Stortinget - Møte onsdag den 8. mai 1996

Dato: 08.05.1996

Tilbake til spørjetimen

Spørsmål 5

Arne Haukvik (Sp): « VG hadde 24. april 1996 stort oppslag om at tre konsulentfirma har funne ut at politikardraumen om NSB-tunnel under Gamlebyen var umogeleg å gjennomføre. Senterpartiet var det første partiet som gjekk inn for denne tunnelen, og vi var sjølvsagt interessert i å få lese rapportane. Ved spørsmål til Samferdselsdepartementet fekk vi tilbakemelding om at vi ikkje kunne få rapportane før 15. mai.

Kvifor har VG fått rapportane før interesserte stortingsrepresentantar? »

Statsråd Gunnar Berge: Så langt Samferdselsdepartementet kjenner til, har ikkje VG fått nokon av dei konsulentrapportane som er utarbeidde i samband med utgreiinga om jernbanetunnel gjennom Gamlebyen.

Som representanten Haukvik er kjend med, legg Samferdselsdepartementet den 15. mai konsekvensutgreiinga frå NSB ut til høyring og offentleg ettersyn. Dette er i samsvar med retningslinene i plan- og bygningslova. Senterpartiet, som dei øvrige politiske partia, vil då få utgreiinga på høyring.

I arbeidet med konsekvensutgreiinga har NSB engasjert ei rekkje private konsulentfirma. Konsulentrapportane blir gjorde offentlege samstundes med at den samla utgreiinga blir offentleg den 15. mai. Dette gjeld m.a. rapportane som omhandlar den teknisk/økonomiske utgreiinga, og dei drifts- og marknadsmessige konsekvensane ved ei eventuell utbygging.

Samferdselsdepartementet har på si side også engasjert fleire firma til å kvalitetssikre arbeidet på fleire område. Rapportane frå desse vil òg vere offentlege frå 15. mai.

Tida for høyring vil vere tre månader, fram til 15. august. Samferdselsdepartementet vil etter å ha motteke fråsegn frå høyringsinstansane ta stilling til utgreiingane og leggje saka fram for Stortinget i haust, slik som tidlegare føresett.

Arne Haukvik (Sp): Eg takkar for svaret frå statsråd Berge, da Kjell Opseth er i Stavanger. Han skulle truleg delta i Humorfestivalen, noko dei fleste av oss kunne ha godt av.

Eg merka det at eg ikkje fekk noko svar av statsråd Berge. Eg spurde kvifor VG har fått rapportane før oss vanlege dødelege, men det ville han ikkje ut med, eller kanskje han ikkje veit det. Ein stad har dei i alle fall fått dei.

Ikkje nok med det, NSB-direktøren har sjølv den 3. mai i Arbeiderbladet gått sterkt ut og referert til den same rapporten. Det verkar som NSB og departementet nå brukar tida før vi andre får lest rapporten, til å hamre på og så tvil om det går an å gjennomføre tunnelar i Gamlebyen.

Eg lurer på om dei har gløymt stortingsvedtaket om at me skal ha tunnel i Gamlebyen. Det verkar som dei har gløymt at det alt ligg to tunnelar ferdig i Gamlebyen, og dei har legge der i 70 år. Eg vil òg minne om at framlegget frå Senterpartiet vart sendt til NTH i Trondheim, og at det der fekk stor fagnad for løysinga.

Statsråd Gunnar Berge: Vi kan jo lese i VG at de får både det ene og det andre før de egentlig skulle hatt det, og før dokumentene er tilgjengelig for andre. - Det var bare en generell bemerkning.

For øvrig svarte jeg på spørsmålet fra representanten Haukvik, idet jeg sa:

Så langt Samferdselsdepartementet kjenner til, har ikkje VG fått nokon av dei konsulentrapportane som er utarbeidd i samband med utgreiinga om jernbanetunnel gjennom Gamlebyen.

Det mener jeg er et svar på spørsmålet.

Arne Haukvik (Sp): Eg takkar for svaret.

Eg trur gjerne at departementet sjølv ikkje har gått til VG. Men da burde i alle fall departementet ha umaka seg og prøvt å finne ut kven det er som har skaffa VG desse rapportane. Det synest eg er det minste dei kunne gjere når vi andre bryr oss om det og stiller spørsmål om det i Stortinget.

Statsråd Gunnar Berge: En kan gjerne forsøke seg både på det ene og andre. Jeg vet ikke om representanten Haukvik noen gang har prøvd i forhold til VG eller andre aviser å få oppgitt hvilke kilder de har for sine opplysninger. Jeg har i alle fall aldri lykkes i så måte. Det er ikke mange ganger jeg har spurt heller, fordi jeg kjenner svaret på forhånd.

Det fins ikke noe annet svar enn det jeg gav i mitt første svar til representanten Haukvik, at Samferdselsdepartementet altså ikke kjenner til dette.