Reidun Gravdahl (A):
Jeg skal få
stille sosialministeren følgende spørsmål:
Fylkeskommunene er svært skuffet over
tildelingen av midler til metadonprosjektet siden de var bedt om å utrede
behovet og forespeilet midler. I Oppland er behovet stort, og søknad for ti
klienter er innsendt. Kompetanse og nærhet anses som nødvendig for
behandlingen etter innledende avrusnings- og stabiliseringsperiode ved
senteret i Oslo.
Hvordan skal dette finansieres, når
Oppland ikke får egne midler?
Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa:
Midlane til metadonassistert behandling er nær tredobla, frå 11 mill. kr i
1997 til 31 mill. kr i 1998. Dette rekk ikkje til å imøtekoma alle
signaliserte behov, men er meint å gje eit landsdekkjande tilbod.
Regjeringa har valt å konsentrera innsatsen om å byggja opp regionsenter i
nokre fylke som òg dei andre fylka kan nytta seg av. Det blir òg gjeve
tilskot til oppstarting av ein forskings- og evalueringsseksjon ved
Universitetet i Oslo knytt til Metadonsenteret i Oslo. Det skal ha ein
landsdekkjande rettleiingsfunksjon, og vil kunna bidra til å overføra den
kompetansen som er nødvendig for behandlinga etter innleiande avrusing og
stabilisering. Departementet har presisert at tiltak knytte til
metadonassistert behandling skal gjevast gjennom det eksisterande tiltaks-
og hjelpeapparatet på lik line med tilbod til andre rusmiddelmisbrukarar.
Rusmiddelmisbrukarar som får tilbod om
metadonassistert behandling, skal få det under streng kontroll, saman med
nødvendig behandling og andre støttetiltak. Som kjent har kommunen etter
sosialtenestelova ansvar for tiltak for rusmiddelmisbrukarar, og må difor i
samarbeid med klienten og andre hjelpeinstansar laga eit godt, individuelt
tilpassa tilbod til klienten. Ein klient som ikkje kan visa til slike
tiltak frå kommunen si side, vil ikkje kunna få metadon.
Kommunane i Oppland må sjølve laga
eigne opplegg for den enkelte klienten. Dei ti klientane frå Oppland vil
bli vurderte for metadonassistert behandling saman med klientar frå Oslo,
Akershus, Hedmark og Østfold. Alle aktuelle klientar kan ikkje få plass i
år. Skal ein sikra at alle klientar som får metadon, samtidig har eit
fagleg forsvarleg opplegg, må eit landsdekkjande tilbod bli gradvis utvikla.
Eg vil fylgja nøye med i denne
utviklinga no vidare og vurdera om det er behov for auka statlege tilskot.
Eg vil då eventuelt koma tilbake til Stortinget med forslag om auka
løyvingar.
Reidun Gravdahl (A):
Jeg takker for
svaret.
Den 9. januar sendte Sosial- og
helsedepartementet ut en pressemelding om tildeling av midler i Oslo, Bergen
og Trondheim samt dette andre opplegget som statsråden nå omtalte, og det
var bakgrunnen for oppslagene i pressen. Den 15. januar ble fylkeskommunen
tilskrevet og informert om avslaget. Hvorfor ble ikke fylkeskommunen
informert før pressemeldingen gikk ut?
Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa:
Det er slik at før dei søknadene som vart førebudde frå den enkelte
fylkeskommunen, har det her vore tett kontakt mellom fylkeskommunane og
departementet, m.a gjennom regionale konferansar. Her var søknadsfristen 1.
desember. Enkelte fylke bad om utsett frist, og det gjorde at sjølve
oversikta ikkje låg føre før over jul. Samtidig var det viktig for
departementet å signalisera korleis fordelinga kom til å bli, ikkje minst at
dette òg skulle bli eit landsdekkjande tilbod. Men eg ser at det her kunne
ha vore samsvar mellom melding via pressa og melding ut i brevs form. Men
eg har òg forstått at det har vore munnleg kontakt før den 15. januar.
Reidun Gravdahl (A):
Jeg takker for
svaret.
Smertens barn har hemmeligheter vi
sjelden våger å se. Siden fylkeskommunen hadde forventet å få øremerkede
midler til dette prosjektet, er det ikke midler på inneværende års budsjett,
og budsjettarbeidets gang tilsier jo forberedelse i fylkeskommunene før
tiltak blir iverksatt. Mener sosialministeren at klienter fra Oppland er
tilstrekkelig ivaretatt med tanke på en fullstendig gjennomføring, eller
skal de bli nødt til å flytte til Oslo? I motsatt fall vil det jo bli en
utsettelse når det gjelder prosjektene i Oppland.
Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa:
Eg
ynskjer å understreka at stabilisering i forhold til metadon skal skje ved
desse fire regionale sentra. Men oppfylginga skal skje lokalt, det gjeld
òg dei klientane som får plass frå Oppland. Det er òg slik at kommunane har
eit ansvar for sine rusmiddelmisbrukarar og derfor òg bør ha nokre midlar
til ei slik oppfølging.
Elles vil eg understreka at
metadonassistert behandling er det tverrpolitisk semje om. Sosialministeren
er oppteken av å fylgja dette opp, og derfor har eg så langt sytt for 9 mill.
kr i omdisponeringar på budsjettet i forhold til det som Jagland-regjeringa
la inn. Sentrumsregjeringa vil fylgja opp det som Stortinget vedtok i
desember.