Stortinget - Møte onsdag den 8. mai 1996

Dato: 08.05.1996

Tilbake til spørjetimen

Spørsmål 6

Arne Haukvik (Sp): « Dei som bur i Hellerud bydel får nattesvevnen øydelagd av store sprengingsarbeid i Gardermotunnelen. NSB svarar at fagrørsla har forhandla seg fram til arbeidstidene. NSB burde òg ta omsyn til dei som bur i området.

Vil statsråden syte for at det ikkje blir utført sprengingsarbeid mellom kl. 23.00 og kl. 06.00 slik bydelsutvalet krev? »

Statsråd Gunnar Berge: Det har vore sprengingsarbeid i tunnelen under Hellerud bydel sidan årsskiftet 1995/96. I denne perioden er det totalt sprengt 156 salver. Av desse er 20 sprengde etter kl. 23.00, og dei fleste av desse i tida mellom kl. 23.00 og 23.30. Sidan staden der ein skyt, stadig blir flytta framover, har den einskilde ibuande ikkje ulemper ved alle sprengingane.

Alle arbeidsplanar legg opp til at sprenging skal skje i god tid før kl. 23.00. Tidspunktet for lading og sprenging er knytte til skiftordninga. Når ein ved nokre høve har sprengt etter kl. 23.00, har dette si årsak i uventa problem etter at lading av salva er starta opp. I hovudsak kjem dette av svært variabel fjellkvalitet og innsig av vatn. Under slike høve er det av omsyn til tryggleiken for dei som arbeider i tunnelen, direkte uforsvarleg å vente med avfyring av salva til neste dag. Dette ville òg vere i strid med gjeldande lovgjeving, lov om eksplosive varer.

Om ei veke passerer arbeidet i tunnelen bydelsgrensa mot Austmarka. Ulempene blir difor stadig mindre etter kvart som arbeidet kjem inn i område med færre busette.

Ut frå dei arbeidsplanar ein arbeider etter, og det avgrensa omfanget ein har hatt av sprenging etter kl. 23. 00, finn Samferdselsdepartementet det ikkje rimeleg å endre rutinane for sprenging.

Arne Haukvik (Sp): Eg takkar for svaret. Eg skjønar at det er uforsvarleg å vente med å fyre av salva dersom ein har gjort den klar. Men eg skulle tru at dei som arbeider der, ikkje er nybegynnarar. Dei burde kunne rekne ut kor lang tid det tar å fyre av og lage hola. Det ville vere merkeleg om det var slike hobbyamatørar som dreiv der. Det trur eg ikkje at det er.

Det var eit litt svakt svar. Dette er i grunnen nok eit prov på det hastverksarbeid som heile Gardermo-utbygginga og Gardermobanen er bygt på. Ein måtte jo rekne med at det tar litt tid når ein skal skyte og lage ein så lang tunnel. Det har heller ikkje vore noka løysing for NSB frå Etterstad og ned til Oslo S. Dette er nok eit prov på hastverksarbeidet til Regjeringa og statsråden for å gjennomføre dette.

Det er bra at arbeidet nå nærmar seg ein annan kommune. Da vil vel arbeidet skje under skogen, og da er det kanskje ikkje så farleg.

Dette er nok eit eksempel på kor lettvint statsbanane og departementet handterer naboane der dei fer fram.

Statsråd Gunnar Berge: Det er jo slik som representanten Haukvik nå sa, at dette blir et stadig mindre problem etter hvert som en kommer lenger bort fra de områdene hvor det bor folk. Men jeg vil også minne om at dette problemet er av begrenset omfang. Som jeg nevnte i mitt svar, er det altså 20 sprengninger som er utført etter kl. 23, og de aller fleste av disse i tidsrommet kl. 23 til kl. 23.30. Jeg syns ikke en skal overdrive omfanget av dette problemet.

Arne Haukvik (Sp): Eg takkar for svaret. Det er klart at me ikkje skal overdramatisere. Men for dei som bur der, har det vore dramatisk. Lokalavisene har side opp og side ned om at NSB trassar forbod, dagmulkter til NSB og arrogante statsbanar. Det er den salva NSB får for den oppførselen dei har hatt. For oss som ikkje bur akkurat der, er det ikkje noko stort problem, sikkert ikkje for statsråden heller. Men for dei som bur der, har det vore eit problem. Me får håpe NSB og statsråden lærer av dette.