Stortinget - Møte onsdag den 29. oktober 1997

Dato: 29.10.1997

Tilbake til spørjetimen

Spørsmål 18

Jan Simonsen (Frp): Jeg vil stille følgende spørsmål til kirke-, utdannings- og forskningsministeren:

Sivilingeniørutdanningen ved Høgskolen i Rogaland har høy kompetanse innen teknologiske fag. Høgskolen veileder doktorgradkandidater, men har ikke selvstendig rett til å tildele doktorgrad.

Vil kirke-, utdannings- og forskningsministeren gå inn for å gi sivilingeniørutdanningen ved Høgskolen i Rogaland anledning til å tildele doktorgrad?

Statsråd Jon Lilletun: Frå slutten av 1980-talet skjedde det ei sterk utbygging av den organiserte doktorgradutdanninga i Noreg. Bakgrunnen var eit behov for å styrkje rekrutteringa av forskarar og å byggje opp eit meir standardisert system på tvers av fagområda. Samstundes vart dei gamle, « frie » doktorgradane førte vidare, slik at det framleis skulle vere mogleg å ta doktorgraden utan å ha gått gjennom eit organisert forskaropplæringsprogram. Det er likevel slik at langt dei fleste doktorgradane som vert tekne no, er « nye » doktorgradar, og eg tolkar spørsmålet frå representanten Simonsen slik at det gjeld om Høgskolen i Stavanger skal kunne tildele graden dr.ing på bakgrunn av eit organisert forskarutdanningsprogram.

Dei politiske føringane for den breie utbygginga som har skjedd innanfor organisert forskarutdanning, er å finne i St.meld.nr.28 (1988-1989), Om forskning, og i handsaminga av meldinga i Stortinget, jf. Innst.S.nr.228 (1988-1989). Forslaga i stortingsmeldinga bygde i sin tur i stor grad på Hernes-utvalet sin NOU 1988:28, Med viten og vilje, som drøfta spørsmålet om utdanning og rekruttering av forskarar i full breidd. I denne samanhengen skal det spesielt nemnast at utvalet argumenterte for og foreslo

at det faglige og formelle ansvaret for forskerutdanningen og tildeling av doktorgrader legges til grunnforskningsinstitusjonene

Det vil føre for langt å gå inn på detaljane i argumentasjonen her, men hovudargumentet er at utdanning av forskarar krev eit aktivt grunnforskingsmiljø som ikkje berre er kjenneteikna ved djupn, men òg ved fagleg breidd, det siste for at forskarrekruttane skal kunne verte fortrulege med ulike tilnærmingsmåtar, friare kunne velje spesialisering, trekkje på innfallsvinklar frå nærskylde fag, utveksle idear med og få impulsar frå eit breitt utval av andre rekruttar og lærarar osv. I tillegg gjer dei store kostnadene ved avansert vitskapleg utstyr innafor mange fag at utdanninga av forskarar berre kan skje ved nokre få institusjonar.

Desse argumenta fekk altså tilslutning i Stortinget. Dette er bakgrunnen for at lov om universitet og høgskular § 2 nr. 6 gjev universiteta og dei vitskaplege høgskulane eit særleg nasjonalt ansvar for grunnforsking og forskarutdanning. Universiteta har høg vitskapleg kompetanse og tilsvarande forskingsaktivitet innafor eit breitt spektrum av fagområde, og det meste av forskaropplæringa i Noreg skjer ved desse institusjonane. Dei vitskaplege høgskulane er nasjonale tyngdepunkt innafor sine fag, med kompetansen konsentrert om eit meir avgrensa fagområde, men likevel med stor breidd innafor dette området.

Når ein institusjon har fått rett til å tildele doktorgrad, er institusjonen sjølv ansvarleg for organiseringa og for det faglege innhaldet. Ved universiteta og dei vitskaplege høgskulane vert desse omsyna tekne i vare på ein systematisk måte gjennom eigne organ med eit heilskapleg, overordna ansvar for forskarutdanninga, og det skjer eit nært samarbeid og koordinering mellom dei, m.a gjennom Det Norske Universitetsråd. Dette sikrar eit einskapleg fagleg nivå og lik standard og status for doktorgraden uavhengig av kva institusjon han er teken ved.

Samtidig er det klart at det finst spisskompetanse også utanfor desse institusjonane som det er ynskjeleg å utnytte i opplæringa av forskarar, m.a ved mange statlege høgskular. Dette skjer allereie ved at tilsette ved høgskulane føreles på forskarutdanningskurs eller blir brukte som rettleiarar, slik representanten Simonsen gir døme på frå Høgskolen i Stavanger. Mange doktorgradstudentar oppheld seg heile eller delar av stipendperioden ved ein statleg høgskule, og departementet finansierer ein del stipendiatstillingar ved høgskulane direkte over kapittel 0281 i statsbudsjettet. Føresetnaden er at stipendiatane er knytte til eit doktorgradprogram ved eit universitet eller ein vitskapleg høgskule. Dette er i tråd med prinsippa for Noregsnettet: Kompetansen vert utnytta der han finst, men utan at ein byggjer opp fordyrande parallelle tilbod og spreier ressursane for tynt utover. Dette trur eg er den beste løysinga òg framover.

På bakgrunn av dette ser eg det som lite aktuelt å gje Høgskolen i Stavanger rett til å tildele eigne doktorgradar no. I staden bør høgskulen halde fram med samarbeidet om forskaropplæring med norske og utanlandske universitet. Derimot er eg positiv til at det i einskilde tilfelle kan haldast doktordisputasar i Stavanger, slik det er spurt om ved fleire høve. Dette vil vere tilfelle der tilsette ved høgskulen har hatt hovudansvaret for rettleiinga, og vil representere ei fin markering av rolla høgskulen har spela, og ei viktig symbolsk påskjønning til dei involverte fagmiljøa.

Eg er også innstilt på å be Noregsnettrådet om å få utgreidd kva krav som må stillast til eit fagmiljø for at det sjølv skal kunne få ansvaret for å tildele doktorgrad, og kva prosedyrar som i tilfelle bør etablerast for fagleg vurdering, godkjenning og kvalitetssikring av doktorgradprogram. Ei slik utgreiing vil vere eit grunnlag for ei breiare utdanningspolitisk og ressursmessig vurdering av dette spørsmålet.

Eg seier meg lei for at svaret vart litt lengre enn det burde ha vore.

Gunnar Breimo hadde her overtatt presidentplassen.

Jan Simonsen (Frp): Den innledende beskrivelsen av dagens virkelighet var kanskje av mindre interesse. Det interessante er hvilken utdanningspolitikk ministeren vil føre i fremtiden.

Jeg konstaterer at konklusjonen var at det var lite aktuelt med tildeling av doktorgrader nå. Jeg vil da spørre om det innebærer at det kan bli aktuelt i fremtiden. Statsråden sa dessuten at han ville sette i gang et utredningsarbeid for å se på hvilke krav som bør stilles for å kunne tildele doktorgrader i fremtiden. Jeg håper at også det gir en åpning for at man i fremtiden vil trekke den konklusjonen at miljøet ved Høgskolen i Rogaland er bredt og godt nok til at de kan bli kreditert for det arbeidet de faktisk utfører gjennom å utdanne og gi veiledning til doktorgradskandidater.

Statsråd Jon Lilletun: Slik eg oppfatta det, var ikkje spørjaren direkte misfornøgd med konklusjonen, sjølv om han ikkje trengte innleiinga. Eg trur det er viktig å setje slike saker inn i eit skikkeleg historisk perspektiv i forhold til handsamingane i Stortinget. Det som ligg i det eg sa, at det ikkje er aktuelt no, er nettopp at det er naudsynt at vi, når vi om kort tid etablerer Norgesnettrådet, òg er villige til å gå inn i dei problemstillingane representanten Simonsen reiste. Eg vil ikkje love at det kan verte aktuelt seinare, men det eg lovar her og no, er ein skikkeleg gjennomgang gjennom det nye organet vi får, og gjennom den breie utdanningspolitiske utgreiinga vi skal ha, som vil verte presentert for Stortinget seinare i haust.

Jan Simonsen (Frp): Jeg konstaterer at statsråden er villig til å gå inn i problemstillingen. Han er villig til å sørge for en skikkelig gjennomgang av problemstillingen, og da er jeg også helt overbevist om at han til syvende og sist vil falle ned på den konklusjonen at når kompetansen er så stor på en skole at de er betrodd å veilede kandidater som skal ta doktorgrad, må de også få lov til å gjennomføre selve eksamenen og bli kreditert for det arbeidet de har gjort.