Stortinget - Møte onsdag den 29. oktober 1997

Dato: 29.10.1997

Tilbake til spørjetimen

Spørsmål 19

Sigvald Oppebøen Hansen (A):

Otto Treiders Handelsskole søkte departementet i desember 1996 om å få utvide skulens klassetal med ei avdeling i Skien. Treider tilbyr ei profesjonsutdanning etter fullført vidaregåande skule som det er stort behov for i industriområdet Grenland. Det har mykje å seie for distriktet at denne utdanninga kan bli sett i gang frå hausten 1998, og derfor er det viktig med ei snarleg avklaring frå departementet.

Når kan Treider og Skien kommune vente ei endeleg avklaring av saka?

Statsråd Jon Lilletun: Otto Treiders Handelsskole søkte i brev av 11. desember 1996 om godkjenning med rett til statstilskott etter privatskulelova av eit senter for profesjonsutdanning i Skien. I brev av 18. juni 1997 gjer skulen merksam på at søknaden gjeld utviding av same sekretær- og reiselivsutdanning som skulen har i Oslo, og som skulen har fått tilskott for. Det heiter i brevet at skulen vil nytte dei same fagplanane, og at eksamen blir gjennomført på same måte som i Oslo. I brevet blir det også gjort merksam på at skulen søkjer om statstilskott for inntil 250 elevar i Skien.

Departementet avslo søknaden den 10. juli 1997. Avslaget vart då grunngitt med at vilkåra i § 3 i privatskulelova ikkje var oppfylte. Det vart vist til at etter innføringa av Reform 94 fall eittårig sekretærskule for studentar utanfor strukturen, jf. rundskriv F-80-94, og dessutan at strukturen på reiselivsopplæringa vart endra. Departementet meinte derfor at grunnlaget for å gi desse tilboda under privatskulelova er falle bort etter 1. august 1994.

Otto Treiders Handelsskole har klaga på departementet sitt vedtak om avslag i brev av 22. juli 1997, og departementet førebur no saka til behandling for Kongen i statsråd. Eg har registrert at spørjaren er oppteken av at utdanningstilbodet trengst i Grenland, og det vil eg sjå nærmare på. Utover dette finn eg det ikkje rett å gi ytterlegare kommentarar til saksbehandlinga no sidan saka ligg i departementet.

Når det gjeld tidsfrist, som spørjaren òg var inne på her, vonar eg at saka skal vere ferdighandsama frå departementet si side og kan leggjast fram i statsråd i november månad.

Sigvald Oppebøen Hansen (A): Eg takkar statsråden for svaret. Slik eg oppfattar det, vurderer departementet søknaden frå Treider på eit kvantitativt grunnlag. Det betyr i så fall at søknaden skal vurderast i høve til manglande undervisningskapasitet innafor det offentlege skuleverket.

Etter det eg forstår, har det aldri vore Stortingets intensjon at denne typen utdanning skulle forsvinne ved innføringa av Reform 94. Søknaden frå Treider gjeld altså berre ei utviding i Skien, og er innafor det studietilbodet som Treider i dag har støtte til, og som òg statsråden nemnde.

Eg har forståing for at dette ikkje er noka enkel sak i og med at departementet kan mangle lovheimel for å gi støtte til ein ny skule. Derfor bør departementet ha ei positiv haldning til søknaden om slik utviding i ein overgangsperiode, til ein får ein ny lovheimel. Eg vil minne om at både Skien formannskap og Telemark fylkesting samrøystes stør denne søknaden. Eg oppfattar statsråden som positiv i så måte, og ber han da stadfeste det ein gong til. Eg vil òg be statsråden syte for at den overgangsperioden på tre år som allereie er gitt, blir ein reell overgangsperiode og ikkje ein nedleggingsperiode.

Statsråd Jon Lilletun: Først vil eg ikkje forsøme å seie at eg synest det er gledeleg at ein representant frå Arbeidarpartiet, medlem av den nye kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen, engasjerer seg så sterkt for eit privatskuletilbod som tilfellet er i denne saka. Eg synest òg representanten Oppebøen Hansen argumenterer godt i forhold til sjølve saka; det er ikkje så ulikt den argumentasjonen eg som representant har ført i tilsvarande saker tidlegare.

Noka saksbehandling frå Stortingets talarstol kjem eg likevel ikkje til å gjere, men, som sagt, i november håpar eg saka skal vere ferdig frå vår side, og då skal eg leggje stor vekt på dei argumenta som representanten Oppebøen Hansen akkurat no framførte.

Sigvald Oppebøen Hansen (A): Det er ikkje slik at Arbeidarpartiet er imot privatskular på eit generelt grunnlag, og me helsar akkurat denne typen utdanning velkomen.

Eg har berre eit lite spørsmål i tillegg, det gjeld dei utdanningane som ligg på postgymnasialt nivå. Kan statsråden nå signalisere når Stortinget eventuelt vil få oversendt ei stortingsmelding omkring den problematikken? Eg tenkjer ikkje minst på framtida for tekniske fagskular. Altså, spørsmålet er: Vil statsråden ta eit initiativ til at Stortinget skal få ei slik melding, og når vil statsråden eventuelt ta det initiativet?

Statsråd Jon Lilletun: Det spørsmålet som representanten Oppebøen Hansen no reiser, har vore drøfta i departementet, og det er eit arbeid i gang som no nærmar seg fullføring når det gjeld dei tekniske fagskulane. Det er heilt rett som representanten seier, at dei på ein måte har vore i eit vakuum som har vore vanskeleg, og det er nødvendig å få spørsmålet skikkeleg avklara. Vi er altså i ferd med å sluttføre arbeidet, men departementet har ikkje fastlagt endeleg dato for når meldinga vert fremma. Men eg kan stadfeste at arbeidet er i gang og skal verte fullført, slik Stortinget tidlegare har bede om.