Stortinget - Møte onsdag den 5. november 1997

Dato: 05.11.1997

Tilbake til spørjetimen

Spørsmål 7

Gunn Karin Gjul (A): Jeg tillater meg å stille følgende spørsmål til barne- og familieministeren:

Enslige forsørgere med overgangsstønad får avkorting i forhold til eventuell annen inntekt. Dersom de velger å ikke ha barna i barnehage med offentlig tilskudd, vil de være berettiget til kontantstøtte, og dermed få en inntekt på ca 3.000 kroner mer i måneden.

Vil kontantstøtte til enslige forsørgere føre til avkorting eller eventuelt bortfall av overgangsstønad?

Statsråd Valgerd Svarstad Haugland: Einslege forsørgjarar og deira økonomi var oppe til brei debatt i Stortinget då vi i fjor drøfta velferdsmeldinga. Det var mange meiningsskilnader mellom representantane frå ulike parti, men til slutt vart det vedteke ei pakke som etter planen skal ta til å gjelda frå årsskiftet. Hovudpunkta i denne er at overgangsstønaden blir utbetalt med ein høgare sum kvar månad. Den same gruppa får eit ekstra småbarnstillegg i barnetrygda, og det blir betre ordningar for stønad til barnetilsyn. Samtidig fekk også fleirtalet - Arbeidarpartiet, Høgre og Framstegspartiet - igjennom at overgangsstønaden i hovudsak berre skulle gå til dei med born under tre år, eller med strenge aktivitetskrav til dei med eldre born opp til fem år. Slik får færre enn i dag - av dei som er åleine - dra nytte av dette tilbodet om å vera heime med borna.

For dei som etter dei nye reglane framleis har rett til overgangsstønad - og det gjeld alle eineforsørgjarar med born under tre år - gjer det nye regelverket levekåra betre i den tida dei får stønaden.

Når det gjeld samordning mellom ulike stønadsordningar, må eg få lov til å koma tilbake til dette når eg til våren skal legga fram eit konkret forslag til utforming av kontantstøtta for Stortinget. Nokre veker som statsråd har vore litt for kort tid til å svara i detalj her - om det skal skje samordning og eventuelt korleis den skal skje.

Gunn Karin Gjul (A): Jeg vil takke statsråden for svaret. Jeg registrerer at statsråden ikke kan gi meg noe konkret svar på spørsmålet mitt akkurat nå, og det viser egentlig hvor kompleks denne problemstillinga er. For Arbeiderpartiet har det vært svært viktig å legge til rette for at ikke minst enslige mødre skulle opprettholde kontakten med yrkeslivet og motivere dem til å ta en utdanning. Forholdene på arbeidsmarkedet endrer seg raskt i dag, og dersom enslige forsørgere blir atskilt fra arbeidslivet for lenge, kan en ny inngangsbillett bli veldig høy.

Deler ikke statsråden vår bekymring for dette? Og vil ikke denne omsorgsstøtten, denne kontantstøtten, være en ny motivasjonsfaktor for at enslige forsørgere, og ikke minst mødre, mister kontakten med arbeidslivet?

Statsråd Valgerd Svarstad Haugland: Representanten Gunn Karin Gjul og hennar parti, Arbeidarpartiet, har vore så opptekne av at dei einslege mødrene skal vera ute i arbeidslivet, at dei faktisk har forverra rettane deira ganske mykje. Det er eg uroa over. Det er mange einslege mødrer som er urolege for kva som vil skje med dei etter dei nye reglane som er komne. Dei får meir pr månad i dei få åra dei får støtte, men dei får støtte i langt kortare tid.

Det viser seg òg at dei einslege forsørgjarane er ei gruppe som er svært aktiv når det gjeld å koma seg ut i arbeidsliv og yrkesliv. Men for meg blir det innlysande at dersom ein ynskjer å skapa større valfridom for dei som er to foreldre som kan avlasta kvarandre i forhold til arbeidsoppgåvene når det gjeld borna - både dei tunge og dei gledelege - ynskjer ein òg den valfridomen for dei som er åleine med borna sine. Eg veit faktisk òg via undersøkingar at det er mange av dei einslege forsørgjarane som ynskjer kontantstøtta velkomen med stor glede. Dei lever jo under eit dobbelt press, og i tillegg er dei heilt åleine om dei omsorgsoppgåvene dei har i forhold til borna sine. Og mange av dei seier ja til ei slik kontantstøtte som vi ynskjer å innføra.

Gunn Karin Gjul (A): Jeg vil takke statsråden for svaret.

Statsråden sa i sitt første svar til meg at hun vil komme tilbake til nettopp disse problemstillingene angående enslige forsørgere. Hun bekrefter da at dette er vanskelige problemstillinger, og at den nye omsorgsstøtten, kontantstøtten, har mange sider og gir seg uante utslag. Jeg har lyst til å innvie statsråden i enda en problemstilling som dreier seg nettopp om enslige forsørgere, og som gjør at det skapes nye problemer, og det er: Enslige forsørgere får i dag støtte til barnetilsyn, og den er nylig økt i forbindelse med den meldinga vi hadde til behandling i Stortinget. Denne nye kontantstøtten er også en form for støtte til barnetilsyn. Skal disse foreldrene da få dobbel støtte til barnetilsyn?

Statsråd Valgerd Svarstad Haugland: Eg må be representanten om å ha forståing for at det er ein del enkeltdetaljar i forslaget som vi må få koma tilbake til, m.a. dette med samordningar i forhold til regelverket når det gjeld einslege forsørgjarar.

Det eg har lyst til å seia, er at når det gjeld engasjementet for dei einslege foreldra sine kår, har det her på Stortinget vore et fleirtal og eit mindretal. Og vi som tilhøyrer regjeringspartia, er med i dette mindretalet som vil prøva å betra kåra til dei einslege forsørgjarane. Når det gjeld dei einslege forsørgjarane som ynskjer å gå ut i aktivt yrkesliv, dei som har støtteordningar i dag og som ynskjer å nytta seg av dei, blir det sjølvsagt ikkje gjort noko for å ta vekk dei ordningane dei har. Eg trur vel heller at det dei einslege forsørgjarane kan venta av denne regjeringa, er betre kår, og ikkje dårlegare kår.