Stortinget - Møte onsdag den 29. april 1998

Dato: 29.04.1998

Tilbake til spørjetimen

Spørsmål 14

Anneliese Dørum (A): Jeg vil få stille følgende spørsmål til kirke-, utdannings- og forskningsministeren:

Når vil kirke-, utdannings- og forskningsministeren rydde opp i forholdene omkring Kautokeino menighet, slik han har bebudet?

Statsråd Jon Lilletun: Saka som vedgår tilhøva i Kautokeino kyrkjelyd, er ei vond og vanskeleg sak. Den må òg til ein viss grad verte sett i samanheng med andre saker som har sitt utspring i det såkalla Strandebarm prosti.

Eg gav den 7. november 1997 soknepresten i Kautokeino, Olav Berg Lyngmo, saman med ein del andre prestar, ei åtvaring. I veka fram mot 8. mars var biskop Steinholt på visitas i Kautokeino. Eg har hatt eit møte med biskopen om dette. Det ligg òg føre rapport frå biskopen om visitasen og sokneprestens åtferd i høve visitasen. Eg har motteke førespurnad om møtet frå soknerådet i Kautokeino. Som kjent stør fleirtalet her soknepresten.

Eg hadde i går, den 28. april, møte med fleirtalet og mindretalet i soknerådet samt med ein representant for dei andre tilsette i kyrkjelyden, som har svært vanskelege arbeidstilhøve i den noverande situasjonen.

Eg ventar no på ein rapport frå biskop Ola Steinholt om soknepresten i Gamvik som også må sjåast i samband med situasjonen i Kautokeino og åtvaringa frå meg.

Eg vil arbeide så raskt som mogleg med desse sakene, men òg så grundig som det er turvande.

Då delar av saka er ei personalsak, finn eg det ikkje rett å gå nærare inn på enkeltdetaljar på dette tidspunktet.

Anneliese Dørum (A): Jeg takker statsråden for svaret.

For folk flest synes det uforståelig at presten i Kautokeino skal få lov til å dele et lokalsamfunn, ødelegge en hel menighet og arbeidsmiljøet til de ansatte i Kirken bare fordi han ikke aksepterer at biskopen hans anerkjenner folk som er homofile.

Jeg hørte statsråden i Redaksjon 21 i går, og det kan virke som statsråden har stor forståelse for sokneprestens handlemåte. Betyr dette at statsråden ikke vil følge Kirkens råd i denne saken?

Statsråd Jon Lilletun: Når det gjeld programmet som representanten Dørum synte til, har eg fått andre reaksjonar tidlegare i dag der det vart sagt at eg i altfor stor grad la opp til ein kritikk av sokneprestens handlemåte og ikkje det motsette, så det kan tydeleg sjåast på to forskjellige vis.

Dessverre er det ikkje slik at denne saka er løyst om det skulle verte ei avskjedssak, for store delar av kyrkjelyden vil opplagt òg, slik fleirtalet i soknerådet seier, på ein måte fylgje med i ein slik situasjon, og kløyvinga vil nok i stor grad verte halden ved lag. På direkte spørsmål frå representanten Dørum om eg vil høyre på Kyrkjas råd, er det heilt klart at eg i sterk grad vil høyre på Kyrkjas råd, men eg er samstundes nøydd til å behandle denne saka ansvarleg. Det er eg i ferd med. Og eg skal love representanten Dørum at her skal det ikkje brukast meir tid enn strengt turvande.

Anneliese Dørum (A): Så vidt jeg vet, har ti av landets elleve biskoper anbefalt at det reises avskjedssak mot presten, og det samme gjør så vidt jeg vet, også Kirkens arbeidsgiverforening. I forbindelse med den såkalte bispevigslingen av Børre Knudsen gav statsråden selv beskjed om at nye aksjoner ville føre til at det ble reist avskjedssak. Så statsråden har tidligere markert at han er opptatt av å følge Kirkens råd. Jeg forstår det da slik at han også nå vil følge Kirkens råd i denne saken, men jeg fikk ikke svar på spørsmålet mitt om statsråden har forståelse for sogneprestens handlemåte.

Statsråd Jon Lilletun: Det eg har sagt, er at soknepresten skal ha ein sjølvsagd rett til å kritisere både sin biskop og statsråden og forkynne slik som han finn er i samsvar med Kyrkja si lære. Men når det gjeld det å etablere ei kyrkje innafor Kyrkja, slik som han har vore med på, finn ikkje statsråden det akseptabelt. Så her må ein skilje mellom meiningsfridom for presten og det å etablere ein alternativ kyrkjeleg struktur innafor Kyrkja.

Eg prøvde å seie at desse sakene må sjåast i samanheng, og no ventar vi altså på ein rapport i forhold til ein av dei andre prestane som har fått same typen åtvaring. Det er faktisk slik at vi må saksbehandle dette ferdig, og som kjent hadde eg så seint som i går møte for ytterlegare å gå inn i djupna i saka. Dessverre vert ho vondare og vanskelegare desto djupare ein går inn i ho. Men eg gjentek ein gong til: Det skal ikkje gå lengre tid enn høgst turvande.