Signe Øye (A):
Jeg vil få lov til å
stille følgende spørsmål til sosialministeren:
Fra 1. mai i 1997 år ble
friinntektsbeløpet økt fra 1/2 til 1G. Bakgrunnen for denne økningen var at
det skulle gis større muligheter for å kombinere arbeid og trygd. Etter
dagens regelverk kan en person som er i 50 % arbeid og er 50 % uføretrygdet,
ikke delta i politisk arbeid som godtgjøres uten å miste retten til
uføretrygd. Regelen om ett års ventetid innebærer at folkevalgte mister
retten til uføretrygd, eller må velge ikke å være politisk aktive.
Kan sosialministeren rette opp denne
urettferdigheten?
Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa:
For å få rett til uførepensjon må evna til å utføra inntektsgjevande arbeid
vera sett ned med minst 50 %. Ved vurderinga av kor mykje inntektsevna er
redusert - dvs. kor høg uføregraden er - skal inntektsforholda før og etter
uføretidspunktet samanliknast. Det skal som hovudregel takast omsyn til all
pensjonsgjevande inntekt ved denne vurderinga.
Ein fastsett uførepensjon kan
revurderast dersom det skjer ei vesentleg endring i dei høva som vart lagde
til grunn ved tilståinga. Pensjonen kan då bli redusert eller falla bort.
Pensjonsgjevande inntekt opp til friinntektsgrensa blir ikkje rekna som ei
vesentleg endring.
Uførepensjonistar bør stimulerast til
å nytta si restinntektsevne og ta del i arbeidslivet. Dette er bakgrunnen
for at uførepensjonistar kan ha ei inntekt på inntil 42.500 kr utan å
risikera at uførepensjonen blir redusert eller fell bort. Dette gjeld både
personar med full og gradert pensjon. Personar med gradert uførepensjon kan
ha ei deltidsstilling i tillegg til pensjonen og på den måten nytta si
restinntektsevne.
Bakgrunnen for at friinntektsgrensa
vart heva frå 1/2 til 1 grunnbeløp i mai i år, var bl.a at personar med
politiske verv skulle ha høve til å ta imot vederlag utan at det skulle ha
konsekvensar for retten til uførepensjon. Dette var eitt av fleire tiltak
som vart vedtekne for å gjera uførepensjonsordninga meir fleksibel og gjera
det mogleg for uførepensjonistar å ta del i arbeidslivet i større grad enn
tidlegare.
Det som kallast « friinntekt », er ikkje
eit fribeløp som alle uførepensjonistar kan ha, men eit « slingringsmonn » ved
vurderinga av om det har skjedd ei vesentleg endring slik at uføregraden
skal revurderast. Uførepensjonistar har ikkje rett til å ha friinntekt før
det er gått eitt år frå uførepensjonen blei innvilga eller endra. Det
første året etter uførepensjon er innvilga, reknast all inntekt for å vera
ei vesentleg endring. Dersom reglane om friinntekt skulle gjelda alt kort
tid etter at uføregraden vart fastsett, ville det kunna medverka til
uheldige tilpassingar til regelverket. Dersom uførepensjonistar har ei
ubrukt restinntektsevne kort tid etter at dei har fått innvilga eller endra
uføregraden, kan det tyda på at uføregraden er fastsett på urett grunnlag.
Ventetida på eitt år før
uførepensjonistar får rett til å ha inntekt opptil friinntektsgrensa, fylgde
tidlegare av praksis, men vart lovfesta frå 1. mai i år. Det var ingen
merknader til forslaget om å lovfesta denne regelen under
stortingsbehandlinga.
Eg kan ikkje sjå at det er grunnlag
for å særbehandla inntekt frå politisk verksemd i høve til anna
inntektsgjevande arbeid. Eg kan heller ikkje sjå at reglane rammar personar
med politiske verv spesielt hardt, fordi reglane er like for alle
uførepensjonistar.
Gunnar Breimo hadde her overtatt
presidentplassen.
Signe Øye (A):
Jeg takker statsråden
for svaret.
Jeg synes man må se litt forskjellig
på en vanlig inntekt og en godtgjørelse til dem som er politiske aktive. Vi
vet at man verves til politiske verv for fire år av gangen. Det betyr at
man må stå over en hel periode hvis man skal komme inn under de reglene som
er i dag. Jeg synes ikke det virker særlig rettferdig. Vi vet også at i
politikken er det sånn at fire år ute fort kan bli ute for evig.
Jeg hadde håpet at sosialministeren
her i dag hadde kunnet meddele at hun var positiv til å kombinere uføretrygd
og politisk arbeid. Vi ønsker - og det gjør vi sikkert begge to - at flest
mulig, også uføretrygdede, skal kunne delta i politisk arbeid. Jeg ber
derfor statsråden se på om det fins en eller annen mulighet som gjør at
loven kan endres på det punktet.
Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa:
Representanten Øye og eg er einige om at vi skal ha eit regelverk som gjer
det mogleg å kombinera både delvis uførepensjon og heil uførepensjon med
anten politiske verv eller anna inntektsbringande verksemd.
Denne spesielle problemstillinga som
representanten no peikar på, blei så vidt eg veit, grundig vurdert i samband
med velferdsmeldinga. Når representanten her ber så innstendig om at
departementet må sjå på dette på nytt, kan eg godt seia at det skal vi gjera
for å sjå om det kanskje er noko som er oversett. Eg vil i utgangspunktet
ikkje forskottera noka positiv løysing, for eg trur faktisk at dette
allereie er grundig vurdert, og det er brei politisk semje om resultatet.