Morten Olsen (A):
Jeg vil få stille
følgende spørsmål til kirke-, utdannings- og forskningsministeren:
Hva slags planer har statsråden, og
når kan Østfold fylkeskommune få svar på fremforhandlet avtale mellom
Statsbygg og Østfold fylkeskommune vedrørende utbygging av Remmenanlegget og
Høgskolen i Østfold?
Statsråd Jon Lilletun:
Remmenanlegget
i Halden er no eigd av Halden kommune, Østfold fylkeskommune og staten
saman. Fylkeskommunen, som har tre vidaregåande skular i Halden, ynskjer å
selje sin lut til staten og bruke midlane til å byggje på ein av dei andre
vidaregåande skulane sine. Staten på si side treng permanente lokale til
den tidlegare distriktshøgskulen, som no er lokalisert til Os allé i Halden
sentrum. Departementet har difor arbeidd med å ta over fylkeskommunen sitt
areal og byggje på Remmenanlegget slik at heile den delen av verksemda til
høgskulen som er lokalisert til Halden - og noko frå Sarpsborg - kan samlast
på Remmen. Både lærarutdanninga og den tidlegare distriktshøgskulen må i
alle høve ha meir plass enn dei har no. Dette vert difor ei stor byggjesak.
Leigekontraktane i Os allé går ut i 2000 og 2001.
Fylkeskommunen har kravd meir for sin
lut enn det staten etter ei forretningsmessig vurdering bør betale. Desse
meirutgiftene er knytte til behovet for ny vidaregåande skule og til
betaling til Halden kommune for kommunen sin lut og for tomta. Statsbygg og
fylkeskommunen har vorte samde om ei avtale, og Statsbygg har fullmakt til å
kjøpe. Men meirkostnadene må anten betalast kontant av Kyrkje-, forskings-
og utdanningsdepartementet eller gje ei auka husleige når anlegget står
ferdig ombygd med tilbygg. Departementet arbeider med denne saka, som må
sjåast i samband med dei meirutgiftene Kyrkje-, utdannings- og
forskingsdepartementet i alle høve vil få til husleige når anlegget står
ferdig.
Når representanten Olsen spør kva
planar eg har, er svaret at Halden-verksemda til Høgskulen i Østfold skal
samlast på Remmen. Det inneber at fylkeskommunen sin lut må kjøpast.
Eg skal gjere mitt til at Østfold
fylkeskommune skal få eit snarleg svar på det tilbodet som ligg føre.
Morten Olsen (A):
Jeg vil få peke på
at den fremforhandlede avtalen mellom Statsbygg og fylkeskommunen legger
bånd på relativt store arealer i Halden. Byggeprosjekter, som f.eks
kulturbygg, idrettshaller osv, ligger nå på is. Jeg la merke til at
statsråden ikke sa noe som helst om hvilke tidsperspektiv som lå til grunn.
Vil statsråden sette seg inn i den vanskelige situasjonen til Høgskolen i
Østfold, og bevilge de nødvendige midler til oppstart i revidert
nasjonalbudsjett til våren?
Statsråd Jon Lilletun:
Etter mitt syn
var svaret heilt klart i forhold til at vi snarleg vil gå inn for å gjere
ferdig forhandlingane. Men samstundes må eg seie at når det ligg føre
usemje om pris, slik som her, er det Statsbygg sitt ansvar å syte for at
statens interesser blir tekne i vare best mogleg forretningsmessig når det
gjeld det som skal avklarast. Men i høve til dei problema som ligg føre, er
det nødvendig å kome fram til ei avklaring. Derfor vil det innan kort tid
verte gjeve klarsignal frå departementet i saka, og då vil prosjektet kunne
vidareførast.