Stortinget - Møte onsdag den 18. mars 1998

Dato: 18.03.1998

Tilbake til spørjetimen

Spørsmål 22

Sigvald Oppebøen Hansen (A): Eg vil tillate meg å stille følgjande spørsmål til kyrkje-, utdannings- og forskingsministeren:

Høgskulen i Telemark, avdeling i Bø, har i fleire år hatt eit samarbeid med Noregs landbrukshøgskole om landbruksutdanning. Som ei midlertidig ordning for eitt år er dette tilbodet overflytta til skogskolen i Kongsberg.

Kan statsråden stadfeste om dette er meint å vere ei midlertidig ordning, eller er det slik å forstå at flyttinga vil bli permanent?

Statsråd Jon Lilletun: Noregs landbrukshøgskule ser det som viktig å rekruttere studentar frå alle landsdelar. For å sikre ein god tilgang på studentar frå distrikta har høgskulen inngått samarbeidsavtalar med fleire statlege høgskular og med Universitetet i Tromsø. Det fyrste studieåret fylgjer studenten undervisninga ved ein av desse studiestadene.

Ved Høgskulen i Telemark har Noregs landbrukshøgskule dei seinare åra gjeve tilbod om fyrste studieår innanfor fleire ulike studieretningar, slik representanten Oppebøen Hansen akkurat sa. For hausten 1998 har Landbrukshøgskulen vedteke at desse studietilboda skal flyttast til andre studiestader, mellom andre Alta og Kongsberg.

Departementet har vore i kontakt med Noregs landbrukshøgskule og fått opplyst at desentraliseringa av fyrste studieåret hausten 1998 ikkje er permanent, og at høgskulen vil gjere ei ny vurdering for opptak til studieåret 1999-2000.

Sigvald Oppebøen Hansen: Eg takkar statsråden for svaret.

Eg har vanskar med å forstå at Noregs landbrukshøgskule nå kuttar ut samarbeidet med Høgskulen i Telemark neste skuleår. Slik eg forstår det, er bakgrunnen for dette at talet på samarbeidspartnarar skal reduserast, som statsråden også nemnde. Men ei flytting til Kongsberg er for meg uforståeleg når Landbrukshøgskulen tidlegare har vedtatt å legge ned verksemda si på Kongsberg på grunn av mangel på fagmiljø, som er deira grunngjeving.

Er det slik at det er den politiske motstanden i Buskerud som er årsaka til at departementet nå har engasjert seg i saka? Eller er det ei reint fagleg grunngjeving for flyttinga?

Landbrukshøgskulen har altså hatt eit godt samarbeid med Høgskulen i Telemark i ein tiårsperiode. Dette blir stadfesta av direktør Kjell Aksnes ved Noregs landbrukshøgskule i avisa Varden den 13. mars 1998. Aksnes uttalar vidare at han seier seg lei for at avdelinga i Bø har ramla ut i denne omgangen. Når vil departementet ta ei endeleg avgjerd i saka?

Statsråd Jon Lilletun: Som representanten Oppebøen Hansen er kjend med, er det stor fagleg autonomi ved dei vitskaplege høgskulane, som Landbrukshøgskulen på Ås er ein av. Det er ikkje vanleg at departementet overprøver dei samarbeidsavtalane som dei har funne nødvendige å ha ut frå rekrutteringssituasjonen. Det har vi heller ikkje gjort i dette tilfellet. Vi har teke til etterretning samarbeidsavtalane, med blant andre Kongsberg og Alta, slik eg nemnde. Det vil kunne verte aktuelt dersom det er snakk om å redusere talet på samarbeidspartnarar ytterlegare. Og vidare: Når det gjeld endeleg fastsetjing av meir permanente samarbeidsavtalar, vil det kunne verte aktuelt for departementet å gå inn og bruke styringsretten sin. Det vil i så fall vere i høve til neste studieår, men eg har ikkje nok opplysningar pr. dato på kor langt den saka er komen.

Sigvald Oppebøen Hansen (A): Eg takkar statsråden nok ein gong for svaret.

Nå er det slik at det å flytte eit tilbod kostar pengar, særleg om ein flyttar det til ein stad der det ikkje er fagmiljø for den utdanninga som skal gjevast. Men det som er viktig å få avklart, er om statsråden nå kan stadfeste at det er Noregs landbrukshøgskule som skal ta den endelege avgjerda om kvar dei skal ha sitt desentraliserte tilbod. Eller er det slik at den avgjerda blir tatt i samarbeid med departementet? Det trur eg det er veldig viktig å få ei avklaring på, for eg oppfattar det slik at Landbrukshøgskulen i denne samanhengen uttaler at det er departementet som skal ta den endelege avgjerda. Og dei forventar at avgjerda skal bli tatt før sommarferien. Når dei uttalar seg slik til media, trur eg bakgrunnen er at dei oppfattar det som at det er departementet som skal ta den endelege avgjerda.

Statsråd Jon Lilletun: Når det gjeld Oppebøen Hansen sin analyse av kvar fagtilbodet er sterkt eller ikkje, har eg ikkje grunnlag for å gå inn på det no. Vi har fylgt rådet frå det som er den fremste høgskulen innanfor landbruksnæringa, og teke deira avgjerd om samarbeidsavtale til etterretning. Då vi oppfatta at det no er snakk om ein grundigare gjennomgang, og at det har vorte ein del usemje i distrikta i forhold til desse samarbeidsavtalane, finn eg det naturleg at departementet ber om å få denne saka til avgjerd i departementet, som sjølvsagt har det endelege myndet til å avgjere saka. Situasjonen no gjer at det er eit ansvar vi må ta og skjere gjennom i forhold til det. Eg vil òg stadfeste at det sjølvsagt må skje før sommarferien.