Inga Kvalbukt (Sp):
Jeg har følgende
spørsmål til kirke-, utdannings- og forskningsministeren:
Jeg er kjent med at Høgskolen i Nesna
har søkt om å få opprette studentsamskipnad, som har vist seg å være en
hensiktsmessig måte å ivareta studentvelferd på. Den som eier eller driver
en utdanningsinstitusjon, har et lovpålagt ansvar for å legge forholdene til
rette for å løse velferdsoppgaver for elevene/studentene.
Hva vil statsråden gjøre for å
oppfylle loven på dette området, og imøtekomme Nesna-studentenes ønske om og
behov for egen studentsamskipnad?
Statsråd Reidar Sandal:
Eg vil ta
utgangspunkt i St.meld.nr.14 (1993-1994) og den nyleg framlagde Ot.prp.nr.56
(1995-1996), der ein legg vekt på at utdanningsinstitusjonane skal ha eit
overordna ansvar for studentvelferda.
I både meldinga og
odelstingsproposisjonen legg ein til grunn at studentsamskipnadene framleis
skal ha ansvaret for drifta av velferdstiltak for studentar. Det blir
nedfelt som eit viktig prinsipp at alle høgre utdanningsinstitusjonar skal
knytast til ein studentsamskipnad. Departementet gjekk i meldinga inn for
at talet på studentsamskipnader ikkje skulle utvidast i høve til noverande
struktur. Dette inneber at institusjonar som ikkje er tilslutta ein
studentsamskipnad, normalt bør leggjast til ein eksisterande samskipnad.
Under behandlinga av meldinga gav
Stortinget i
Innst.S.nr.101
(1993-1994) uttrykk for at det er viktig å gje samskipnadene eit forsvarleg
økonomisk grunnlag, og at departementet i det einskilde tilfellet skulle
treffe vedtak om høgskulane si tilknyting til eksisterande samskipnader, og
om nye samskipnader skal opprettast. Fleirtalet i stortingskomiteen viste
til at i ei slik vurdering bør ein òg ta omsyn til studentane sitt syn.
Etter dette har departementet i Ot.prp.nr.56 uttrykt at ein vil avgjere ein
institusjon si tilknyting til studentsamskipnadene ut frå ei samla
vurdering, der m.a. noverande samskipnadsstruktur og økonomiske og
geografiske forhold kan takast omsyn til. I tillegg vil ein leggje vekt på
vurderinga til institusjonane og studentane.
Høgskolen i Nesna er ikkje med i ein
samskipnad. Høgskulen og studentane i Nesna har gått inn for å opprette ein
eigen studentsamskipnad på staden. I vurderinga av denne saka har ein lagt
vekt på at ein samskipnad må ha økonomisk tyngd for å kunne utvikle velferda
på staden, noko som ofte ikkje vil vere tilfellet for samskipnader som berre
organiserer velferda for studentar ved små institusjonar. Høgskolen i Nesna
er med sine om lag 700 studentar ein etter måten liten institusjon. Ut frå
dette har ein kome til at det er naturleg at høgskulen blir knytt til
Studentsamskipnaden i Bodø. Denne samskipnaden vil kunne få eit godt
grunnlag for i samarbeid med Høgskolen i Nesna å drive og utvikle
studentvelferda i tråd med dei behov som vil måtte melde seg på staden. Eg
legg vidare til grunn at samskipnaden vil organisere verksemda slik at ein
tek vare på Nesna-studentane si særskilde stilling i forhold til
samskipnaden.
Eg vil til slutt peike på at det er
viktig at den velferdsorganiseringa som ein vel, er i stand til å gje eit
godt tilbod til studentane. Situasjonen i Nesna vil eg følgje nøye. Om
nødvendig kan det bli snakk om å øyremerke midlar t.d. til bustadformål.
Inga Kvalbukt (Sp):
Jeg takker
statsråden for svaret, og jeg er glad for at han vil ha spesiell
oppmerksomhet rettet mot Nesna.
Departementet har, som statsråden sa,
gått inn for ikke å utvide antall samskipnader som en hovedregel. Men som
kjent er det ingen regel uten unntak, og i Ot.prp.nr.56 sies det også at
departementet skal kunne fatte avgjørende vedtak om samskipnad skal kunne
opprettes. Det tolker jeg sånn at det fremdeles er anledning til å opprette
nye samskipnader.
Når departementet skal ta den endelige
avgjørelsen i forhold til Nesnas søknad, håper jeg det blir tatt hensyn til
de ulike utfordringer ved så forskjellige miljø som f.eks. i Bodø og Nesna,
og at også avstand og kommunikasjonsmulighet blir vektlagt. Jeg vil minne
om at Nesna ligger i Nordland fylke, som har en lengde lik avstanden
Moss-Steinkjer. Det er en realitet som bør gjenspeiles i politiske vedtak
og tilrettelegging på forskjellige samfunnsområder.