Stortinget - Møte onsdag den 18. mars 1998

Dato: 18.03.1998

Tilbake til spørjetimen

Spørsmål 20

André Kvakkestad (Frp): Jeg tillater meg å stille følgende spørsmål til kirke-, utdannings- og forskningsministeren:

Statstilskuddsordningen i skolefritidsordningen for barn i skolefritidsordningen (SFO) medfører at Ski kommune vil fjerne tilbudet om todagersopphold i SFO. Dette er et tilbud som mange familier ut ifra blant annet ønsket om størst mulig samvær med sine barn finner mest hensiktsmessig. Kommunen ønsker at foreldrene enten tar et tredagerstilbud for å få mer statstilskudd, eller at foreldrene ikke benytter tilbudet.

Mener statsråden at dette er en heldig konsekvens av tilskuddsreglene, og vil han foreta seg noe i saken?

Statsråd Jon Lilletun: Det statlege tilskottet til skulefritidsordninga vert gjeve etter ein sats pr. barn. Satsen er gradert etter opphaldstida i skulefritidsordninga. For opphaldstid frå 6 til 14 timar pr. veke er det ein låg sats, og for opphald på meir enn 14 timar pr. veke er det ein høg sats. Det vert ikkje gjeve tilskott for opphald under 6 timar pr. veke. Satsane er knytte til timetalet pr. veke, ikkje til dagtalet pr. veke. Med andre ord: Så lenge kommunen gjev eit tilbod på 6 timar eller meir pr. veke, vil kommunen få tilskot sjølv om tilbodet berre gjeld to dagar.

Grunnen til at ein har valt ei nedre grense for opphaldstid, er at statstilskottet fyrst og fremst skal kome dei familiane til gode som har eit reelt behov for tilsyn med barna sine.

Eg gjer merksam på at tilskottsordninga sjølvsagt ikkje er til hinder for at kommunane gjev tilbod om opphald i skulefritidsordninga på mindre enn 6 timar i veka. Finansiering av slike tilbod vil måtte skje gjennom foreldrebetaling og kommunale midlar.

Eg vil ikkje foreslå å endre tilskottsordninga på dette punktet. Det er viktig for meg at dei statlege midlane framleis kjem foreldre som av arbeidsmessige eller tilsvarande grunnar har behov for tilsyn med skulebarna sine, til gode.

Presidenten: Presidenten vil minne om at selv om det er anledning til to tilleggsspørsmål, så må man ikke absolutt bruke den.

André Kvakkestad (Frp): Det er slik som ministeren sier, at grensen går ved 14 timer. Det er likevel noe upraktisk å ha et tilbud på over 7 timer i skolefritidsordningen pr. dag. Det vil i utgangspunktet bety at man får en lav sats hvis man er to dager eller mindre i skolefritidsordningen. Dette omfatter 117 barn og deres foreldre. For å få statstilskudd burde det kanskje være et krav at kommunen også kunne gi et todagerstilbud.

Ellers vil jeg bare nevne at det under behandlingen i Ski kommune ble nevnt at barn ikke hadde godt av mindre enn tre dager i skolefritidsordningen. Hvordan stiller ministeren seg til dette?

Statsråd Jon Lilletun: Der vil nok statsråden til det siste seie at det synest å vere ein noe merkverdig påstand. Grunnen til at denne regjeringa støttar skulefritidsordninga, gir statstilskot og kjem til å kome med eit lovframlegg om skulefritidsordninga, er at dei foreldra som treng tilsyn, skal få høve til å få tilsyn. Det vart spesielt aktualisert etter Reform 97, der 6-åringane som tidlegare hadde hatt barnehageplass, no kom inn i skulen. Det er eit frivillig tilbod, og skal framleis vere eit frivillig tilbod.

Det som representanten Kvakkestad nemnde om uheldige avgrensingar frå kommunen sin side, kan ein kanskje kome tilbake til når ein skal behandle lovframlegget om skulefritidsordninga, som vil kome på eit seinare tidspunkt.

André Kvakkestad (Frp): Jeg merker med stor interesse at statsråden vil kunne komme tilbake til spørsmålet om fleksible ordninger ved en senere anledning, men jeg ville jo ønsket at man kunne pålegge kommunene, eller i hvert fall henstille til dem, å ha en mest mulig fleksibel ordning når man nå engang får statstilskudd for skolefritidsordningen.

Statsråd Jon Lilletun: Som eg sa i mitt fyrste svar, vil eg ikkje tilrå endringar i tilskotsordninga. Dersom ein likevel legg opp til ordninga i kommunane, som opplagt er på tvers av intensjonen ein hadde då ein innførte tilskotet, kan det vere at ein må sjå på det. Då vil det naturlege tidspunktet vere når ein legg fram denne proposisjonen, som då vil kome i løpet av ein månad.