Gunhild Øyangen (A):
Jeg vil stille
følgende spørsmål til sosialministeren:
Er sosialministeren enig med
Senterungdommen i at det bør opprettes et vinmonopol i hver kommune for å
stanse fraflyttingen fra utkantene?
Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa:
Det er med glede eg registrerer at representanten Øyangen er oppteken av å
få stansa fråflyttinga frå utkantstroka. Eg trur likevel det er naudsynt
med heilt andre tiltak enn mange fleire nye vinmonopol for å nå det målet.
Eg viser til mitt svar i spørjetimen
den 5. november i fjor til representanten Inger Lise Husøy om Regjeringa
sitt synspunkt på ei utviding av salsnettet til Vinmonopolet. Då sa eg at
Regjeringa ynskjer å føra ein restriktiv alkoholpolitikk. Grunngjevinga for
det er m.a. å fylgja opp Stortinget sitt vedtak om å redusera
rusmiddelbruken med 25 % innan år 2000 i tråd med WHO si målsetjing. Dette
er nedfelt i Voksenåsen-erklæringa. Eg har ikkje endra syn.
Eg har varsla at Regjeringa vil leggja
fram ein handlingsplan for redusert rusmiddelbruk i løpet av våren 1998.
Vinmonopolet har ein viktig alkoholpolitisk funksjon ved å regulera
tilgjenget på alkoholvarer. Dette fylgjer av forskrifta om Vinmonopolet A/S
si innkjøpsverksemd frå 30. november 1995, der det heiter:
Vinmonopolets
salg av brennevin, vin og øl med høyere alkoholinnhold enn 4,75 volumprosent
(sterkøl) skal innenfor alkoholpolitiske rammevilkår skje på vanlige forretningsmessige
betingelser, tilpasses etterspørselen og sikre likebehandling.
Eg legg vekt på at den
alkoholpolitiske funksjonen blir ført vidare.
Dette er det brei semje om i
Stortinget. I framlegget sitt til landsplan for perioden fram til år 2002
har Vinmonopolet lagt planar for 50 nye utsal. For ikkje å gripa inn i den
planlagde utbygginga, som Stortinget har slutta seg til rammene for, har eg
valt å vedta taket for utbygginga av nye utsal for det fyrste året for seg.
Det har skjedd ved å gi løyve til å tilretteleggja for åtte nye utsal i
tillegg til dei to som vart opna like før jul, altså ti nye utsal til saman.
Utbygginga for resten av perioden vil eg sjå i samanheng med den
rusmiddelpolitiske handlingsplanen, slik at vi får ei samla vurdering av dei
verkemidla vi har til rådvelde.
Eg minner elles om at Vinmonopolet A/S
som forretningsverksemd også er pålagt å stilla krav til bedriftsøkonomisk
rasjonalitet ved avgjerd om talet på utsal. Eg kan òg opplysa at av dei ti
nye utsala som er planlagt utbygde i 1997-98, kjem åtte i god avstand frå
næraste by.
Gunhild Øyangen (A):
Først vil jeg
takke statsråden for svaret. Måten hun svarte på i dag, var mer høvisk og
passende for en statsråd enn forrige gang jeg reiste problemstillingen.
Jeg tror det er veldig viktig å ha et
realistisk syn på hva det er som foregår, og hvilket konsum vi har av
alkohol her i landet, særlig på landsbygda, der det ikke er tilgang på
lovlige varer. Det er en kjent sak, også for statsråden, antar jeg, at det
konsumet består av hjemmebrent og til dels smuglersprit. Det er derfor
etter mitt syn veldig viktig når vi skal regulere omsetningen av alkohol, at
vi regulerer på en måte som gjør at det er mulig for folk å opptre lovlydig.
Vi ser nå en utvikling der flere drikker mer vin, med en viss nedgang i
hjemmebrentkonsumet. Personlig synes jeg det er en veldig positiv utvikling
(presidenten klubber), og det er også helsemessig en god utvikling.
Presidenten: Taletiden er omme.
Gunhild Øyangen (A):
Mitt spørsmål
til statsråden ...
Presidenten: Taletiden er omme!
Av og til må presidenten være streng,
for kanskje å oppnå det som er ønskelig.
Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa:
Eg
ynskjer å understreka at eg deler representanten Øyangen si uro i forhold
til omsetjinga både av heimebrent og smuglarsprit, og eg ynskjer at så mykje
som mogleg av alkoholomsetjinga skal gå føre seg i lovlege former. Dette er
òg noko vi ser på i samband med handlingsplanen for redusert rusmiddelbruk.
Med tanke på å få til konkrete tiltak ved fleirtal i Stortinget, veit eg at
det tidlegare er sentrumspartia, SV og Arbeidarpartiet som har stått saman.
I Arbeidarpartiet sitt stortingsvalprogram for inneverande periode ser eg at
ein seier:
| « Samtidig
som folks egen grensesetting i forhold til rusgifter er avgjørende, må samfunnet
effektivt begrense tilgjengeligheten. Om det blir lettere for ungdom og andre
å skaffe seg rusmidler, øker faren for at flere blir misbrukere. » (Presidenten
klubber.) |
Det er eit godt utgangspunkt.
Presidenten: Også denne taletiden er
omme.