Stortinget - Møte onsdag den 28. januar 1998

Dato: 28.01.1998

Tilbake til spørjetimen

Spørsmål 28

Reidun Gravdahl (A): Jeg skal få stille sosialministeren følgende spørsmål:

Fylkeskommunene er svært skuffet over tildelingen av midler til metadonprosjektet siden de var bedt om å utrede behovet og forespeilet midler. I Oppland er behovet stort, og søknad for ti klienter er innsendt. Kompetanse og nærhet anses som nødvendig for behandlingen etter innledende avrusnings- og stabiliseringsperiode ved senteret i Oslo.

Hvordan skal dette finansieres, når Oppland ikke får egne midler?

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa: Midlane til metadonassistert behandling er nær tredobla, frå 11 mill. kr i 1997 til 31 mill. kr i 1998. Dette rekk ikkje til å imøtekoma alle signaliserte behov, men er meint å gje eit landsdekkjande tilbod. Regjeringa har valt å konsentrera innsatsen om å byggja opp regionsenter i nokre fylke som òg dei andre fylka kan nytta seg av. Det blir òg gjeve tilskot til oppstarting av ein forskings- og evalueringsseksjon ved Universitetet i Oslo knytt til Metadonsenteret i Oslo. Det skal ha ein landsdekkjande rettleiingsfunksjon, og vil kunna bidra til å overføra den kompetansen som er nødvendig for behandlinga etter innleiande avrusing og stabilisering. Departementet har presisert at tiltak knytte til metadonassistert behandling skal gjevast gjennom det eksisterande tiltaks- og hjelpeapparatet på lik line med tilbod til andre rusmiddelmisbrukarar.

Rusmiddelmisbrukarar som får tilbod om metadonassistert behandling, skal få det under streng kontroll, saman med nødvendig behandling og andre støttetiltak. Som kjent har kommunen etter sosialtenestelova ansvar for tiltak for rusmiddelmisbrukarar, og må difor i samarbeid med klienten og andre hjelpeinstansar laga eit godt, individuelt tilpassa tilbod til klienten. Ein klient som ikkje kan visa til slike tiltak frå kommunen si side, vil ikkje kunna få metadon.

Kommunane i Oppland må sjølve laga eigne opplegg for den enkelte klienten. Dei ti klientane frå Oppland vil bli vurderte for metadonassistert behandling saman med klientar frå Oslo, Akershus, Hedmark og Østfold. Alle aktuelle klientar kan ikkje få plass i år. Skal ein sikra at alle klientar som får metadon, samtidig har eit fagleg forsvarleg opplegg, må eit landsdekkjande tilbod bli gradvis utvikla.

Eg vil fylgja nøye med i denne utviklinga no vidare og vurdera om det er behov for auka statlege tilskot. Eg vil då eventuelt koma tilbake til Stortinget med forslag om auka løyvingar.

Reidun Gravdahl (A): Jeg takker for svaret.

Den 9. januar sendte Sosial- og helsedepartementet ut en pressemelding om tildeling av midler i Oslo, Bergen og Trondheim samt dette andre opplegget som statsråden nå omtalte, og det var bakgrunnen for oppslagene i pressen. Den 15. januar ble fylkeskommunen tilskrevet og informert om avslaget. Hvorfor ble ikke fylkeskommunen informert før pressemeldingen gikk ut?

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa: Det er slik at før dei søknadene som vart førebudde frå den enkelte fylkeskommunen, har det her vore tett kontakt mellom fylkeskommunane og departementet, m.a gjennom regionale konferansar. Her var søknadsfristen 1. desember. Enkelte fylke bad om utsett frist, og det gjorde at sjølve oversikta ikkje låg føre før over jul. Samtidig var det viktig for departementet å signalisera korleis fordelinga kom til å bli, ikkje minst at dette òg skulle bli eit landsdekkjande tilbod. Men eg ser at det her kunne ha vore samsvar mellom melding via pressa og melding ut i brevs form. Men eg har òg forstått at det har vore munnleg kontakt før den 15. januar.

Reidun Gravdahl (A): Jeg takker for svaret.

Smertens barn har hemmeligheter vi sjelden våger å se. Siden fylkeskommunen hadde forventet å få øremerkede midler til dette prosjektet, er det ikke midler på inneværende års budsjett, og budsjettarbeidets gang tilsier jo forberedelse i fylkeskommunene før tiltak blir iverksatt. Mener sosialministeren at klienter fra Oppland er tilstrekkelig ivaretatt med tanke på en fullstendig gjennomføring, eller skal de bli nødt til å flytte til Oslo? I motsatt fall vil det jo bli en utsettelse når det gjelder prosjektene i Oppland.

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa: Eg ynskjer å understreka at stabilisering i forhold til metadon skal skje ved desse fire regionale sentra. Men oppfylginga skal skje lokalt, det gjeld òg dei klientane som får plass frå Oppland. Det er òg slik at kommunane har eit ansvar for sine rusmiddelmisbrukarar og derfor òg bør ha nokre midlar til ei slik oppfølging.

Elles vil eg understreka at metadonassistert behandling er det tverrpolitisk semje om. Sosialministeren er oppteken av å fylgja dette opp, og derfor har eg så langt sytt for 9 mill. kr i omdisponeringar på budsjettet i forhold til det som Jagland-regjeringa la inn. Sentrumsregjeringa vil fylgja opp det som Stortinget vedtok i desember.