Stortinget - Møte onsdag den 18. mars 1998

Dato: 18.03.1998

Tilbake til spørjetimen

Spørsmål 27

John I Alvheim (Frp): Jeg skal få stille den ærede sosialminister følgende spørsmål:

En 100 % pleietrengende kvinne har et kommunalt botilbud i det kommunen kaller bofellesskap. Kvinnen mottok tidligere ingen trygdeytelser, og kunne ikke dekke sine utgifter. Hennes ektefelle fant det ikke rimelig at han skulle dekke utgiftene, og hevdet at dette var et institusjonstilbud som måtte gis vederlagsfritt. Kommunen forlangte at ektefellen skulle betale for maten hustruen fikk.

Er det riktig at kommunen skal kunne kreve betaling fra ektefelle for et helt nødvendig heldøgns omsorgstilbud?

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa: Innanfor pleie- og omsorgstenestene i kommunane er det to ordningar for eigenbetaling. Ved opphald i institusjon dekkjer betalinga både tenestene og utgifter til kost og butilbod. For personar som bur i sin eigen heim, i bufellesskap eller liknande, er betalinga frå kommunen mindre omfattande og gjeld berre dei tenestene dei mottar. I tillegg må den pleietrengande sjølv bera eigne utgifter til mat og bustad. Eigenbetaling for opphald i institusjon og for tenester i heimen kan berre krevjast av den pleietrengande sjølv.

I eit eksempel som samsvarar med det stortingsrepresentant Alvheim her tar utgangspunkt i, fekk ei kvinne eit bustad- og tenestetilbod i eit bufellesskap organisert i open omsorg. Fylkesmann og fylkeslege har akseptert at bufellesskapet ikkje er ein institusjon etter lova. Partane var så vidt eg kjenner til, nøgde med det faglege innhaldet i tilbodet.

Det som gjorde denne saka så spesiell, var at kvinna i ein kort periode ikkje hadde rett på ytingar frå folketrygda på grunn av opphald i utlandet, og difor ikkje hadde eigne inntekter til å dekkja utgiftene sine til mat og bustad m.v. Kommunen kravde ikkje eigenbetaling for tenestene. Sidan bustaden ikkje er ein institusjon, er den som bur der, sjølv ansvarleg for utgiftene til livsopphald. Etter ekteskapslova har ektefellane underhaldsplikt for kvarandre, men kommunen og fylkesmannen sine vedtak i saka førte til at kommunen tok på seg å dekkja buutgiftene til kvinna og delar av utgiftene til mat. Ho får no alderspensjon.

Som regel vil personar som mottar omfattande pleie- og omsorgstenester, ha ytingar frå folketrygda som gjer at slike problemstillingar ikkje kjem opp. I forskriftene om eigenbetaling er det tatt inn reglar som skal sikra at den pleietrengande kan ivareta sine plikter som ektefelle og eventuelt forsytar.

John I Alvheim (Frp): Jeg takker statsråden for svaret.

Jeg har tatt opp dette spørsmålet først og fremst av prinsipielle grunner. Jeg er redd for at dette er noe som skjer flere steder i landet, at kommunene nå omdefinerer sine omsorgstilbud til pleietrengende eldre ved å gi botilbudet en annen benevnelse enn « sykehjem » eller « omsorgsbolig ». Hvis det er slik at en kommune kan velge å kalle sitt botilbud til pleietrengende eldre et « bofellesskap » og dermed slipper unna plikten til å dekke utgiftene for dem som ikke har midler til dette, og overlater til familiemedlemmer å betale for dem, er vi etter min mening på ville veier.

Vil sosialministeren sørge for at kommunene følger vederlagsforskriftenes bestemmelser, slik at det kun er klientens egen inntekt som skal legges til grunn ved beregning av vederlaget?

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa: Mitt utgangspunkt og mi erfaring er at kommunane i desse dagar er særdeles opptekne av å sikra eldre som har behov for det, nødvendig pleie og omsorg. Det tykkjer eg ikkje minst handlingsplanane som no er innleverte i samband med ei betre eldreomsorg, vitnar om.

Den beste måten å sikra at kommunane opptrer i samsvar med det som er Stortinget sin intensjon, og som representanten Alvheim ynskjer skal fylgjast opp, er å ha eit klart lovverk - klare forskrifter. Eg meiner at forskriftene er klare på dette området, og heldigvis er dette ei problemstilling som hittil svært sjeldan har dukka opp.

John I Alvheim (Frp): Jeg takker igjen for svaret fra statsråden. Det hører med til historien at kommunen i dette tilfellet i utgangspunktet også krevde betaling for tjenestene i dette bofellesskapet. Dersom det nå skulle vise seg at kommunen i dette tilfellet har avkrevd ektefellen betaling, helt eller delvis, for hustruens opphold i bofellesskapet, vil sosialministeren medvirke til at det innbetalte beløp blir tilbakebetalt pasientens ektefelle?

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa: Representanten Alvheim tar utgangspunkt i ei sak som grunnlag for eit prinsipielt spørsmål. Kanskje tar eg utgangspunkt i den same saka, kanskje er det ei liknande sak. For meg er det òg i en situasjon som denne viktig å kunna ivareta sjølve prinsippet. Eg kan naturleg nok ikkje behandla ei enkeltsak frå talarstolen i Stortinget, men eg kan seia at om det her skulle visa seg å vera ei problemstilling som gjeld utover desse to eksempla, eller det felleseksemplet vi her har, er dette eit tema som bør takast opp i den gode dialogen vi no har med kommunane i samband med oppfylginga av handlingsplanen for ei betre eldreomsorg.

Presidenten: Vi går no til spørsmål 34.