Jan Johnsen (H):
Jeg har følgende
spørsmål til kirke-, utdannings- og forskningsministeren:
Solide kunnskaper i fag det skal
undervises i, er en nødvendig forutsetning for å bli en god lærer, sier
departementet i felleskapitlet 1.4 om lærerutdanning. I dag skal alle ha
engelsk fra 1. klasse, men det kreves ikke at læreren har faget i sin
utdanning.
Hva kan utdanningsministeren gjøre for
å få samsvar i praksis med det som felleskapitlet 1.4 om lærerutdanning
sier?
Statsråd Jon Lilletun:
Representanten
Jan Johnsen viser til høyringsutkast til rammeplan for
allmennlærarutdanning, der det vert sagt at « solide kunnskaper i fag og i
fag- eller yrkesdidaktikk er nødvendige forutsetninger for å bli en god
lærer ». Dette er etter mi meining både rett og viktig.
Allmennlærarutdanninga skal femne
mange oppgåver. Utdanninga skal kvalifisere for arbeid på alle stega i
grunnskulen og for vaksenopplæring i grunnskulens fag. I tillegg må det i
utdanninga takast omsyn til allmennlæraren si rolle som klassestyrar, med
den faglege og pedagogiske breidda dette føreset.
I
Innst.S.nr.285
(1996-1997) om lærarutdanning såg eit fleirtal i komiteen det som viktig at
det ikkje vart bunde meir enn 60 vekttal til obligatoriske fag, for at ikkje
studentane sin valfridom skulle verte for sterkt redusert. Av denne grunnen
fann ikkje fleirtalet plass til engelsk innanfor dei obligatoriske faga i
allmennlærarutdanninga.
I ny studiemodell for
allmennlærarutdanninga har Stortinget vedteke at den valfrie delen på 20
vekttal kan ha to alternativ for studentane. Dei kan anten ta eit
20-vekttalstudium, eller dei kan ta 10 vekttal fritt val og 10 vekttal styrt
til engelsk.
I overkant av 20 % av
allmennlærarstudentane vel i dag engelsk som påbygging. 16 av 18 høgskular
som tilbyr allmennlærarutdanning, har tilbod om studieeining både på 10
vekttal og 20 vekttal i engelsk. På mellomsteget og ungdomssteget er det
også faglærarar som underviser i engelskfaget. Dei har sin
utdanningsbakgrunn frå høgskule eller universitet. Av dette sluttar eg at
tilbodet i høgskulesektoren er godt utbygd, og at vi med eit styrt val
innanfor den nye utdanningsmodellen for allmennlærarstudiet nok vil
rekruttere endå fleire lærarar med fordjuping i engelskfaget.
Gjennom etterutdanning ynskjer
departementet å kvalifisere fleire lærarar for undervisning i engelskfaget.
Vi er no i ferd med å avslutte arbeidet med planen for etterutdanning i
faget. Den skal vere utgangspunkt for konkrete etterutdanningstilbod i regi
av universitet, høgskular og andre fagmiljø, og skal leggjast til grunn for
opplegg som er koordinerte av utdanningskontora eller av kommunane sjølve.
Når det gjeld situasjonen i
grunnskulen, er det i
St.meld.nr.48 (1996-1997)
, Om lærarutdanning, uttalt at skuleeigar
må
sjå til at den som skal tilsetjast i undervisningsstilling har relevant fagleg
kompetanse i forhold til gjeldande kompetansekrav og er den best kvalifiserte
for stillinga
Det står vidare:
Skoleeigar
må vidare sørgje for at lærarkollegiets kompetanse er slik samansett at dei faglege
og pedagogiske oppgåvene blir ivaretatt på den beste måten.
På barnesteget er det naturleg at
læraren har klassen i dei fleste faga, mens det på mellom- og ungdomssteget
er meir vanleg å nytte faglærar i einskilde fag.
Hausten 1998 vil Statens lærarkurs
gjennomføre ei kartlegging på landsbasis av grunnskulelærarane sin
kompetanseprofil i dei faga dei underviser i. Dette er ei oppfylging av dei
kartleggingane som dei utførte i 1984 og i 1994.
Ursula Evje hadde her overtatt
presidentplassen.
Jan Johnsen (H):
Jeg takker for
svaret. Jeg registrerer faktisk at det ikke er helt samsvar mellom det som
står i felleskapitlet, og det som i dag blir praktisert. Mitt
tilleggsspørsmål til ministeren blir da: Vil departementet gå ut med klare
retningslinjer til kommunene om å tilstrebe å bruke lærere med faglige
kvalifikasjoner i de ulike fag i grunnskolen?
Statsråd Jon Lilletun:
Ja, det kan eg
stadfeste. Det er akkurat det som låg i det eg siterte frå denne meldinga,
og det vil vi sjølvsagt fylgje opp, nemleg at skuleeigar må syte for at
lærarkollegiets kompetanse er slik samansett at dei faglege og pedagogiske
oppgåvene vert tekne vare på på den beste måten. I dei fleste skulane er
det eit samansett lærarkorps, og kommune og skuleeigar har ansvar for å få
ei samansetjing som gjev grunnlag for god undervisning i alle fag.
Det er nok ikkje berre engelskfaget
som er i denne situasjonen. Eg kunne nemne ein del andre fag der
skuleeigaren er nøydd til å ta det same omsynet. Ein har heile tida ein
balansesituasjon i forhold til kor mykje ein kan styre det obligatoriske, og
den suppleringa ein må ha frå faglærarane.
Eg vil til slutt seie at departementet
ser at fleire lærarar no vel engelskfaget i si utdanning. Etterutdanninga
vil lyfte kompetansen til mange av dei lærarane som allereie er
ferdigutdanna. På sikt trur eg dette vil gje skuleeigar eit godt
kvalifisert personale til å gjennomføre engelskundervisning for alle
elevane.