Stortinget - Møte onsdag den 18. mars 1998

Dato: 18.03.1998

Tilbake til spørjetimen

Spørsmål 21

Petter Løvik (H): Eg tillet meg å stille følgjande spørsmål til kirke-, utdannings- og forskingsministeren:

Kva er årsaka til at 20 elevar i andre studieåret ved Norsk Musikkteater & Ballettakademi er innvilga statsstøtte først frå skuleåret 1998-99, medan støtta til dei andre 70 elevane er gitt frå og med studieåret 1997-98?

Statsråd Jon Lilletun: Norsk Musikkteater & Ballettakademi fekk i vedtak datert 17. april 1997 godkjenning med rett til tilskot for fyrste og andre årstrinn på ballettlinja, og for eitt årstrinn på musikkteaterlinja. Skulen fekk godkjenning for 70 elevar, fordelte på dei tre årstrinna.

Skulen fekk godkjent andre årskurs ved musikkteaterlinja i vedtak datert 12. januar 1998, med rett til statstilskot frå 1998-99.

Eg viser elles til at skulen har klaga over vedtaket når det gjeld tidspunktet for utbetaling av tilskotet, og saka er såleis til behandling i departementet. Eg ynskjer av den grunn ikkje å kommentere den delen nærare no før vi er ferdige med den saksbehandlinga, men grunnen til ulikskapen er at andre året ved musikkteaterdelen ikkje vart godkjent av den forrige regjeringa, men vart godkjent no, så seint som 12. januar dette året.

Petter Løvik (H): Eg takkar statsråden for svaret. Det er vel forhistoria og heile gangen i denne saka som gjer at eg har reist dette spørsmålet. Dei 90 studentane er i gang med studiet, og skulen er i ein vanskeleg situasjon. Men eg aksepterer sjølvsagt det som statsråden seier om at her er ei klagesak på gang.

Tidlegare i dag vart det kommentert frå denne talerstolen at Lilletun sitt departement generelt ikkje er av dei raskaste og mest kundevennlege. Eg håpar og trur at Lilletun vil gjere sitt beste for å rette på desse litt dårlege tradisjonane. Eg har òg eit visst inntrykk av at saker som gjeld privatskular, er spesielt utsette for sein behandling.

Meiner statsråden at saksbehandlingstida i departementet i privatskulesaker er akseptabel? Dersom svaret er nei eller tja, kva vil statsråden gjere for å rette på dette?

Statsråd Jon Lilletun: Det er heilt opplagt at denne statsråden tidlegare har kritisert saksbehandlingstida og saksbehandlingsmåten i Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet i forhold til privatskulane. Det var det òg grunn til. Departementet tok dette ad notam og sette ned eit utval, Høybråten-utvalet, til å gjennomgå privatskulefeltet. Dei hadde ei innstilling, og Stortinget bad om at den skulle kome som stortingsmelding til Stortinget når vi hadde fremja budsjettet. Det kjem til å skje i løpet av våren.

Eg trur at vi med denne innstillinga og med dei nye rutinane som ein har innført i forhold til behandlinga av privatskulesaker, skal kunne vedkjenne oss måten vi behandlar desse sakene på. Eg skal derfor gjere mitt beste. Eg kan ikkje love å seie ja alltid, men eg lover at det skal verte ei ryddig behandling, så langt det strekk til.