Hilde Frafjord Johnson (KrF):
Jeg
tillater meg å stille følgende spørsmål til olje- og energiministeren:
Arbeiderbladet den 29. mai 1997
avslører at det marginale Utkant-Norge er i ferd med å miste strømmen. NVE
viser til at fraflytting, utslitte ledningsnett og høyere krav til
lønnsomhet hos e-verkene vil øke antallet strømutkoblinger. Dette har blant
annet med det nye reguleringsregimet som NVE har vedtatt, å gjøre, samt lave
statlige tilskudd til linjenettet i grisgrendte strøk.
Hva vil energiministeren gjøre for å
sikre tilgangen på strøm i hele landet?
Statsråd Ranveig Frøiland:
Lat meg
gjera det heilt klårt: Ingen fastbuande i Noreg skal mista straumen i heimen
sin.
Det viktigaste verkemiddelet som
sikrar at målet vert nådd, ligg i energilova av 1990. E-verka som har
konsesjon for å byggja og driva distribusjonsnett i eit område, har ei
generell leveringsplikt, som i praksis betyr at alle fastbuande og faste
arbeidsplassar er verna mot å mista straumen.
Målet om at alle skal få straum er i
det alt vesentlege nådd i dag. I elektrifiseringsarbeidet fann e-verka og
NVE at det vart særs kostbart å knytta kundar til nettet enkelte stader. I
slike høve vart desse kundane forsynte med straum frå eit lokalt aggregat,
t.d. eit mikrovasskraftverk eller eit dieselaggregat. Staten gjev stønad
til investering og drift av slike aggregat. Om lag 100 kundar får slik
statsstønad i dag, og desse sakene vert prioriterte når dei knappe midlane
som vi har til rådvelde, vert fordelte.
Mens e-verka har arbeidd flittig for å
knytta kundar til nettet, har omverda endra seg. Folk har flytta bort frå
stader som fekk straum på 1950og 1960 talet. I mellomtida har alderen sett
sine spor på den infrastrukturen som er bygd opp. Og no er det spørsmål om
vi skal skifta ut infrastrukturen. Det er særleg spørsmål om vi skal leggje
nye kablar til fråflytta øyar. Kostnaden må dekkjast ved at dei andre
kundane betalar høgare overføringtariff. Det kan òg vera ei stor bør å
leggja på dei fastbuande i området.
Representanten Frafjord Johnson seier
at Arbeiderbladet har avslørt at det marginale Utkant-Noreg held på å mista
straumen. Ho held fram fråflytting, monopolreguleringa til NVE og låg
statsstøtte til investeringar i leiningsnetta som grunn.
Det er faktisk fråflytting som er
grunnen. Fastbuande har krav på straum. Same kva for monopolregulering vi
har, gjeld leveringsplikta. Og monopolkontrollen tek omsyn til at det er
meir kostbart å forsyna dei grisgrendte stroka av landet vårt. Det vert
særleg teke omsyn til sjøkablar. Og sjølv om statsstøtta har vore låg, er
støtta til aggregata som eg nemnde tidlegare, langt frå truga.
Hilde Frafjord Johnson (KrF):
Jeg
takker statsråden for svaret. Det er bra at statsråden garanterer at ingen
fastboende skal miste strømmen, men svaret er langt fra tilfredsstillende.
Det som er realiteten, er at vi har et nytt reguleringsregime fra NVE, som
bekymrer svært mange, der en faktisk legger til rette for en økt
effektivisering opp til 40 %. Dette har store konsekvenser for driften av
e-verkene, og det kan faktisk føre til - sier en del e-verksjefer som har
nettansvar - at de ser seg nødt til å foreta strømutkoblinger også i andre
marginale strøk.
Dette har med forsyningsplikten å
gjøre. Vil statsråden sikre at dette regelverket innebærer at ingen
fastboende og ingen næringsdrivende skal miste strømmen - at
forsyningsplikten omfatter dette?
For det andre kan jeg ikke skjønne at
dieselaggregater kan være et godt miljøtiltak i den situasjonen vi nå er i.
Det øker CO2-utslippene.
Statsråd Ranveig Frøiland:
Energilova
slår fast at e-verka har leveringsplikt til fastbuande. Dei skal vera
garanterte å få straum.
Om NVE har pålagt ein del e-verk eit
nytt reguleringsregime, har ikkje det noko med denne saka å gjera. Det er
klart at når ein har sett på den monopolsituasjonen som vore på nettet, har
det vore nødvendig for mange e-verk å effektivisera. Det har vore sagt frå
NVE si side at det kan alle gjera. Dei har sagt at 2 % må alle
effektivisera, men det er enkelte som bør gjera endå meir. Det trur eg er
den riktige vegen å gå - å sjå etter om det går an å effektivisera meir.
Men ein må ikkje blanda desse to tinga saman, for det er slik at e-verka har
leveringsplikt til dei fastbuande. Det er klart at det ikkje er nokon i
dette landet som skal vera redd for at dei ikkje skal få straum, når vi har
utbygd som vi har gjort tidlegare. Men det er altså ein del øyar som er
fråflytta.
Hilde Frafjord Johnson (KrF):
Jeg
takker statsråden for svaret.
Men det er ikke jeg som blander sammen
reguleringsregimet og strømutkoblinger. Det er e-verksjefene selv som har
ansvaret for monopoldelen på nettet, som selv sier at dette kan få slike
konsekvenser. Det tar vi på alvor, og jeg kan ikke forstå at man nå skal
argumentere for enda mer bruk av fossil energi i Norge ved å øke utbyggingen
av dieselaggregater som et alternativ. Vi må ha som mål å ha en
strømforsyning med vannkraft til hele landet. Da er det også betenkelig at
tilskuddene til linjenettet i grisgrendte strøk stadig vekk reduseres. Det
ble til og med foreslått nedlagt av foregående statsråd i departementet, men
der snudde heldigvis Arbeiderpartiets stortingsgruppe og tok til vettet.
Hvis statsråden skal ha sine ord i
behold med hensyn til strøm til hele landet, vil hun sørge for at
bevilgningene til tilskuddsordningen økes betydelig ved budsjettet for 1998?
Statsråd Ranveig Frøiland:
Når det
gjeld budsjettet for 1998, skal vi nok få høve til å koma tilbake til det.
Eg trur ikkje ein er avhengig av dei
midlane som er på statsbudsjettet for å halda leveringstryggleiken oppe i
landet, men det er eit viktig bidrag. Det er vi einige om. Det bør vi
framleis satsa på, at staten skal vera med og yta midlar til dette, fordi
det er viktig at vi har ein situasjon der linjenettet er slik at alle har
tryggleik for at dei får levert straum.
Eg synest ikkje ein skal gjera dette
til ein miljødebatt. Det får vera visse grenser! Vi har eitt eller to slike
aggregat, men eg har peikt på at det er ei moglegheit når linja har falt
ned. Men å gjera det til eit stort miljøproblem i Noreg synest eg faktisk
er å gå for langt.