført, ingen mulighet til å få opphold for å studere her i landet. Det vil si at selv om hun starter et studium, ville hun likevel sendes hjem med en gang mannens studium er ferdig. Kvinner blir under denne ordninga definert som « påheng » til mannen, og ikke som sjølvstendig individ.

Kan ministeren gå god for denne forma for kvinnediskriminering?

Statsråd Reidar Sandal: Eg kjenner ikkje til den saka som spørsmålet frå representanten Folkvord har sitt utgangspunkt i, og eg må derfor kommentere dette på generelt grunnlag.

Kvoteordninga for utanlandsstudentar blei innført frå og med haustsemesteret 1994. Målsetjinga med denne ordninga er på ein betre måte enn tidlegare å kunne tilføre studentar relevant kompetanse som kan komme heimlanda til gode når dei reiser tilbake etter avslutta utdanning. Lånet blir såleis gjort om til stipend når støttemottakaren reiser tilbake til heimlandet for å busetje seg der varig. Ved seinare revidering av ordninga tok departementet omsyn til Stortinget si behandling av spørsmål i samband med kvoteordninga våren 1995. Eg viser her til Innst.S.nr.144 (1994-1995).

Kvoteordninga gjeld for studentar som er tekne opp på godkjende utdanningsprogram ved universitet og høgskular. Det er ein føresetnad at programma er i tråd med vilkår fastsette av departementet. Ektefellar som ikkje er tekne opp på kvoteprogram, må i så fall søkje om opphald i landet på anna grunnlag. Dette er spørsmål som blir regulerte gjennom innvandringslovgivinga.

Erling Folkvord (RV): Det er jo slik da at likevel handlar dette om utdanning og likestilling. Berre 25 % av studentane på kvoteprogrammet ved Universitetet i Bergen er kvinner. I teorien, etter reglane, har kvinner lik moglegheit som menn til å kome til Noreg for å studere, men det er jo slik i dei fleste land i verda at det er svært få kvinner som har høgare utdanning. Og skal kvinnene studere i Noreg, må dei først ha vidaregåande skole for å kvalifisere seg til universitetsstudia, og det er ein del vidare krav som blir stilte i Noreg. Det er for så vidt i dag nærmast umogleg å få opphaldsløyve i Noreg for å gjennomføre utdanning på vidaregåande skole sitt nivå og universitetsnivå. Resultatet er at kvinner ikkje får opphaldsløyve for å studere i Noreg viss dei er komne til Noreg saman med ein mann som skal utdanne seg. Spørsmålet er da: Er statsråden einig i at kvoteprogramma, med dei reglane som gjeld i dag, framstår som eit tilbod berre til den mannlege eliten, og at det trengst særskilde tiltak for kvinner?

Statsråd Reidar Sandal: Etter reglane i dag er det slik at Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet behandlar spørsmålet om kvoteordning for utanlandske studentar, dvs. spørsmålet om studieplassar og studiestøtte, mens Justisdepartementet behandlar spørsmål om opphaldsløyve, utan omsyn til om dei skal studere eller ikkje.

Så peikar representanten Folkvord riktig på at reglane ikkje gjev noka diskriminering av kvinner i forhold til menn på dette området, og eg har lyst til å understreke nettopp det poenget. Dei reglane som gjeld for kvoteordningar, har ikkje noko med sivil status å gjere, og heller ikkje noko med kjønn å gjere, men det avgjerande er om ein fyller dei vilkåra som er sette til godkjende utdanningsprogram.

Erling Folkvord (RV): Slik sett er det altså eit nytt eksempel på den uendelege rekkja av systematiske samantreff som slår negativt ut for kvinner. Norsk Studentunion i Bergen jobbar for å lette kvinner sitt innpass i kvoteprogrammet. Eg meiner at same kva for ein statsråd som har ansvar, eller om fleire statsråder har ansvar sammen, må Regjeringa ta ansvaret for at kjønnsskeivskapen blant utanlandsstudentane blir retta opp ved å gi kvinner reell moglegheit til å studere i Noreg og ikkje berre som studentar på lånt tid i følgje med ektefelle eller andre. NSU har lenge jobba for å få nedsett eit offentleg utval som kan utgreie utanlandsstudentane sin situasjon i Noreg generelt og kvinners situasjon spesielt. Eg vil igjen spørje om statsråden ser behovet for å få ei slik utgreiing, slik at vi får eit felles faktagrunnlag å halde oss til, og slik at vi kan ha det som grunnlag for å vurdere om utvekslingsprogramma fyller sin misjon også når det gjeld likestilling og lik adgang til utdanning for begge kjønn.

Statsråd Reidar Sandal: Eg vil gjerne ha ei tilnærming til denne saka i forhold til det som var utgangspunktet for representanten Folkvord sitt spørsmål, nemleg det spørsmålet som har med kvoteordningar å gjere. Eg har lyst til å seie at eg sjølvsagt er opptatt av at vi skal ha ei ordning som verkar tilfredsstillande, og vi skal ha ei ordning som framleis skal gjere det mogleg å gjere om lån til stipend når den som har rett til støtte, vender tilbake til heimlandet sitt på varig basis.

La meg òg kommentere det konkrete spørsmålet som blei reist: I dag er ordninga slik at landet vårt brukar ambassadane i ulike land til å gjere ordninga kjend, til å informere om den. Og eg vil seie det slik at eg vil gjerne at vi skal ha eit ope blikk for at det skal vere ein rimeleg balanse mellom dei ulike kjønna.

Presidenten: Dermed er sak nr. 1 slutt.