Stortinget - Møte onsdag den 23. april 1997

Dato: 23.04.1997

Tilbake til spørjetimen

Spørsmål 13

Are Næss (KrF): Jeg tillater meg å stille følgende spørsmål til kirke-, utdannings- og forskningsministeren:

Ifølge pressen har det spesielt i den senere tid vært sterk uro i Norges forskningsråd. Etter at forskningsrådet har fått ny ledelse, er det fortsatt uro, og bl.a. lederen i Norsk Forskerforbund uttrykker sterk bekymring over problemene i forskningsrådet.

Deler statsråden denne bekymringen, og hva vil han i tilfelle gjøre?

Statsråd Reidar Sandal: Fleire avisoppslag i seinare tid kan gi inntrykk av eit forskingsråd i konstant krise. Det er etter mi oppfatning ikkje eit riktig bilete.

Forskingsrådet fungerer gjennom eit samspel mellom styresmaktene, forskarar og brukarar av forsking. Forskingsrådet skal gi Regjeringa råd i spørsmål som gjeld norsk forsking, og det forvaltar samtidig store statlege løyvingar. Rådet blir styrt av det regjeringsoppnemnde hovudstyret, som igjen oppnemner seks områdestyre med ansvar for kvart sitt fagområde. Ein stor del av midlane blir disponerte gjennom forskingsprogram, med programstyre som blir oppnemnde av områdestyra. I områdestyra sit det både forskarar og brukarar.

Som ein skjønner av dette, er Forskingsrådet ein kompleks struktur, og det ligg innebygd spenningar i sjølve strukturen, spenningar som går mellom områdestyre, hovudstyre og administrasjon, mellom mangfald og einskap. Det landskapet Forskingsrådet opererer i, er ikkje mindre komplisert. Rådet får tilskot frå 14 departement. Brukargruppa omfattar alle sektorar i næringslivet, heile universitets- og høgskulesektoren, ein samansett instituttsektor og - igjen - dei fleste departementa med underliggjande etatar og forvaltningsorgan.

Eg har merka meg at det på ny har oppstått uro i rådet i form av ein diskusjon om oppgåve- og ansvarsdeling mellom områdestyra. Mi oppfatning er at årsakene denne gongen er langt mindre alvorlege enn dei var i dei to første åra etter at rådet blei etablert. Det er heller ikkje dekning for fleire av dei påstandane som er blitt framsette i pressa, og som skulle vere grunnlaget for uroa. Eg har derfor tiltru til at Forskingsrådet sjølv vil handtere saka på ein god måte. Men eg vil sjølvsagt følgje nøye med i utviklinga i Forskingsrådet som eit ledd i ei løpande vurdering av rådet sitt arbeid.

Samtidig er det viktig å vere klar over at når vi først har vedtatt ei reform, må den få tid til å verke. Dessutan er det gjerne slik at diskusjon og usemje også kan vere noko positivt; det kan vere eit verkemiddel for å arbeide fram dei beste løysingane. I den neste forskingsmeldinga, som vil bli lagd fram i 1998, vil erfaringane med Norges forskningsråd bli drøfta. Deretter vil forskingsrådsreforma bli underkasta ei grundig evaluering.

Are Næss (KrF): Jeg takker statsråden for svaret.

Både storting og regjering bør vel innrømme at forskningen og forskningsrådet ikke har fått de beste økonomiske rammer, og at dette bør rettes opp. Det vil kanskje ha en positiv virkning.

Når statsråden hevder at det ikke foreligger en konstant krise i forskningsrådet, er vel det en definisjonssak. Når ifølge pressen fire av seks områdedirektører slutter i løpet av kort tid, oppfatter jeg det som ganske dramatisk. Det tyder på at problemene er generelle og ikke knyttet til de enkelte fagområder.

Er ikke statsråden enig i at norsk forskning vil lide under disse forhold, og at problemene nå må avklares og løses snarest mulig, og i et litt kortere perspektiv enn det statsråden antyder?

Statsråd Reidar Sandal: Når det gjeld dei økonomiske rammevilkåra, som representanten Næss viste til, er det Stortinget som har fastsett dei, og Regjeringa har lojalt følgt opp Stortinget sitt vedtak.

Elles meiner eg nok at bakgrunnen for at saka blir reist her, må vere ei intern drøfting mellom områdestyra i Forskingsrådet om ansvaret for naturvitskapleg grunnforsking. Eg viser i den samanheng spesielt til ein artikkel som stod i Aftenposten 1. mars i år, ein artikkel som må byggje på ei misforståing. Det er ikkje dekning for å hevde at ein innan medisin og helse skal bli fråtatt ansvaret for medisinsk grunnforsking, slik som det er blitt påstått. Det diskusjonen dreier seg om, er den administrative ansvarsdelinga og samarbeidet mellom dei ulike områda når det gjeld naturvitskapleg grunnforsking generelt.

Are Næss (KrF): Jeg takker statsråden også for dette svaret, som inneholdt en positiv opplysning.

Regjeringen sier i langtidsprogrammet om forskningsrådet:

For å sikre at organisasjonen utvikler seg i tråd med de forutsetninger som lå til grunn da Norges forskningsråd ble opprettet i 1993, legger Regjeringen opp til at det i løpet av den kommende langtidsprogramperioden foretas en evaluering av forskningsrådet og forskningsrådsreformen.

Med den situasjonen vi nå har, og den sterke uro som har vært, og som tydeligvis ikke er knyttet til enkelte områder, men til rådets organisasjon og administrasjon, vil ikke statsråden vurdere å fremskynde denne evalueringen akkurat på dette området, altså forskningsrådets organisasjon og administrasjon?

Statsråd Reidar Sandal: Det er rett, som representanten Næss viste til, at spørsmålet som har med Forskingsrådet og deira sentrale posisjon i norsk forskingspolitikk å gjere, er omtalt i langtidsprogrammet. Regjeringa har òg varsla at det neste år vil komme ei forskingsmelding. Deretter vil vi ha ei evaluering av heile forskingsrådsreforma. Eg meiner ikkje at situasjonen tilseier ei framskunding av den evalueringa, men eg vil likevel understreke at eg følgjer utviklinga i Forskingsrådet nøye. Eg følgjer den faktisk svært nøye, og eg er sjølvsagt opptatt av at det skjer konstruktivt arbeid der, og at ein ikkje brukar energi og krefter på interne dragkampar. Men det som er situasjonen i den aktuelle saka, som eg oppfattar er bakgrunnen for Næss sitt spørsmål, føreset eg at Forskingsrådet sjølv greier å handtere på ein konstruktiv måte. Men eg understrekar til slutt: Eg følgjer utviklinga svært nøye.