Tomas Norvoll (A):
Jeg tillater meg å
stille følgende spørsmål til kirke-, utdannings- og forskningsministeren:
Vesterålen AOF arrangerer
studiekompetansekurs for enslige forsørgere. Kurset blir ikke godkjent som
heltidsstudium og får derfor ikke støtte fra Statens lånekasse for
utdanning.
Mener statsråden det er riktig å
hindre kvinner i distriktet i å ta utdanning, og vil statsråden ta initiativ
for å ordne opp i saken?
Statsråd Jon Lilletun:
Vesterålen
AOF-forening har tidlegare, etter det eg er kjend med, arrangert eittårige
kurs i fag som er obligatoriske for å gje generell studiekompetanse.
Omfanget er 35 timar, som elevane normalt skal kunne ta i løpet av eitt år.
Eit slikt kurs er i Lånekassen normert som eitt års studium. Det er dermed
ikkje problem med å få denne typen eittårige studium godkjend for støtte i
Lånekassen.
På bakgrunn av erfaringar med kurset
er studieopplegget no lagt om. Konsekvensane har vorte at undervisninga er
forsterka og studieløpet er strekt over to år. Elevane får altså om lag
dobbelt så mykje undervisning som føresett ved normeringa. Etter Lånekassen
sitt regelverk snakkar vi dermed om eit deltidsstudium med rett for elevane
til berre halv studiestøtte.
Samtidig har endringane medført
monaleg høgre skulepengar for elevane. Lånekassen kan derfor etter
gjeldande regelverk ikkje på eiga hand gje godkjenning av rett til
studiestøtte. Saka må oversendast til departementet for endeleg avgjersle.
Eg vil, når saka kjem til vurdering i
departementet, m.a. leggje vekt på at dette dreiar seg om eit tilbod
spesielt lagt til rette for vaksne kvinner i distrikta, som gjennom studiet
får høve til å fullføre ei grunnutdanning som truleg vil vere viktig for dei
med tanke på vidare yrkesløp.
Tomas Norvoll (A):
Jeg takker
statsråden for svaret, og jeg synes det var et veldig positivt svar. Jeg er
glad for at han tydeligvis er villig til å ta tak i saken for om mulig å
kunne bidra til at disse kvinnene det gjelder, skal kunne få ta sin
utdanning i Vesterålen.
Da har jeg bare et kort
oppfølgingsspørsmål til statsråden, og det er: Hva slags tidsramme kan vi
forvente oss at Lånekassen og departementet vil arbeide innenfor her? Denne
saken haster faktisk litt i og med at en del av de som går på dette kurset,
ikke ser muligheter til å fortsette hvis man ikke ganske raskt kan få en
avklaring om hvorvidt man får støtte til kurset eller ikke.
Statsråd Jon Lilletun:
På bakgrunn av
representanten Norvolls spørsmål har departementet teke initiativ til å få
oversendt saka. I og med at det skal skjøn inn i biletet, er det
departementet som skal avgjere det. Det er bedt om at det skjer raskast
mogleg, og med ein gong saka kjem, skal vi få til ei avklaring, slik at dei
studentane det gjeld, får moglegheit til å få beskjed før det har gått for
langt inn i det nye året.
Eg skal love representanten Norvoll
både å strekkje meg så langt som det etter skjøn er mogleg ut frå lovverket,
og at saka skal takast så raskt ho kjem i departementet.