Stortinget - Møte onsdag den 11. mars 1998

Dato: 11.03.1998

Tilbake til spørjetimen

Spørsmål 24

Fridtjof Frank Gundersen (Frp): Jeg vil stille følgende spørsmål til ministeren for kirke, utdannelse og forskning:

Universitetet i Oslo har med hjemmel i § 40 i universitetsloven besluttet at privatister skal betale opptil 1.760 kroner for å avlegge eksamen. Det dreier seg om personer som, til tross for at de ikke er opptatt som studenter, har hatt initiativ til å skaffe seg de fornødne kunnskaper.

Synes statsråden det er rimelig å belønne et slikt initiativ med en slik eksamensavgift i tillegg til semesteravgiften, og vil statsråden foreta seg noe i sakens anledning?

Statsråd Jon Lilletun: Før lova om universitet og høgskular vart sett i verk, var det fritt tilgjenge til eksamen berre ved universiteta og dei vitskaplege høgskulane. Dette skapte ein marknad for private undervisningsinstitusjonar som tilbyr eksamensretta undervisning. Desse tilboda er baserte på at studentane kan ta eksamen som privatistar ved ein statleg institusjon. I einskilde studium førte dette til eit urimeleg stort press på eksamensavviklinga, både praktisk og økonomisk.

Med lova om universitet og høgskular vedtok Stortinget at ordninga med fritt tilgjenge til eksamen skulle utvidast til òg å gjelde alle dei statlege høgskulane. Utvidinga hadde som føresetnad at institusjonen kunne krevje vederlag frå privatistar for å dekkje meirutgifter til eksamensavvikling. For å sikre at institusjonane ikkje tar betalt for meir enn dei reelle meirutgiftene, er det i lova innført ei ordning med at vedtak om vederlag kan leggjast fram for departementet for godkjenning. Departementet arbeider òg med ei forskrift om vederlag for eksamenskandidatar som ikkje er tekne opp ved institusjonane, for å fremje likebehandling og sikre at vederlaget ikkje overstig meirutgiftene.

Sidan saka ikkje er teken opp med departementet, legg eg til grunn at vedtaket er innanfor ramma av lova. Departementet tek då vedtaket til etterretning. Eg vil gjerne leggje til: Dersom institusjonane ikkje tek privatistvederlag, vil alternativet vere at dei dekkjer kostnadene over eige budsjett. Fleire institusjonar som har få privatistar, har ikkje fastsett privatistvederlag. For institusjonar med mange privatistar vil kostnadene vere for store til at dei kan dekkje utgiftene utan at det i for stor grad vil gå ut over eigne ordinære studentar. Eg trur derfor eksamensvederlag for privatistar er ein føresetnad om ein ynskjer å halde på høvet til å gå opp til eksamen utan å vere teken opp som student. Og eg meiner at høvet til å få prøvd kunnskapane sine veg tyngre enn behovet for gratis tilgjenge til eksamen.

Fridtjof Frank Gundersen (Frp): Jeg takker statsråden for svaret, som virker som om det skulle være skrevet av Universitetet. Jeg trodde faktisk at man i en regjering hadde plikt til å se tingene litt utenfor et snevert universitetsperspektiv, og det vesentlige er jo her at det dreier seg om studenter som overhodet ikke har belastet Universitetet økonomisk når det gjelder å tilegne seg sine kunnskaper.

Jeg går ut fra at statsråden er enig med meg i at det er veldig nyttig og positivt at folk rundt omkring i landet skaffer seg kunnskaper på egen hånd ved å kjøpe bøker og ved på annen måte å tilegne seg kunnskaper. At dette skal resultere i at de skal betale mer enn studenter som har belastet universitetsinstitusjonen, når de skal opp til eksamen, synes jeg er smålig, og det er et galt signal.

Statsråd Jon Lilletun: Fyrst vil eg slå fast at representanten Fridtjof Frank Gundersen og eg er heilt einige om at det er positivt å skaffe seg kunnskap. Men eg må nok peike på at det er ikkje slik at privatistar ikkje belastar Universitetet utover eksamen. Ein svært stor del av privatistane, m.a i Oslo, utnyttar nok både forelesingane og fasilitetane i stor grad, så derfor vil nok ikkje det samsvare med det verkelege livet.

Stortinget har nesten einstemmig vedteke at dei utgiftene ein institusjon har med avviklinga av eksamen, skal ein kunne dekkje inn ved ei avgift. Det må departementet sjølvsagt halde seg til.

I det forskriftsarbeidet som no pågår, vil eg syte for at det vert klare vedtekter om at ein ikkje kan ta meir i betaling enn det som det reelt sett kostar. Ein del stader har det vore mistanke om at ein òg har ei ekstra inntekt på det. Men Stortinget har vedteke prinsippa, og dei forvaltar departementet.