Stortinget - Møte onsdag den 5. november 1997

Dato: 05.11.1997

Tilbake til spørjetimen

Spørsmål 6

Karin Kjølmoen (A): Jeg har et spørsmål å stille til barne- og familieministeren:

De fleste av landets minstepensjonister er i dag kvinner, dette fordi de enten har vært hjemmeværende eller gjennom jobb ikke har opptjent nok pensjonspoeng.

Hva vil barne- og familieministeren gjøre for at en eventuell kontantstøtte ikke fører til at flere kvinner ender opp som minstepensjonister?

Statsråd Valgerd Svarstad Haugland: Alt frå 1992 har omsorgsarbeid i heimen for eldre og sjuke og for born under sju år gitt rett til pensjonspoeng - og det er born under sju år som blir omfatta av kontantstøtta. Alle som etter barnetrygdregisteret har omsorg for born i denne aldersgruppa, får godskrive minst tre pensjonspoeng pr år - det gir same pensjon som om dei hadde ei inntekt på 170.000 kr. Har dei også poeng gjennom yrkesarbeid, blir høgste poengtal det som gjeld. Alle som vil få rett til kontantstøtte, er med andre ord allereie inne i denne ordninga.

Regjeringa har ingen planar om å ta vekk denne ordninga, snarare ynskjer vi å sjå på om ikkje fleire - også dei med noko eldre born, noko som eg faktisk trudde Stortinget hadde vedteke, men som Jagland-regjeringa ikkje har fylgt opp - skal få denne retten. Reglane passar godt med den planlagde kontantstøtta. Kontantstøtta vil gjera det lettare for familien i dag å ha råd til å dra nytte av denne gode pensjonsordninga.

Karin Kjølmoen (A): Jeg takker statsråden for svaret, men jeg syns det var litt uklart, så jeg vil stille følgende tilleggsspørsmål: Betyr det at statsråden bekrefter at en eventuell kontantstøtte vil gi pensjonspoeng på lik linje med Arbeiderpartiets løsninger som permisjoner og tidskontoordninger?

Statsråd Valgerd Svarstad Haugland: Eg kan gjerne gjenta svaret mitt. Det ligg allereie i lovverket i dag at ein får tre pensjonspoeng pr år dersom ein er heime med borna sine inntil dei er sju år gamle. Og dei som blir omfatta av kontantstøtteordninga, er allereie innanfor dette regelverket. Så dersom det er nokon som vel å vera heime på heiltid medan dei mottek kontantstøtte, vil dei få desse tre pensjonspoenga, slik som dei allereie i dag har rett til. Det vil òg bli ført vidare. Det blir ikkje nokon endringar i dette regelverket ved innføring av kontantstøtte.