Siri Frost Sterri (H):
Jeg har
følgende spørsmål til kirkeministeren:
Det vises til
Innst.O.nr.46
(1995-1996) og
B.innst.S.nr.12
(1996-1997) når det gjelder Stortingets ønske om å gjøre Trondheim til
« kirkehovedstad ».
Hvilke initiativ kan statsråden vise
til for å bidra til dette?
Statsråd Reidar Sandal:
Med dei
kyrkjelege tradisjonane som knyter seg til Nidaros heilt tilbake til Olav
den heilage, med den praktfulle katedralen og i tillegg Erkebispegarden, som
snart er ferdig gjenreist, står Trondheim fram som det kyrkjelege sentrum i
Noreg.
I innstillinga i samband med ny
kyrkjelov bad komiteen departementet om
i
samråd med Den norske kyrkja vurdere korleis tradisjonen knytta til Nidaros også
kan speglast i form av til dømes plassering av sentrale kyrkjelege organ og møteverksemd
i Trondheim
Dette har departementet tatt opp med
Kyrkjerådet. Og som representanten Frost Sterri sikkert er kjend med, hadde
Kyrkjerådet nyleg møte i Trondheim. Vidare skal Kyrkjemøtet, som elles dei
fleste åra har lagt samlinga si til Bergen, i år haldast i Trondheim, slik
Stortinget la til rette for med ei særskild løyving på 300.000 kr. Om
Trondheim for framtida skal vere fast møtestad for Kyrkjemøtet, er etter
mitt syn eit spørsmål som organet sjølv må få avgjere. Når det gjeld
Kyrkjerådet sitt sekretariat, som har kontor i Oslo, går eg ut frå at
komiteen ikkje har meint at departementet skal flytte dette til Trondheim
utan at Kyrkjemøtet ytrar ønske om det.
Bispemøtet er eit anna sentralt
kyrkjeleg organ som normalt samlast til møte to gonger i året. Det er
tradisjon for å leggje det eine av desse møta til Oslo, men biskopane avgjer
sjølve kvar dei skal møtast. Elles har Bispemøtet ein preses, dvs.
ordførar, som biskopane vel i sin midte kvart år. Det har vore tradisjon å
velje biskopen i Oslo til dette vervet, men det er ingen regel som seier at
det skal vere slik. Bispemøtet har òg ein sekretær. Praktiske grunnar gjer
at denne bør ha sitt kontor i tilknyting til den som til kvar tid er preses.
Når det gjeld nye konkrete tiltak som
vil gjere Trondheim sin sentrale plass i det kyrkjelege biletet synleg, vil
eg vise til at det no er under etablering både eit liturgisk senter og eit
middelaldersenter i Erkebispegarden. Eg kan òg nemne at departementet har
løyvd midlar til ulike tiltak i samband med Trondheim by sitt
1000-års-jubileum. Men det viktigaste bidraget er sjølvsagt gjenreisinga av
Erkebispegarden og opprustinga av Vestfrontplassen, som skal stå ferdig til
sommaren. Dette har vore eit stort løft som har kosta over 100 mill. kr.
Kirsti Kolle Grøndahl hadde her
gjeninntatt presidentplassen.
Siri Frost Sterri (H):
Jeg takker
kirkeministeren for svaret, som jeg oppfatter som positivt i forhold til det
spørsmålet jeg hadde stilt. Jeg oppfatter at også kirkestatsråden er
opptatt av at Nidaros skal være et viktig knutepunkt, ikke bare
kirkehistorisk, men også i forhold til kirkelig aktivitet inn i et nytt
tusenår. Han nevner jo selv tre viktige funksjoner, organer, møtevirksomhet
i den sammenheng.
La meg ta det i tur og orden.
Spørsmålet om permanent sted for Kirkemøtet er kanskje mest akutt. Vil
statsråden benytte den tenkepausen som Kirkerådet nå har bevilget seg før
det tar en endelig avgjørelse i løpet av mai, til å drøfte dette nærmere med
Kirkerådet og kanskje hjelpe til med de vurderinger rådet skal ta?
Statsråd Reidar Sandal:
Det er riktig
som representanten Frost Sterri peikte på, at det er tatt ei rekkje
initiativ for å plassere Trondheim i det kyrkjelege sentrumet som byen har
vore i og bør vere i. Vi har ei rekkje konkrete eksempel på at ei aktiv
oppfølging her har skjedd.
Når det gjeld fast stad for
Kyrkjemøtet, som representanten Frost Sterri stiller konkret spørsmål om no,
vil eg vise til at departementet i juli i fjor vende seg skriftleg til
Kyrkjerådet. Det har òg seinare vore ført samtalar om spørsmålet med
Kyrkjerådet utan at det er blitt trekt nokon konklusjon. Eg er opptatt av
at vi må ha høve til å samrå oss om dette spørsmålet før det blir trekt
endeleg konklusjon. Kva den vil bli, er det for tidleg å seie noko om i
dag.
Siri Frost Sterri:
Jeg takker nok en
gang for svaret og oppfatter det slik at også statsråden nå ser muligheten
for eventuelle samtaler med Kirkerådet før det tar en endelig bestemmelse.
Jeg er enig med statsråden i at til syvende og sist må Kirkerådet selv ta
denne bestemmelsen, men det kan i hvert fall ikke være noen tvil om
Stortingets ønske om at det kan bli et permanent møtested i de nyoppussede
og restaurerte lokalene i Erkebispegården.
For øvrig har jeg merket meg det
statsråden også her selv nevnte, nemlig spørsmålet om eventuell flytting av
Kirkerådet og sekretariatet, og spørsmålet om preses for Den norske kirke.
Jeg er enig i at man her bør gå nennsomt frem, og det må være opp til Den
norske kirke selv å ta slike bestemmelser, men det er klart at det er ikke
uinteressant hvilke initiativ statsråden tar.
Statsråd Reidar Sandal:
Eg vil gje
påskjøning til representanten Frost Sterri for den balanserte tilnærminga ho
har til dette spørsmålet, der ho òg peikar på den medråderetten som
Kyrkjerådet må ha når det gjeld det som her blir drøfta.
Representanten Frost Sterri peikar
vidare på at det ikkje må rå tvil om kva Stortinget har meint om dette. Eg
skal ikkje no invitere til ein tett debatt om det, men formuleringa frå
stortingskomiteen si side, som ein finn i
Innst.O.nr.46
(1995-1996), er kanskje ikkje så eintydig som representanten Frost Sterri
prøvde å gi inntrykk av. Den lyder slik:
Fleirtalet
vil be departementet i samråd i Den norske Kyrkja vurdere korleis tradisjonen
knytta til Nidaros også kan speglast i form av til dømes plassering av sentrale
kyrkjelege organ og møteverksemd i Trondheim.