Stortinget - Møte onsdag den 8. mai 1996

Dato: 08.05.1996

Tilbake til spørjetimen

Spørsmål 30

Trond Mathisen (A): Jeg vil få stille følgende spørsmål til kirke-, utdannings- og forskningsministeren:

Barn og unge skal føle seg trygge på skolen. Tryggheten er viktig for elevenes skolemotivasjon så vel som for deres trivsel. Her har lærerne et viktig ansvar. Det viser seg imidlertid at mange lærere i grunnskolen plager eller mobber sine elever.

Hvilke tiltak vil statsråden foreslå for å hindre at elever blir utsatt for slik mobbing?

Statsråd Reidar Sandal: Barn og unge skal kjenne seg trygge på skulen. Dette er viktig for motivasjonen, trivselen, innsatsen og den personlege utviklinga deira. Departementet og Foreldreutvalet for grunnskulen, som er rådgjevande organ for departementet, har gjennom åra motteke mange spørsmål om mobbing - det gjeld både elevar imellom og mellom lærar og elev. Problema er såleis ikkje ukjende for departementet.

Grunnskulelova seier om arbeidsmiljøet i § 16, siste ledd:

Kroppsleg refsing eller anna krenkjande behandling må ikkje nyttast.

I forskrifta for grunnskulen er dette nærmare omtalt i § 2-2, slik:

Ein må ikkje behandle nokon elev krenkjande. Det må reknast som krenkjande behandling om ein lærar i tiltale til - eller i omtale av - ein elev viser til manglande fysiske eller mentale føresetnader, til svikt i oppseding og miljø, eller syner vanvørnad for kulturbakgrunn, livssyn eller tru hos eleven eller foreldra.

Departementet har arbeidd aktivt mot mobbing i skulen i mange år. I desse dagar blir det drive opplæring av ressurspersonar frå alle fylka. Det faglege innhaldet er Senter for atferdsforskning ved Høgskolen i Stavanger ansvarleg for, og Statens utdanningskontor er arrangør. Ressurspersonane skal verke i lokalmiljøa som rettleiarar og kurshaldarar. I tillegg har alle grunnskular og skular for vidaregåande opplæring fått tilsendt nyutvikla rettleiingsmateriell. Også elevane blir mobiliserte i denne saka. Desse tiltaka er ledd i Regjeringa sin handlingsplan mot vald: « Trygghet og nærhet i hverdagen ». Å rette merksemda mot mobbeproblemet generelt vil kunne ha preventiv verknad også på mobbing som somme elevar er utsette for frå læraren.

Med heimel i lov om helsetenesta i kommunane blei det 1. januar 1996 sett i verk forskrift om miljøretta helsevern i m.a. barnehagar og skular. Denne forskrifta inneheld føresegner om internkontroll av helse, arbeidsmiljø og tryggleik, og omfattar såleis det psykososiale miljøet. Forskrifta fangar dermed også opp det problemet det i denne samanhengen blir stilt spørsmål om.

Departementet er i ferd med å gjennomgå utdanningslovene og vil fremje ein lovproposisjon i haust. I den samanhengen blir det vurdert korleis elevane sine rettar til eit trygt skulemiljø best kan takast vare på.

Lærarutdanninga blir òg gjennomgått i departementet, og desse spørsmåla vil bli tekne opp i denne samanhengen.

Med dei tiltaka som er i gang, eller som vil bli sette i verk, vonar departementet å vere eit godt stykke på veg til å møte desse problema. Det vil likevel vere på det lokale nivået problema må løysast. Eit viktig element her er den leiaropplæringa som går føre seg i skuleverket overfor den einskilde skuleleiaren.

Departementet vil følgje utviklinga nøye.

Trond Mathisen (A): Jeg takker for svaret og de positive signaler som statsråden viser til i sitt svar. Det at en retter søkelyset på mobbing generelt, vil også kunne ha preventiv virkning på mobbing som skjer fra lærer overfor elever.

Statsråden viser til departementets gjennomgang av utdanningsloven, og til at det her vil vurderes hvordan elevenes rettigheter til et trygt skolemiljø best kan sikres.

For dem som lider under mobbing, er intensivering i tid og at endringer skjer så raskt som mulig, viktig. Vil statsråden arbeide for å påvirke dette feltet i lovproposisjonen som kommer til høsten?

Statsråd Reidar Sandal: Eg føler meg trygg på at representanten Mathisen og eg har felles interesse av og felles engasjement i spørsmål som knyter seg til mobbing.

Som eg gjorde greie for i svaret mitt, har departementet over tid arbeidd aktivt med dette. I den tida eg har vore i Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet, har ein lagt vekt på å intensivere arbeidet på dette feltet. Problemstillinga omkring mobbing vil bli vurdert og dregen inn i det arbeidet eg gjorde greie for i hovudsvaret mitt, og som eg oppfatta at representanten Mathisen var samd i.