Rolf Reikvam (SV):
Jeg vil gjerne
stille følgende spørsmål til kirke-, utdannings- og forskningsministeren:
Departementet har nå fordelt de nye
studieplassene innen sykepleie. Til knapt 200 nye plasser var det tilbud om
ca 500 plasser ved statlige og private høgskoler. Dette viser at det finnes
ledig kapasitet ved flere høgskoler. Sykepleiermangelen er stor, og det
importeres nå sykepleiere fra land som sikkert har behov for disse sjøl.
Vil statsråden i en egen sak eller i
forbindelse med revidert nasjonalbudsjett ta initiativ til å opprette flere
plasser slik at kapasiteten kan utnyttes?
Statsråd Jon Lilletun:
Som eg sa i
svaret på spørsmålet frå representanten Oppebøen Hansen, har departementet
etter påske tildelt nye studieplassar til grunnutdanning sjukepleie, slik at
opptakskapasiteten hausten 1998 blir auka med 250 plassar i forhold til
kapasiteten i dag.
Eg er samd med representanten Reikvam
i at mangelen på sjukepleiarar er stor. Høgskulane viser gjennom søknadene
sine at dei har kapasitet til å auke opptaket. Med bakgrunn i tildelte
økonomiske rammer har departementet likevel ikkje funne rom for å imøtekome
meir enn 60 % av søknadene. Eg har i svaret mitt til representanten Oppebøen
Hansen gjort greie for kva departementet har vektlagt tyngst ved tildelinga.
Tilgangen på kvalitativt gode
praksisplassar er ein flaskehals i samband med opptrapping av
opptakskapasiteten. Det gjeld særleg praksis på medisinske og kirurgiske
avdelingar i sjukehus. Med dei mange desentraliserte opplegga som vi no har
gjeve klarsignal til, vil det vere uproblematisk å skaffe praksisplassar i
primærhelsetenesta ute i kommunane. På den andre sida vil konkurransen
mellom dei viktige praksisplassane ved sjukehusa verte skjerpa. Mangelen på
slike praksisplassar må m.a sjåast i samanheng med dei endringane som har
skjedd ved sjukehusa dei seinare åra, med kortare liggjetid og færre
sengepostar.
Departementet har sett ned eit utval
som skal sjå på ulike sider av sjukepleiarutdanninga, m.a
praksisplassproblematikken. Utvalet vil òg vurdere om det lar seg gjere å
auke opptaket ytterlegare utan at dette går ut over kvaliteten på
utdanninga. Bruk av fjernundervisning må inngå i slike vurderingar.
Utvalet sine konklusjonar vil vere viktige for val av framtidige strategiar
for å sikre ei betre rekruttering til sjukepleiaryrket. Det vil vere behov
for tett dialog mellom mitt departementet og Helsedepartementet om desse
spørsmåla.
Eg kan elles leggje til at vi utanom
den særskilde søknadsrunden har fått førespurnad frå to høgskular om
etablering av grunnutdanning i sjukepleie som oppdragsundervisning med
fullfinansiering frå kommunar. Departementet vil vurdere nærare dei
prinsipielle sidene ved slike opplegg, men reknar med at avgjerd vil liggje
føre så vidt tidleg at dei eventuelt kan vere aktuelle alt frå i haust.
Utover dette vil eg - som eg òg gjorde
i svaret på spørsmålet fra representanten Oppebøen Hansen - vise til nærare
omtale av desse spørsmåla i den kommande dimensjoneringsmeldinga. Den vil
kome i samanheng med dei reformene som Helsedepartementet no legg fram, slik
at vi kan sjå det framtidige behovet i ein større samanheng.
Rolf Reikvam (SV):
Jeg takker for
svaret. Jeg hadde ikke ventet at statsråden skulle lekke fra behandlingen
av revidert nasjonalbudsjett. Han gjorde dette med praksisplasser til et
hovedproblem. Jeg oppfatter i allfall svaret dit hen at det på mange måter
er et hovedproblem å skaffe nok praksisplasser. Så avsluttet han med å si
at en vurderer å opprette flere plasser ved at kommuner kjøper
sykepleierplasser. Det betyr at det ikke er praksisplassene som er
problemet, men de økonomiske rammene. Det må bli konklusjonen på svaret fra
statsråden.
Da blir mitt spørsmål: Mener
statsråden at det vil være behov for å utdanne flere sykepleiere enn det som
det er bevilget for innenfor nåværende rammer? Det er et rimelig konkret og
greit spørsmål som jeg håper statsråden kan svare rimelig konkret på, for
det vil ha betydning for hvilken stilling Stortinget skal ta til det å øke
antallet studieplasser, eventuelt i forbindelse med behandlingen av revidert
nasjonalbudsjett.
Statsråd Jon Lilletun:
Eg skal vere
kort og klar: Svaret er ja.
Rolf Reikvam (SV):
Jeg er nødt til å
følge opp igjen når statsråden svarer så enkelt - at det er et behov. Han
brukte praksisplasser som argument for at det kanskje ikke var mulig å få
det til, men at et utvalg skulle se nærmere på det.
Da er jeg nødt til å gjenta mitt
hovedspørsmål: Kan vi regne med at statsråden - i og med at han sier klart
at her er det et behov - vil komme tilbake til Stortinget ganske snart med
forslag om flere plasser?
Statsråd Jon Lilletun:
Eg prøvde i
mitt hovudsvar å gje ei brei omtale av problemet i høve til praksisplassar
når det gjeld den opptrappinga som er naudsynt i samband med
dimensjoneringsmeldinga som vil kome. Det vil heilt klart verte eit
hovudproblem å skaffe desse praksisplassane, men samstundes viser søknadene
som låg føre til den runden vi no hadde, at det er ein del kapasitet
allereie utover det som låg i årets statsbudsjett.
Når det gjeld revidert
nasjonalbudsjett, vil ikkje statsråden kommentere det på dette tidspunktet,
men i høve til spørsmålet og tilleggsspørsmåla trur eg at representanten
Reikvam har fått rimeleg klare svar.